Finanstilsynet følgjer opp lovfesta forbrukaransvar – fleire viktige saker i 2012
Nyheter
Publisert: 12. mars 2013
Sist endret: 30. august 2018
Årsmelding
Forbrukarvern er eit grunnleggjande omsyn innafor heile tilsynsverksemda. Finanstilsynet legg særleg vekt på at tilbydarane av finansielle tenester og produkt oppfyller krava til god kunderådgjeving, som sikrar at kundane forstår risikoen i dei produkta som blir tilbodne og at rådgjevinga tek vare på behova til den einskilde kunden på ein god måte. Med kompleksiteten i finansmarknaden, og med mange nye produkt som blir marknadsførte, blir forbrukarretta spørsmål stadig viktigare.
For å rettleie brukarane av finansielle tenester publiserte Finanstilsynet i 2012 eigne sider med forbrukarinformasjon.
Oversikt over dei viktigaste forbrukarrelaterte enkeltsakene som vart behandla i 2012
Retningslinjer for bustadlån
Finanstilsynets retningslinjer for forsvarleg utlånspraksis for bustadlån skal både bidra til solide bankar og finansiell stabilitet, og til å redusere risikoen for at låntakarar får ei gjeld dei ikkje
klarer å betene. Retningslinjene blir følgde opp gjennom ei eiga bustadlånsundersøking, tematilsyn
og ordinære stadlege tilsyn.
Investeringsrådgjeving og god forretningsskikk
Finanstilsynet har inndrege løyvet til å drive verksemd for verdipapirføretaka Terra Markets AS og Acta Asset Management AS på grunn av uforsvarleg investeringsrådgjeving. Vedtaka er klaga inn for Finansdepartementet. Vedtaka blir ikkje sette i verk før klagane er ferdig behandla.
Nye reglar om bodgjeving ved bustadkjøp
Finanstilsynet har foreslått nye reglar for å gjennomføre bodgjevinga ved bustadkjøp. Det er foreslått at alle bod, atterhald, avslag og akseptar skal vere skriftlege. Dei som deltek i bodgjevinga,
må identifisere seg overfor meklaren når dei gjev det første bodet. Finanstilsynet meiner at forslaget vil gje ein sikrare bodgjevingssprosess som styrkjer tilliten forbrukarkjøparen har til at bustadkjøpet er basert på påliteleg informasjon.
Forbod mot produktpakkar
Ein finansinstitusjon kan ikkje tilby ei teneste på vilkår av at kunden samtidig skaffar seg ei anna teneste, og han kan heller ikkje gje særleg gunstige vilkår på vilkår av at kunden samtidig kjøper fleire tenester. Forbodet gjeld ikkje dersom det kan dokumenterast kostnadsinnsparingar. Den
enkelte finansinstitusjonen må dokumentere slike kostnadsinnsparingar. Finanstilsynet bad 25
bankar vurdere om produktpakkane deira var i samsvar med forskrifta. Finanstilsynet gjekk gjennom utgreiingane frå bankene og konkluderte med at dei ikkje hadde dokumentert og omtala kostnadsinnsparingar knytte til produktpakkar i tilstrekkeleg grad. Dei fleste bankane stoppa eller endra produktpakkane etter at Finanstilsynet tok kontakt. Tilsynet fatta vedtak om stans av marknadsføringa og salet av produktpakkar overfor seks bankar. To av bankane påklaga vedtaket.
Mobiloperatørar – forholdet til finansavtalelova
Mobiloperatørføretaka tilbyr tenester som i nokre tilfelle krev konsesjon etter regelverket i finansavtalelova. Det er berre dei konsesjonspliktige tenestene som gjev kundane vern etter lova. På førespurnad frå Forbrukarombodet har Finanstilsynet gjeve ein klarare definisjon av konsesjonsgrensa. Mange fleire av tenestene som tidlegare kunne fakturerast via telefonrekninga, kan operatøren no berre tilby dersom han først får konsesjon som betalingsføretak eller e-pengeføretak.
Informasjon og rådgjeving frå livsforsikringsselskapa ved sal av spareprodukt
Finanstilsynet har gjennomført ei dokumentbasert kartlegging av sal av individuelle livsforsikringsprodukt med investeringsval der kunden tek investeringsavgjerdene, inkludert
kapitalforsikring, livrente- og pensjonsforsikring og individuell pensjonssparing. Hovudinntrykket
er at livsforsikringsselskapa sørgjer for informasjon og rådgjeving før sal, men at informasjon om
kostnader og historisk avkasting kan forbetrast.
Betalingsføretak – konsesjonsinndraging
Finanstilsynet har undersøkt om betalingsføretaka rettar seg etter konsesjonsvilkåra til Finanstilsynet. Betalingsføretak driv med pengeoverføringar for kundar, hovudsakleg til land i den tredje verda. Etter gjennomgangen vart fire løyve kalla tilbake på grunn av manglande rapportering til Finanstilsynet og brot på plikta til å ha revisor.
Sikring av betalingstenester og nye betalingsløysingar
Finanstilsynet legg vekt på aktørane sitt arbeid med å sikre betalingstenestene mot kriminalitet. Angrepa mot nettbankløysingane auka i 2012, men tapa til bankane som følgje av kriminelle angrep er framleis avgrensa. Det blir lagt vekt på at aktørane sikrar at nye betalingsprodukt som smarttelefonar og kort med kortrekkjande kommunikasjon (NFC) er sikre for brukarane i
betalingssituasjonar.
Fagkontakt
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.