Gode resultat i bankane for tredje kvartal 2013
Nyheter
Publisert: 26. november 2013
Sist endret: 27. august 2018
Resultatrapport
Norske bankar (bankkonsern) oppnådde eit samla resultat etter skatt på nær 24 milliardar kroner etter tre kvartal, som er ein auke på 3 milliardar kroner frå same periode i 2012. Dette gav ei eigenkapitalavkasting på 12 prosent (annualisert). For tredje kvartal isolert var eigenkapitalavkastinga 14 prosent (annualisert). Det var særleg auken i netto renteinntekter i andre og tredje kvartal som bidrog til resultatbetringa, etter at mange bankar auka utlånsrentene i første halvår. Øvrige driftsinntekter var òg høgare enn eitt år tidlegare, som følgje av auka netto provisjonsinntekter og positive verdiendringar på finansielle instrument. Driftskostnadene til bankane auka mindre enn driftsinntektene, slik at kostnads-/inntektsforholdet blei betra, frå 53 til 51 prosent. Tap på utlån etter tre kvartal var noko høgare enn for eitt år sidan, men utgjorde likevel berre 0,22 prosent av samla utlån. Misleghaldne lån auka med 13 prosent, som målt i forhold til utlån tilsvarte 1,7 prosent.
Bankane sine kundeutlån auka med 3 prosent siste år. Utlånsveksten til personkundar er fortsatt høg,med ein vekst på nær 8 prosent. Bankane sine utlån til bedrifter har falle med nær 3 prosent siste år, særleg som følgje av reduksjon i utlån til utanlandske kundar. Det har vore nullvekst i utlån til innanlandske bedrifter siste år. Kundeinnskota vokste med nær 8 prosent siste år, og førte til auka innskotsdekning. Bankane har hatt god tilgang til marknadsfinansiering i tredje kvartal, og risikopåslaga på seniorobligasjonar og obligasjonar med fortrinnsrett har vore stabile.
Den reine kjernekapitaldekninga for bankane samla sett var 11,1 prosent ved utgangen av tredje kvartal, ein auke på eitt prosentpoeng siste år. Bankane har auka kjernekapitaldekninga i hovudsak gjennom å halde tilbake overskot. Rein kjernekapital i forhold til forvaltningskapital (ikkje risikovekta) var 5,9 prosent, etter ein auke siste år på eit halvt prosentpoeng.
Godt resultat i livsforsikringsselskapa
Livsforsikringsselskapa hadde noko betre resultat i dei tre første kvartala i 2013 enn i same periode i fjor. Bokført avkastning på kundemiddel med årleg rentegaranti var 3,1 prosent (ikkje annualisert), mot 3,4 prosent i same periode i fjor. Oppgang i aksjemarknadene bidrog til verdiauke i aksjeporteføljen, men verdien på finansielle eigedelar totalt auka noko mindre enn i same periode i fjor. Samla sett førte det til at verdijustert avkastning òg blei redusert, frå 4,9 prosent (ikkje annualisert) til 4,1 prosent. Om lag 4 milliardar kroner av avkastningsoverskotet blei brukt til foreløpig oppreservering for auka levealder.
Bufferkapitalen til livsforsikringsselskapa blei styrka med 17 milliardar kroner frå årsskiftet og fram til utgangen av september. Positivt delårsresultat og betydeleg auka kursreguleringsfond bidrog til dette. Ved utgangen av tredje kvartal 2013 utgjorde bufferkapitalen 9 prosent av forsikringsforpliktingane.
Skadeforsikringsselskapa fekk eit svakare resultat i dei tre første kvartala i 2013, enn i med same periode i 2012. Resultatet frå forsikringsdrifta var noko betre enn i fjor, men svakare finansinntekter gav nedgang i resultatet.
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.