Høg aktivitet innan investeringstenester i bankane i 2016
Nyheter
Publisert: 24. mars 2017
Sist endret: 29. august 2018
Verdipapirverksemda i bankane hadde samla inntekter frå investeringstenester på 9 109 millionar kroner i 2016. Dette er 1 989 millionar kroner (28 prosent) meir enn i året før. Berre eitt år tidlegare, i 2010, har desse inntektene vore høgare (nominelt).
Talgrunnlag
Dei norske filialane av utanlandske verdipapirføretak, som òg er dominerte av bankar, hadde samla inntekter frå verksemd med investeringstenester på 3 224 millionar kroner i 2016. Dette er 680 millionar kroner (27 prosent) meir enn i 2015.
I 2016 utgjorde driftsinntektene i verdipapirføretak som ikkje er integrerte i bankar, 5 725 millionar kroner. Dette er 124 millionar kroner (2 prosent) mindre enn i 2015. Driftskostnadene fall likevel samtidig med 211 millionar kroner (4 prosent), slik at det samla driftsresultatet blei 87 millionar kroner (9 prosent) høgare enn i 2015.
Ved utgangen av 2016 var det 108 norske verdipapirføretak. Av desse var 25 integrerte i bankar. Tilsvarande tal eitt og to år tidlegare var 114 og 26, og 128 og 26. Hovudårsaka til nedgangen i talet dei siste to åra er at mange verdipapirføretak, etter at lova om alternative investeringsfond (AIF) trådde i kraft, har gått frå å vere verdipapirføretak til å bli AIF-forvaltarar.
Merk: Rapporteringa til Finanstilsynet inneheld ikkje kostnadstal for verdipapirverksemd som er integrert i bankar og norske filialar av utanlandske verdipapirføretak.
På grunn av ny utforming av halvårsoppgåva, som tala blir henta frå f.o.m. første halvår 2016, er relevant grunnlag for samanlikning frå tidlegare år avgrensa.
Det blir nytta foreløpige tal i rapporteringa til Finanstilsynet, og det kan derfor komme korrigeringar i talgrunnlaget for pressemeldinga.
Verdipapirføretak som ikkje er integrerte i bankar
Som i 2015 var dei viktigaste inntektskjeldene for verdipapirføretak som ikkje er integrerte i bankar, corporate finance-verksemd, investeringsrådgiving og utføring av ordrar, inkludert hovudsakeleg annanhandsomsetnad av aksjar og obligasjonar.
Inntektene frå corporate finance-verksemd utgjorde 2 409 millionar kroner, som er 269 millionar kroner* (13 prosent) meir enn i 2015. Verdipapirføretaka som ikkje er integrerte i bankar, hadde med det ein del på 73 prosent av dei samla inntektene frå slik verksemd i 2016 (medrekna inntektene bankar og filialar av utanlandske verdipapirføretak hadde frå same teneste), mot 76 prosent i 2015 og 66 prosent i 2014.
Investeringsrådgiving gav inntekter på 986 millionar kroner i 2016. Finanstilsynet har ikkje direkte samanliknbare tal for 2015, men tilsynet legg til grunn at dette var tilnærma uforandra frå 2015. Med det hadde verdipapirføretak som ikkje er integrerte i bankar, ein marknadsdel på 52 prosent innan dette segmentet.
Inntektene frå utføring av ordrar, inkludert annanhandsomsetnad av aksjar og obligasjonar (tradisjonell mekling), blei 896 millionar kroner i 2016. Heller ikkje her har Finanstilsynet direkte samanliknbare tal for 2015.
Det var 1 929 tilsette i verdipapirføretak som ikkje er integrerte i bankar ved utgangen av 2016, og dette var 91 færre enn eitt år tidlegare.
* Tala er ikkje heilt samanliknbare ettersom 2016-talet òg omfattar inntekter frå tilleggstenestene corporate finance-relatert rådgiving og tenester tilknytta fulltekningsgaranti.
Verdipapirføretak som er integrerte i bankar
Bankane sine viktigaste inntektskjelder innan investeringstenesteverksemd var i 2016, som dei føregåande åra, utføring av ordrar på vegner av kundar og market making/eigenhandel. Produksjon, tilrettelegging og oppgjer av andre finansielle instrument enn eigenkapital- og gjeldsinstrument, som hovudsakeleg er rente- og valutaderivat, har fått auka betydning. I 2016 utgjorde bankane sine inntekter frå utføring av ordrar og market making 6 070 millionar kroner. Dette var 2 504 millionar kroner (70 prosent) meir enn i året før.
Det var 1 367 årsverk dedikert til investeringstenesteverksemd i bankar per 31. desember 2016. Finanstilsynet har ikkje historiske tal som er samanliknbare, ettersom mange bankar tidlegare oppgav talet på personar, og ikkje talet på årsverk, ved slik rapportering.
Filialar av utanlandske verdipapirføretak
Alle dei største norske filialane av utanlandske verdipapirføretak er integrerte i bankar. Filialane sin samansetnad av inntekter frå investeringstenester er derfor tilnærma identisk med samansetnaden av inntekter hos dei norske bankane. Dei viktigaste inntektskjeldene, utføring av ordrar på vegner av kundar og market making/eigenhandel, genererte 2 035 millionar kroner i inntekter for filialane i 2016, som er heile 770 millionar kroner (61 prosent) meir enn i 2015.
Ved utgangen av 2016 var det 640 årsverk dedikert til investeringstenesteverksemd i filialar av utanlandske verdipapirføretak, som er 55 (9 prosent) fleire enn ved inngangen til året
Fagkontakt
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.