Nina Moss ny avdelingsdirektør i Finanstilsynet
Nyheter
Publisert: 1. juli 2020
Styret i Finanstilsynet har tilsett Nina Moss (59) som avdelingsdirektør i administrasjonsavdelinga. Moss har vore senior tilsynsrådgivar og nestleiar i den same avdelinga frå 2016, og ho tiltrer stillinga 1. juli.
Relatert innhald
Nina Moss har ein cand.mag.-grad i språk frå Universitetet i Oslo og ein MBA (Hons) frå University of San Francisco. Ho har lang erfaring frå ulike stillingar i Finanstilsynet, særleg som internasjonal koordinator, men har òg arbeidd med oppgåver innanfor tilsyn, forvalting og utgreiing på bank- og forsikringsområdet. Moss har tidlegare arbeidd i EFTA-sekretariatet i Brussel og i sekretariatet for den internasjonale organisasjonen for forsikringstilsyn (IAIS) i Basel.
Nina Moss tek over stillinga etter avdelingsdirektør Gun Margareth Moy.
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.