Pressekonferanse torsdag 19. november: Bustadlånundersøkinga 2020
Nyheter
Publisert: 16. november 2020
Finanstilsynet presenterer resultata frå årets bustadlånundersøking. På grunn av smitteverntiltak blir pressekonferansen berre overført via nett-tv.
Tid: Torsdag 19. november 2020 kl. 11.00.
Fysisk frammøte er ikkje mogleg.
Du kan sjå pressekonferansen via nett-tv.
Finanstilsynet undersøker regelmessig utlånspraksisen til bankane. Sidan 1994 har Finanstilsynet gjennomført årlege utvalsundersøkingar av utlånspraksisen til dei største bankane ved yting av nye lån med pant i bustad.
Årets undersøking går mellom anna gjennom:
• Utviklinga i gjelda til låntakarane i prosent av brutto årsinntekt
• Utviklinga i låntakarane sine lån med pant i bustad i prosent av forsvarleg verdigrunnlag
• Utviklinga i beteningsevna til låntakarane
• Utviklinga i lån til førstegangskjøparar
• Omfanget av nye lån med pant i sekundærbustad
Journalistar kan sende inn spørsmål undervegs i pressekonferansen via spørjeskjemaet i nett-tv-sendinga.
Etter pressekonferansen kan ein-til-ein-intervju avtalast ved å sende ein e-post til: info@finanstilsynet.no.
Presentasjonen vil bli lagt fram av direktør for digitalisering og analyse Per Mathis Kongsrud og seksjonssjef Thea Birkeland Kloster i seksjon for analyse og rapportering.
Relevant
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.