Finanstilsynet inviterer til pressekonferanse torsdag 8. desember
Nyheter
Publisert: 6. desember 2022
Finanstilsynet legg fram rapporten Finansielt utsyn – desember 2022.
Tid: Torsdag 8. desember kl. 10.30–11.30
Stad: Finanstilsynet, Revierstredet 3, Oslo (inngang ved hjørnet mot Dronningens gate)
Pressekonferansen blir òg overført via nett-tv.
I pressekonferansen vil Finanstilsynet drøfte utviklinga og sårbarheitene i marknadene og finansnæringa, og utsiktene for finansiell stabilitet i lys av mellom anna auka inflasjon og renteoppgang. Finanstilsynets vurderingar av soliditeten og lønnsemda til bankane inngår i presentasjonen.
Journalistar/fotografar som ønsker å delta fysisk på pressekonferansen, må melde seg på innan onsdag 7. desember kl. 15.00. Bruk e-postadressa: pressevakt@finanstilsynet.no
Journalistar kan sende inn spørsmål undervegs i pressekonferansen via spørjeskjemaet i nett-tv-sendinga. Vi kan dessverre ikkje garantere at alle spørsmåla blir svara på i sjølve sendinga.
Etter pressekonferansen er det mogleg å avtale ein-til-ein-intervju per telefon eller Teams ved å sende ein e-post til: pressevakt@finanstilsynet.no, eller ringe pressetelefonen på tlf. 40 90 03 50.
Enkel servering.
Hugs å ta med pressekort/legitimasjon og berekne god tid ved frammøte.