Retningslinjer for gjenopprettingsplanar for verdipapirføretak
Rundskriv/veiledninger
Publisert: 11. desember 2019
Sist endret: 6. september 2022
Dokumentnummer: 12/2019
Utskriftsversjon
Rundskrivet gjeld for:
- Verdipapirføretak
1 Innleiing
Dette rundskrivet gjeld for verdipapirføretak som skal utarbeide gjenopprettingsplanar etter finansføretakslova § 20-5. Ifølge finansføretakslova § 20-1 første ledd bokstav a gjeld dette verdipapirføretak som er omfatta av verdipapirhandellova § 9-39 første ledd, som fastset eit krav til startkapital på eit beløp i norske kroner som minst svarer til 730 000 euro.1) Det same gjeld for morselskap i konsern der eit slikt verdipapirføretak inngår, jf. finansføretakslova § 20-1 første ledd bokstav b.
Dette rundskrivet gjer nærare greie for krava til gjenopprettingsplanar for verdipapirføretak og morselskapa deira, og Finanstilsynet sin oppfølging av desse.
Rundskrivet må bli sett i samanheng med desse krava og retningslinjene:
- Lov 10. april 2015 nr. 17 om finansforetak og finanskonsern (finansføretakslova) kapittel 20, som gjennomfører europaparlaments- og rådsdirektiv 2014/59/EU2) om gjenoppretting og krisehåndtering av kredittinstitusjoner og verdipapirforetak
- Forskrift 9. desember 2016 nr. 1502 om finansforetak og finanskonsern (finansføretaksforskrifta) kapittel 20
- Forskrift 20. desember 2018 nr. 2256 om utfyllende regler til finansforetaksforskriften kapittel 20 (utfyllingsforskrifta) del 4 kapittel I, som gjennomfører delegert kommisjonsforordning (EU) 2016/1075 kapittel I3)
- Europeiske retningslinjer, tilråingar og forordningar. Av desse er:
- EBA sine retningslinjer EBA/GL/2014/064) for bruk av scenario i gjenopprettingsplanar
- EBA sine retningslinjer EBA/GL/2015/025) om gjenopprettingsindikatorar
- EBA si tilråing EBA/Rec/2017/026) om gjenopprettingsplanar for konsern
- Delegert kommisjonsforordning (EU) 2019/3487) som spesifiserer når eit føretak kan bli innordna forenkla krav til mellom anna gjenopprettingsplanar
Finanstilsynet publiserte retningslinjer for gjenopprettingsplanar for bankar, kredittføretak og finansieringsføretak i rundskriv 10/2019. Desse føretaka må gå til dette rundskrivet, uavhengig av om konsesjonen omfattar investeringstenester/-verksemd eller ikkje. Det same gjeld for morselskap i konsern som omfattar bank eller kredittføretak, uavhengig av om konsernet òg omfattar verdipapirføretak eller ikkje.
2 Lovgrunnlag
Dei overordna krava til innhaldet i gjenopprettingsplanen går fram av finansføretakslova § 20-5 første ledd. Planen skal oppgi kva for tiltak føretaket kan sette i verk for å gjenopprette den finansielle stillinga si når ho har blitt betydeleg svekt. Planen skal særleg ta høgde for ulike situasjonar med alvorlege makroøkonomiske og finansielle forstyrringar som kan påverke føretaket, og innehalde modellar for bruk av tiltak for å gjenopprette den finansielle stillinga til føretaket, og kriterium og prosedyrar som sikrar at tiltaka kan gjennomførast til riktig tid.
Nærare reglar om innhaldet i gjenopprettingsplanen følger av utfyllingsforskrifta del 4 kapittel I avsnitt II (artikkel 3 til 15). Desse reglane vil bli omtalte nedanfor.
Det følger av finansføretakslova § 20-5 fjerde ledd at morselskap i norske finansføretak skal utarbeide gjenopprettingsplan for både konsernet og dei enkelte konsernføretaka. Finanstilsynet kan likevel òg pålegge eit norsk konsernføretak å ha ein eigen gjenopprettingsplan. I finanskonsern der morselskapet har hovudsete i ein annan EØS-stat, men har dotterselskap i Noreg, vil det bli avklart i samråd med morselskapet sine tilsynsmyndigheiter om også det norske dotterselskapet skal påleggast å utarbeide ein eigen gjenopprettingsplan.
Etter finansføretakslova § 20-7 andre ledd kan Finanstilsynet i samsvar med prinsippet om forholdsmessigheit fastsette forenkla krav til gjenopprettingsplanar for enkeltføretak eller grupper av føretak. I kommisjonsforordning (EU) 2019/348 er det fastsett kvantitative og kvalitative kriterium for vurderinga av om eit føretak skal underleggast forenkla krav. Finanstilsynet legg desse kriteria til grunn for vurderinga si. For verdipapirføretak gir forordninga myndigheitene til medlemsstatane uansett stor grad av fridom til å utøve skjønn i fastlegginga av terskelen for når ein kan nytte forenkla krav.
3 Krav til verdipapirføretaka sine gjenopprettingsplanar
Finanstilsynet har beslutta at alle verdipapirføretak som skal utarbeide gjenopprettingsplanar etter finansføretakslova § 20-5, kan følge forenkla krav, som vil gjelde likt for alle desse føretaka. Finanstilsynet har i denne vurderinga lagt vekt på norske verdipapirføretak sin storleik, risikoprofil, kompleksitet, eigarstruktur og verksemd, at desse føretaka i liten grad er samanvevde med resten av finanssystemet, og at verknadene av ei krise i desse føretaka for andre føretak, den finansielle stabiliteten, marknadsforhold og økonomien for øvrig er anteke å vere avgrensa.
Innhaldet i dei forenkla krava kjem fram ved ei samanstilling mellom utfyllingsforskrifta del 4 kapittel I avsnitt II, og unntaka som er fastsette her under.
Artikkel 3 angir kva for opplysningar ein gjenopprettingsplan skal omfatte. For verdipapir-føretaka vil det vere tilstrekkeleg at planen inneheld opplysningar om styring og ein strategisk analyse.
Artikkel 4 krev eit samandrag av hovudinnhaldet i gjenopprettingsplanen. Sidan verdipapir-føretaka kan følge forenkla krav, vil gjenopprettingsplanen kunne ha eit avgrensa omfang, og det er derfor ikkje nødvendig med eit samandrag av planen.
Artikkel 5 oppstiller krava til styringsprinsippa. Verdipapirføretaka behøver ikkje å oppfylle alle krava i føresegna, men gjenopprettingsplanen må som eit minimum innehalde ein omtale av korleis planen er utarbeidd, og føretaket sine retningslinjer for godkjenning av planen. Vidare må planen beskrive korleis rettidig gjennomføring av gjenopprettingsalternativ blir sikra. Dette må omfatte ein omtale av kapitalindikatorar (terskelverdiar) og den interne opptrappinga og vedtaksprosessen som blir nytta når indikatorkrava er oppfylte. Planen må òg innehalde ein kort omtale av om planen er i samsvar med føretaket si overordna ramme for risikostyring.
Artikkel 6 beskriver krava til den strategiske analysen, som er nærare presiserte i artikkel 7–12. Artikkel 7 krev ein omtale av føretaka som er omfatta av planen. Her vil det for verdipapirføretaka vere tilstrekkeleg å beskrive den overordna strategien til føretaket, forretningsmodellen og hovudforretningsområda, og dei mest vesentlege interne og eksterne forbindelsane. Finanstilsynet legg til grunn at norske verdipapirføretak for tida ikkje har kritiske funksjonar.
Når det gjeld artikkel 8 og 9 om gjenopprettingsalternativa og dei tilhøyrande ordningane og tiltaka, er det tilstrekkeleg at verdipapirføretaka utarbeider eitt eller fleire gjenopprettingsalternativ som kvar for seg beskriv forskjellige tiltak som har som formål å gjenopprette kapitalposisjonen til føretaket.
Konsekvensanalysen etter artikkel 10 kan vere avgrensa til ein finansiell og operativ konsekvensanalyse. Etter artikkel 11 må gjenopprettingsalternativa omfatte ei vurdering av gjennomførbarheit. Vurderinga må beskrive eventuelle hindringar for ei effektiv og rettidig gjennomføring, og innehalde ein strategi for korleis slike hindringar kan fjernast. Når det gjeld artikkel 12, er det tilstrekkeleg at kvart gjenopprettingsalternativ omfattar ei kort vurdering av korleis det vil bli sikra at verksemda til føretaket blir oppretthalden når alternativet blir gjennomført.
Verdipapirføretaka behøver ikkje å oppfylle artikkel 14 om kommunikasjons- og offentleggjeringsplan eller artikkel 15 om førebuande tiltak.
Kravet om gjenopprettingsplan for verdipapirføretak skal etter finansføretaksforskrifta § 20-11 tredje ledd vere oppfylt innan 1. januar 2020. Finanstilsynet legg til grunn at den same fristen gjeld for morselskap i konsern der verdipapirføretak inngår, med mindre morselskapet er omfatta av Finanstilsynet sitt rundskriv 10/2019, jf. omtale på side 3.
Gjenopprettingsplanen skal godkjennast av styret i føretaket og sendast til Finanstilsynet, jf. finansføretakslova § 20-5 andre ledd. Fristen for å oversende gjenopprettingsplanen til Finanstilsynet er 1. juli 2020.
Gjenopprettingsplanen skal oppdaterast kvart tredje år og når det har skjedd endringar i verksemda som gjer det nødvendig å endre i planen. Føretaka skal sende oppdaterte gjenopprettingsplanar til Finanstilsynet når dei blir bedne om det.
På bakgrunn av omtalen over, kan kravet til verdipapirføretaka om gjenopprettingsplan samanfattast slik:
Finansføretakslova § 20-5 første ledd |
Verdipapirføretak som har forenkla krav |
---|---|
Bokstav a |
Gjeld fullt ut. |
Bokstav b |
Gjeld fullt ut. |
Bokstav c |
Ikkje relevant. |
Bokstav d |
Gjeld fullt ut. |
Bokstav e |
Gjeld, men berre kvart tredje år. |
Utfyllingsforskrift del 4 |
|
Artikkel 3 |
Berre nr. 2 og 3 gjeld. |
Artikkel 4 |
Gjeld ikkje. |
Artikkel 5 nr. 1 |
Gjeld fullt ut. |
Artikkel 5 nr. 2 |
Gjeld fullt ut. |
Artikkel 5 nr. 3 |
Gjeld, men under bokstav b er det tilstrekkeleg |
Artikkel 5 nr. 4 |
Gjeld fullt ut. |
Artikkel 5 nr. 5 |
Gjeld ikkje. |
Artikkel 7 nr. 1 |
Gjeld, men på eit overordna plan. |
Artikkel 8 |
Gjeld fullt ut. |
Artikkel 9 |
Gjeld, men avgrensa til tiltak som skal gjenopprette kapitalposisjonen til føretaket. |
Artikkel 10 nr. 1 |
Gjeld fullt ut. |
Artikkel 10 nr. 2 |
Gjeld ikkje. |
Artikkel 10 nr. 3 |
Gjeld ikkje. |
Artikkel 11 |
Gjeld fullt ut. |
Artikkel 12 |
Berre nr. 1 gjeld. |
Artikkel 14 |
Gjeld ikkje. |
Artikkel 15 |
Gjeld ikkje. |
Krisehandteringsdirektivet, vedlegg |
Berre nr. 4 til 6, 8 til 11, 18 og 20 gjeld. |
4 Finanstilsynet si vurdering av gjenopprettingsplanar
Etter finansføretakslova § 20-5 andre ledd skal Finanstilsynet innan seks månader vurdere om gjenopprettingsplanen tilfredsstiller krava i § 20-5 første ledd, om dei planlagde tiltaka vil vere tilstrekkelege til å gjenopprette den finansielle stillinga til føretaket og om planen vil la seg gjennomføre raskt og med færrast moglege skadeverknader for kundar, andre finansføretak og den finansielle stabiliteten.
Meir detaljerte krav til Finanstilsynet si vurdering av gjenopprettingsplanar følger av utfyllingsforskrifta del 4 kapittel I avsnitt III (artikkel 16 til 21).
Dersom Finanstilsynet finn vesentlege manglar ved gjenopprettingsplanen, skal tilsynet krevje at føretaket oversender ein revidert plan seinast innan tre månader. Finanstilsynet kan eventuelt gi nærare bestemte pålegg, som er omtalte i finansføretakslova § 20-5 tredje ledd.
5 Øvrige verkemiddel før ei eventuell krisehandtering
Finanstilsynet sine øvrige verkemiddel før ei eventuell krisehandtering er omtalte i finansføretakslova §§ 20-11 til 20-14. Dei er òg nærare omtalte i Finanstilsynet sitt rundskriv 10/2019 punkt 5.2 og 5.3.
_____
Noter:
1) Føresegna om kravet til startkapital blei med verknad frå 1. januar 2019 endra og flytta frå § 9-13 til § 9-39 i verdipapirhandellova. Endringa er ikkje reflektert i finansføretakslova § 20-1 første ledd bokstav a, som framleis viser til verdipapirhandellova § 9-13. Tilvisinga må likevel no lesast som ei tilvising til verdipapirhandellova § 9-39 første ledd.
2) https://eur-lex.europa.eu/legal-content/EN/TXT/?uri=celex:32014L0059
3) https://eur-lex.europa.eu/legal-content/EN/TXT/?uri=CELEX:32016R1075
4) ‘Guidelines on the range of scenarios to be used in recovery plans’, 18. juli 2014:
https://eba.europa.eu/regulation-and-policy/recovery-and-resolution/guidelines-on-the-range-of-scenarios-to-be-used-in-recovery-plans#pane-new-ed8f3c99-9589-454a-a87e-37f2578a1783
5) ‘Guidelines on recovery plans indicators’, 23. juli 2015:
https://eba.europa.eu/regulation-and-policy/recovery-and-resolution/guidelines-on-recovery-plans-indicators
6) ‘Final report on Recommendation on the coverage of entities in a group recovery plan’, 1. november 2017:
https://eba.europa.eu/regulation-and-policy/recovery-and-resolution/recommendations-on-the-coverage-of-entities-in-a-group-recovery-plan#pane-new-7bdd87fb-e02f-492a-99d6-129449e3cf9d
7) https://eur-lex.europa.eu/legal-content/EN/TXT/?toc=OJ:L:2019:063:TOC&uri=uriserv:OJ.L_.2019.063.01.0001.01.ENG
Kontakt
Relatert innhald
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.