Identifisering av misleghaldne engasjement
Rundskriv
Publisert: 8. desember 2020
Sist endret: 6. september 2022
Dokumentnummer: 4/2020
Utskriftsversjon
Rundskrivet gjeld for:
- Bankar
- Holdingselskap
- Finansieringsføretak
- Kredittføretak
1 Innleiing
Kapitaldekningsregelverket gir kriterium for å identifisere misleghaldne engasjement. Dette rundskrivet presiserer forståinga av enkelte av kriteria, som når det skal bli rekna som lite sannsynleg at ein motpart kan innfri forpliktingane sine, og når misleghald av eitt engasjement skal smitte til andre engasjement med same motpart.
2 Regelverk
Ifølge artikkel 178 i kapitalkravsforordninga1) skal eit engasjement reknast som misleghalde dersom eit betalingskrav er forfalle med meir enn 90 dagar og beløpet ikkje er uvesentleg, eller dersom det er lite sannsynleg at motparten vil vere i stand til å innfri pliktene sine. Forordninga er gjort gjeldande i Noreg gjennom § 2 i forskrift om kapitalkrav og nasjonal tilpasning av CRR/CRD IV (CRR/CRD IV-forskrifta).
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) har publisert retningslinjer (GL-2016-07)2) for korleis bankane skal registrere misleghald, som norske bankar og kredittføretak er forventa å etterleve.
2.1 Kriterium for å identifisere misleghald
Føretaka skal, etter kapittel 10 i retningslinjene frå EBA, ha interne retningslinjer som definerer misleghald og spesifiserer i kva for tilfelle det er lite sannsynleg at motparten vil vere i stand til å innfri pliktene sine. Kapitalkravsforordninga gir ei rekke eksempel på hendingar som må reknast som misleghald: realisering av sikkerheiter, nedskriving som følge av svekt kredittverdigheit, endringar i betalingsvilkår som reduserer verdien av kontantstrømmen, ettergiving av gjeld og sal av fordringa til underkurs. Ved endringar av betalingsvilkår som ikkje reduserer verdien av kontantstrømmen, skal det vurderast om engasjementet skal reknast som misleghalden dersom den nye betalingsplanen har ei stor betaling i slutten av perioden, låge betalingar i starten, ein avdragsfri periode eller dersom det er gjennomført gjentekne endringar i betalingsplanen, jf. omtalen i kapittel 5 i retningslinjene frå EBA. Finanstilsynet presiserer at i vurderinga av om det ligg føre misleghald, skal oppmoding til kunden om å selje sikkerheitsobjekt sidestillast med realisasjon. Vidare kan ikkje verdien av sikkerheiter inngå i vurderinga av om eit engasjement er misleghalden.
Vesentlegheitsgrenser for misleghaldne beløp skal bli oppgitt som ein del av samla engasjement og eit nominelt beløp, som begge må vere overskridne for at beløpet skal reknast som vesentleg. Føretaka kan ha ulike beløpsgrenser for massemarknadsengasjement, det vil seie utlån til privatpersonar og små føretak som inngår i ein veldiversifisert portefølje av mange engasjement med tilsvarande eigenskapar slik at risikoen er redusert, jf. artikkel 123 (standardmetoden) og 147(5) (IRB-metoden) i kapitalkravsforordninga3), og andre engasjement. Ifølge CRR/CRD IV-forskrifta § 7 er den nominelle beløpsgrensa 1 000 kroner for massemarknadsengasjement og 2 000 kroner for øvrige engasjement, mens den relative grensa er 1 prosent for alle typar engasjement. Relative vesentlegheitsgrenser kan bli svært høge for bustadlån og andre lån med lang løpetid, noko som kan innebere forseinka identifisering av misleghald. Føretaka bør derfor vurdere lågare relative grenser for slike engasjement når dei fastset interne retningslinjer. Uavhengig av beløpsgrensene bør føretaka vurdere om manglande betaling av terminar tilseier at det er lite sannsynleg at motparten vil vere i stand til å møte forpliktingane sine.
Kapittel 4 i retningslinjene frå EBA presiserer korleis føretaka skal telje dagar etter betalingsforfall og under kva for omstendigheiter eit betalingsmisleghald kan reknast som eit teknisk misleghald som ikkje skal misleghaldsmerkast, og for særskilde forhold som gjeld engasjement med sentrale og lokale myndigheiter, factoringengasjement og kjøpte fordringar. Teljing av dagar etter forfall startar når kunden har eit forfalle beløp som overstig beløpsgrensa, og fortset til kunden ikkje lenger har eit forfalle beløp som overstig beløpsgrensa.
2.2 Tilfelle der fleire engasjement med same motpart blir rekna som misleghald
Hovudregelen er at dersom eitt av låna til kunden blir rekna for å vere misleghalden, skal heile engasjementet til kunden bli rekna for å vere misleghalden (misleghaldssmitte). Dette kan òg gjelde engasjement mot tilknytta motpartar. Kapittel 8 i retningslinjene frå EBA beskriv korleis misleghaldsdefinisjonen skal anvendast konsistent på tvers av engasjement. For massemarknadsengasjement kan misleghald vurderast per lån. Dette er omtalt i kapittel 9 i retningslinjene frå EBA, der det mellom anna går fram at føretaket må vurdere om misleghald av eitt lån har betyding for om kunden blir rekna for å ville oppfylle dei øvrige forpliktingane sine. Dette tilseier etter Finanstilsynet si vurdering at misleghald skal smitte mellom engasjement i same kategori; dersom ein kunde mislegheld eit usikra lån, skal alle dei usikra låna til kunden bli rekna om misleghaldne. Vidare skal heile engasjementet bli rekna som misleghalden dersom lån som utgjer ein vesentleg del av totalengasjementet, er misleghaldne.
2.3 Friskmelding av misleghaldne engasjement
Kapittel 7 i retningslinjene frå EBA beskriv kriteria for når eit engasjement ikkje lenger skal bli rekna for å vere i misleghalden. Dersom betalingsmisleghald er gjort opp, og det er sannsynleg at motparten vil innfri forpliktingane sine, kan engasjementet reknast som friskt etter ein karanteneperiode på 90 dagar. Ved delvis ettergiving eller endra vilkår er karanteneperioden minst eitt år.
2.4 Estimering av risikoparameter og forventa kredittap
Misleghaldsdefinisjonen kan bli nytta i føretaka si estimering og kalibrering av forventa kredittap og risikoparameter som misleghaldssannsynlegheit (PD), tapsgrad (LGD) og engasjementsbeløp ved misleghald (EAD). Dersom historiske data er baserte på ein annan misleghaldsdefinisjon enn den gjeldande, må føretaka vurdere om historiske data bør justerast for å sikre konsistens. Kapittel 6 i retningslinjene frå EBA beskriv korleis dette omsynet skal bli vareteken i tilfelle der IRB-bankane nyttar eksterne data. For bankar som nyttar IRB-metoden, forutset endringar i misleghaldsdefinisjonen løyve frå Finanstilsynet, jf. CRR/CRDIV-forskrifta § 2, som gjennomfører kommisjonsforordning 529/2014.
______
Noter:
1) Forordning 575/2013
2) https://eba.europa.eu/regulation-and-policy/credit-risk/guidelines-on-the-application-of-the-definition-of-default
3) Bustadlån kan etter artikkel 124 og 125 i kapitalkravsforordninga òg inngå i massemarknadsporteføljen. Kriterium for å kategorisere små føretak som massemarknad er gitt i rundskriv 11/2015 frå Finanstilsynet.
Kontakt
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.