Bank- og rekneskapsførartenester
Rundskriv
Publisert: 15. juni 2021
Dokumentnummer: 4/2021
Utskriftsversjon
Rundskrivet gjeld for:
- Bankar
- Kredittføretak
- Finansieringsføretak
- Forsikringsføretak
- Pensjonsføretak
- Holdingføretak i finanskonsern
- E-pengeføretak
- Betalingsføretak
- Rekneskapsførarar
- Rekneskapsførarselskap
1 Innleiing
Rekneskapsførarbransjen er i endring, og fleire aktørar ser økonomi- og rekneskapstenester som ein interessant marknad. Mellom anna har fleire bankar starta opp rekneskapsførarverksemd der tenesta inngår i tenestetilbodet. Integrering av banksystem og rekneskapssystem er ein del av pågåande digitaliseringsprosessar.
Når eit finansføretak eller finanskonsern tilbyr fleire ulike tenester, vil det vere ein forretningsmessig fordel om ein kunde som kjøper éin tjeneste eller eitt produkt, også vel å kjøpe fleire av tenestene eller produkta til finansføretaket eller finanskonsernet. Der det forretningsmessige omsynet ikkje alltid vil vere samanfallande med kunden si interesse, er det lov- og forskriftsregulering som skal sikre at kundane sine interesser blir varetekne. I tillegg til generell konkurranse-, personvern- og anna forbrukerregulering, inneheld finansføretakslova og rekneskapsførarlova føresegner som skal sikre kundeinteressene.
Rundskrivet omtaler handtering av moglege interessekonfliktar som oppstår når bankar tilbyr rekneskapsføringstenester. Normalt tilbyr bankane slike tenester gjennom eigne dotterselskap.
Rundskrivet gjeld for alle finansføretak som eig rekneskapsførarføretak, men p.t. er det berre bankar som gjer det. Finanstilsynet legg til grunn at det same vil gjelde dersom andre finansføretak enn bankar tilbyr rekneskapsførartenester.
2 Gjeldande regulering av interessekonfliktar m.m.
Finansføretakslova1) § 13-5 fjerde ledd slår fast at "finansforetak skal utøve sin virksomhet i samsvar med redelighet og god forretningsskikk". Vidare følger det av § 16-1 fjerde ledd at:
"Finansforetak skal innrette sin virksomhet på en slik måte at det er liten risiko for interessekonflikter mellom foretaket og dets kunder eller mellom foretakets kunder, eller for kundebehandling i strid med kravene til god forretningsskikk. Finansforetak skal ha betryggende ordninger og rutiner for å identifisere og i tilfelle motvirke slike risikoforhold innenfor de ulike områder av virksomheten."
Finansføretaksforskrifta § 16-1, jf. finansføretakslova § 16-7 om produktpakker, inneheld forbod mot at finansføretak sjølv eller eit anna finansføretak i same konsern tilbyr ei teneste under føresetnad om at kunden samtidig skaffar seg ei anna teneste, eller gir ein kunde særleg gunstige vilkår under føresetnad om at dette blir gjort. Unnatak gjeld der det ligg føre ei tilknyting mellom fleire tenester eller at eit samla tilbod av fleire tenester gir kostnadsinnsparingar.
For rekneskapsførarføretak er den relevante reguleringa rekneskapsførarlova2) § 2 andre ledd, som har følgande ordlyd:
"Autorisert regnskapsfører skal utføre sine oppdrag i samsvar med bestemmelsene i og i medhold av lov og i samsvar med god regnskapsføringsskikk."
"God rekneskapsføringsskikk" er ein rettsleg standard som blir supplert av den bransjefastsette standarden om god rekneskapsføringsskikk3) (GRFS). Føremålet med standarden er å sikre at rekneskapsføringstenestene blir utførde på ein måte som sikrar at pliktene til oppdragsgivarane blir varetekne på ein forsvarleg måte innanfor det oppdragsavtalen gjeld, men òg at det ligg innanfor god rekneskapsføringsskikk "også ellers å medvirke til at oppdragsgivers interesser ivaretas", jf. GRFS punkt 5.1.
I tillegg til GRFS har Regnskap Norge vedteke eit etisk regelverk for rekneskapsførarar. Regnskap Norge kan ikkje fastsette reglar for andre enn eigne medlemmer. Finanstilsynet legg likevel til grunn at dei etiske reglane om at autoriserte rekneskapsførarar "skal opptre med integritet, objektivitet, profesjonalitet, tilbørlig aktsomhet, konfidensialitet og lojalitet", reflekterer rekneskapsførarlova § 2 andre ledd om god rekneskapsføringsskikk.
3 Nærmare om tydinga av reglane
Teieplikt
Moglegheita til kryssal for banken og rekneskapsførarselskapet forutset kunnskap om at det er eit kundeforhold, og om kundeforholdet sin art og forhold hos kunden som gjer det interessant å tilby produkt frå morbanken eller rekneskapsførarselskapet. Både bankar og rekneskapsførarar har lovbestemt teieplikt, jf. finansføretakslova § 16-2 og rekneskapsførarlova § 10. Uavhengig av spørsmål om interessekonflikt eller andre særlege forhold, må banken og rekneskapsførarselskapet sjå til at teieplikta blir overhalde. Rettleiing om teieplikt for finansføretak og deling av informasjon i finanskonsern er gitt i Finanstilsynet sitt rundskriv 3/2019.
Kryssal
Det er ikkje ulovleg for banken å marknadsføre tenester som blir tilbode av rekneskapsførarselskapet, og omvendt. Det vil likevel vere i strid med kundane sine interesser om banken tilbyr eit produkt eller ei teneste under føresetnad om at kunden nyttar det eigde rekneskapsførarselskapet, eller om rekneskapsførarselskapet krev at ein kunde nyttar eigarbanken som banktilknytinga si.
Dette prinsippet kjem til uttrykk i reglane i finansføretakslova om produktpakker, jf. omtale i punkt 2. Reglane i finansføretakslova om produktpakker omfattar tenester som blir tilbydd av finansføretak, og gjeld ikkje direkte for rekneskapsførartenester. Produktpakkeregelverket gir likevel uttrykk for enkelte generelle avvegingar av interessekonfliktar og vil etter Finanstilsynet si vurdering ha overføringsverdi ved vurderinga av kravet til god forretningsskikk og kva som er å rekne som ein interessekonflikt. Dette prinsippet kjem òg til uttrykk i anna lovgiving, jf. mellom anna i konkurranselova4) § 11.
Det vil òg kunne vere å setje til side kunden sine interesser om ein bank tilbyr gunstigare vilkår dersom kunden nyttar rekneskapsførarselskapet som er eigd av banken og omvendt. Finanstilsynet legg til grunn at dette ikkje gjeld for gunstige vilkår der ein kan påvise at eit samla tilbod av fleire tenester gir kostnadsinnsparingar.
4 Identifisering og handtering av interessekonfliktar
Ein føresetnad for at ei verksemd skal drivast forsvarleg, er at dei ulike risikoane knytte til verksemda er identifiserte, og at det blir iverksett tiltak som gir styring og kontroll over risikoane.
Etablering av retningslinjer og rutinar er eit nødvendig risikoreduserande tiltak både i bankverksemd og i rekneskapsførarverksemd. For bankar er kravet om retningslinjer og rutinar for å handtere interessekonfliktar m.m. omtalte særskild i finansføretakslova § 16-1 fjerde ledd, tredje punktum, jf. punkt 2 i dette rundskrivet. For rekneskapsførarselskap følger dette av risikostyringsforskrifta5) § 6 med nærmare presisering av ansvaret til styret og dagleg leiar i §§ 4 og 5.
Dette inneber at både bankar og rekneskapsførarselskap skal ha skriftlege retningslinjer og rutinar som sikrar at det er interessene til kundane som blir varetekne, også i prosessen knytt til tilbod om og sal av produkt frå banken og rekneskapsførarselskapet.
5 Oppfølging
Kontroll av dei aktuelle bankane og rekneskapsførarselskapa sine rutinar og etterleving vil skje i tilknyting til tilsyn med det aktuelle føretaket. Dette kan til dømes vere at Finanstilsynet ber om å få tilsendt dei aktuelle rutinane fordi det blir motteke signal om at kundane sine interesser ikkje blir tilstrekkeleg varetekne i prosessar knytte til tilbod om og sal av produkt frå banken eller rekneskapsførarselskapet.
______
Noter:
1) Lov 10. april 2015 nr. 17 om finansforetak og finanskonsern
2) Lov 18. juni 1993 nr. 109 om autorisasjon av regnskapsførere
3) Standard utarbeidd av Regnskap Norge, Økonomiforbundet og Den norske Revisorforening, fastsett juni 2014, siste gong oppdatert i juni 2017.
4) Lov 5. mai 2004 nr. 12 om konkurranse mellom foretak og kontroll med foretakssammenslutninger
5) Forskrift 22. september 2008 nr. 1080 om risikostyring og internkontroll