Kontrollkomiteen sin møteprotokoll og juridisk kyndig medlem av kontrollkomiteen
Rundskriv/veiledninger
Publisert: 3. januar 2003
Sist endret: 18. desember 2019
Dokumentnummer: 2/2003
Rundskrivet gjeld for:
Sparebankar nr. 2
Forretningsbankar nr. 2
Livsforsikringsselskap nr. 2
Skadeforsikringsselskap nr. 2
Finansieringsselskap nr. 2
Kredittføretak nr. 2
Kredittilsynet har vedteke å endre praksisen rundt autoriseringa av kontrollkomiteen sin møteprotokoll og godkjenning av juridisk medlem av kontrollkomiteen.
Autorisering av kontrollkomiteen sin møteprotokoll:
Etter ”lov 24. mai 1961 nr. 1 om sparebanker” § 13 åttande ledd og ”lov 24. mai 1961 nr. 2 om forretningsbanker” § 13 tredje ledd skal kontrollkomiteen i spare- og forretningsbankar føre ein protokoll autorisert av Kredittilsynet over sine forhandlingar. Slik autorisering har til nå skjedd ved at kontrollkomiteane har sendt protokollane sine til Kredittilsynet for påteikning om godkjenning. Kredittilsynet har vedteke å endre denne praksisen slik at protokollen er å sjå som autorisert utan at han blir sendt til Kredittilsynet, dersom protokollen fyller visse vilkår.
Kredittilsynet legg til grunn at protokollen er autorisert dersom han er bunde inn og utforma slik at nødvendig notoritet over forhandlingane blir sikra. Dette inneber at det ikkje skal vere mogeleg å ta ut sider, og protokollen skal vere paginert og tåle alminneleg bruk.
Kredittilsynet vil likevel ta imot protokollar frå dei bankane som måtte ønskje å fortsetje med å sende inn protokollen for autorisering.
Godkjenning av juridisk medlem av kontrollkomiteen:
Det følgjer av ulik lovgiving om finansinstitusjonane at kontrollkomiteen skal ha eit medlem som tilfredstillar ”de krav som stilles til dommere etter lov av 13. august 1915 nr. 5 om domstolene § 54 andre ledd”. Valet av dette medlemet skal godkjennast av Kredittilsynet. Institusjonane har ved utskifting av juridisk kyndig medlem sendt inn søknad vedlagt opplysningar som stadfestar at vedkomande person har avlagt juridisk embetseksamen og bedt om Kredittilsynets godkjenning.
Kredittilsynet har med grunnlag i ”lov om sparebanker” § 13 første ledd, ”lov om forretningsbanker” § 13 første ledd, ”lov om forsikringsvirksomhet” § 5–5 første ledd og ”lov om finansieringsvirksomhet” § 3–11 første ledd vedteke at valet av juridisk kyndig medlem til kontrollkomiteen kan sjåast som godkjent dersom institusjonane forvissar seg om at vedkomande person oppfyller kravet i § 54 andre ledd i ”lov om domstolene”. Melding om valet og stadfesting av at denne personen har avlagt juridisk embetseksamen skal sendast Kredittilsynet.
Kredittilsynet vil likevel ta imot søknader om godkjenning av juridisk kyndig medlem frå dei institusjonane som ønskjer å følgje tidlegare praksis med innsending av særskild søknad.
Etter fullmakt
Ole-Jørgen Karlsen
Camilla Forgaard Andreassen