Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Om Finanstilsynet >
Informasjon om eFormidling

Informasjon om eFormidling

Sist publisert: 27. oktober 2022

Finanstilsynet nyttar sikker og effektiv elektronisk kommunikasjon med mottakarane sine. Altinn blir nytta for digital post til næringsdrivande og andre verksemder med organisasjonsnummer, medan Digital postkasse blir nytta for personar og einingar med personnummer.

Verksemder og føretak

Verksemder og føretak under tilsyn mottek post frå Finanstilsynet i Altinn.

Verksemder som mottek post i Altinn, får eit varsel til varslingspunktet sitt. Einingar som er registrerte i Einingsregisteret, skal alltid ha ei oppdatert elektronisk adresse gitt av eininga.

For å sikre at posten kjem til riktig person i verksemda, må roller og rettar i Altinn vere korrekt sette opp. Kvar enkelt verksemd er sjølv ansvarleg for å sette opp roller og rettar.

Les meir om korleis dette kan gjerast:

  • Ta kontroll på tilgangsstyring i Altinn innboks
  • Roller og rettar

Verksemder som er registrerte i Einingsregisteret, kan ikkje reservere seg mot å motta meldingar i Altinn.

Privatpersonar og einingar som ikkje er registrerte i Einingsregisteret

Privatpersonar og einingar som ikkje er registrerte i Einingsregisteret, kan motta post i Digital postkasse for innbyggarar. Personar som mottek post i den digitale postkassa, vil få eit varsel til varslingspunktet sitt. Varslingspunktet blir henta frå eit register over digital kontaktinformasjon og reservasjon.

Finanstilsynet oppmodar mottakarane sine til å opprette ei digital postkasse dersom dei ikkje alt har gjort det.

Korleis velje postkasse og oppdatere kontaktinformasjonen i kontakt- og reservasjonsregisteret:

  • Vel digital postkasse
  • Oppdater kontaktinformasjon

Privatpersonar og einingar som ikkje er registrerte i Einingsregisteret, kan reservere seg mot å motta elektroniske meldingar frå offentleg forvalting. Dei vil i staden motta posten på papir.

Kontakt

post@finanstilsynet.no
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less