Organisasjon
Publisert: 22. juni 2016
Sist endret: 17. oktober 2024
Styret i Finanstilsynet har det overordna ansvaret for verksemda i Finanstilsynet. Styret har fem medlemmer, to varamedlemmer og to tilsetterepresentantar. Finansdepartementet oppnemnde eit nytt styre 11. mars 2022, og professor Finn Arnesen held fram som styreleiar.
Styre og leiing
Styret
Medlemmer og varamedlemmer blir oppnemnde av Finansdepartementet etter delegasjon frå Kongen for ein periode på fire år. Varamedlemmene deltek fast på styremøta. Dei to tilsetterepresentantane er valde av og blant dei tilsette, og dei deltek i styrebehandlinga av administrative saker. I tillegg deltek éin observatør frå Noregs Bank, som òg er oppnemnd av Finansdepartementet. Eit nytt styre blei oppnemnd for perioden 11. mars 2022 til 1. mars 2026.
Tittel/yrke | Navn | Busett | Stilling |
---|---|---|---|
Professor | Finn Arnesen | Åsgårdstrand | leiar |
Professor | Giuditta Cordero-Moss | Oslo | nestleiar |
Professor | Mette Bjørndal | Bergen | medlem |
Områdedirektør | Helge Eide | Lillestrøm | medlem |
Siviløkonom | Kristin Gulbrandsen | Oslo | 1. varamedlem |
Advokat/partnar | Jens-Henrik Lien | Hamar | 2. varamedlem |
Direktør | Sindre Weme | Røyse | observatør frå Noregs Bank |
To representantar som er valde av og blant dei tilsette i Finanstilsynet, supplerer styret ved behandling av administrative saker. Representantane for dei tilsette er:
- tilsynsrådgivar Alfred Ødegaard
- senior tilsynsrådgivar Gunnar Almklov
Frå venstre: Mette Bjørndal, Giuditta Cordero-Moss, Kristin Gulbrandsen, Alfred Ødegaard, Astrid Rindal, Finn Arnesen, Jens-Henrik Lien, Marianne Hansen, Sindre Weme, Helge Eide. Marianne Hansen var styremedlem fram til 24. mars 2023.
(Foto: Jarle Nyttingnes)
Leiargruppa
Den daglege leiinga blir utøva av ei leiargruppe, som forutan finanstilsynsdirektøren består av direktørane for dei fire tilsynsavdelingane, den juridiske direktøren, direktøren for verksemdsstyring og kommunikasjonsdirektøren.
-
-
Anne Merethe Bellamy
Direktør for marknadstilsyn
Avdeling for marknadstilsyn
- Tlf: 22 93 98 43
- Send e-post
-
Anders Hole
Direktør for bank- og forsikringstilsyn
Avdeling for bank- og forsikringstilsyn
- Tlf: 22 93 97 49
- Send e-post
-
Knut Haugan
Direktør for risikoovervaking og makrotilsyn
Avdeling for risikoovervaking og makrotilsyn
- Tlf: 22 93 96 75
- Send e-post
-
Kristin Tornling
Direktør for digitalisering og rapportering
Avdeling for digitalisering og rapportering
- Tlf: 22 93 99 71
- Send e-post
-
-
-
Organisasjon
Avdelingane
Finanstilsynet er delt inn i fem avdelingar som blir leia av kvar sin direktør.
Seksjonane
Avdelingane er delte inn i seksjonar som blir leia av ein seksjonssjef.
Stabsfunksjonane
Funksjonen for juridisk kvalitetssikring er plassert i staben til finanstilsynsdirektøren. Ein eigen kommunikasjonsstab har ansvaret for intern og ekstern kommunikasjon.
Kontaktinformasjon til leiinga
Adresser
Besøksadresse:
Revierstredet 3
0151 Oslo
Postadresse:
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo
E-post:
post@finanstilsynet.no
Organisasjonsnummer:
840 747 972