Historia til Finanstilsynet
Publisert: 22. juni 2016
Sist endret: 12. september 2022
Kredittilsynet, som tilsynet heitte frå starten, blei oppretta i 1986 då Bankinspeksjonen og Forsikringsrådet blei slått saman. Meklarkontrollen var allereie innfusjonert i Bankinspeksjonen frå 1983. 21. desember 2009 skifta Kredittilsynet namn til Finanstilsynet, som er meir i tråd med internasjonal praksis og reflekterer betre det vide spekteret av tilsynsoppgåver som omfattar heile finanssektoren.
Finanstilsynet markerte i oktober 2016 at det var 30 år som integrert finanstilsyn, og at det var det første tilsynet i dei vestlege landa som etablerte eit samla tilsyn med bank-, forsikrings- og verdipapirverksemdene. I samband med 30-årsmarkeringa gav den førre direktøren i Finanstilsynet, Bjørn Skogstad Aamo, ut boka Læring fra kriser.
Noreg har likevel hatt finanstilsyn i over hundre år, og det første banktilsynet blei etablert i år 1900 ved tilsetjinga av den første sparebankinspektøren. Deretter blei Forsikringsrådet oppretta i 1912, og Meklarkontrollen i 1918. Integrert finanstilsyn er blitt ein modell som fleire og fleire land har valt, og dei fleste landa i Europa har no samla tilsynet med bank-, forsikrings- og verdipapirområdet på éin stad, slik ein òg ser at dei store finansinstitusjonane tilbyr desse tenestene innan same konsern.
Fleire oppgåver
Finanstilsynet har òg tilsyn med inkasso, eigedomsmekling, rekneskapsførarverksemd og revisjon. Dåverande Kredittilsynet fekk tilsyn med inkasso i 1989, då den første inkassolova trådde i kraft. Eigedomsmekling har det vore tilsyn med i Noreg sidan 1931, først gjennom Meklarkontrollen, som var underlagd Handelsdepartementet, og seinare gjennom Bankinspeksjonen då Meklarkontrollen blei innpassa der i 1983.
Tilsynet med rekneskapsførarar blei utvida då det blei overført til Kredittilsynet i 1999 frå Autorisasjonsstyret for rekneskapsførarar, som hadde administrert den offentlege autorisasjonsordninga frå 1993–1998. Kredittilsynet fekk tilsynet med revisorar frå 1988 då forvaltingsansvaret for rekneskaps- og revisjonslovgivinga blei overført til Finansdepartementet frå Handelsdepartementet og for ein vesentleg del delegert til Kredittilsynet.
Frå og med 2005 fekk Kredittilsynet tilsyn med at rekneskapane til børsnoterte føretak blir avlagde i tråd med internasjonale rekneskapsstandardar (IFRS), og i 2010 overtok Finanstilsynet prospektkontrollen for omsetjelege verdipapir, som Oslo Børs hadde hatt fram til då.
30 år sidan den norske bankkrisa i 2021
I oktober 2021 markerte Finanstilsynet at det var 30 år sidan den norske bankkrisa ved at tilsynsdirektør Morten Baltzersen inviterte fire personar som var sentrale i arbeidet med å handtere krisa, til ein samtale som blei filma, om handteringa av krisa då og erfaringane frå ho:
- Sigbjørn Johnsen hadde vore finansminister i knapt eitt år då han gjorde greie for situasjonen i Stortinget 17. oktober 1991. Han var finansminister fram til hausten 1996, og igjen seinare frå hausten 2009 til hausten 2013.
- Svein Harald Øygard var statssekretær hos Sigbjørn Johnsen under bankkrisa. I perioden februar–september 2009 var han sentralbanksjef på Island. I boka På finanskrisens slagmark (Hegnar Media) deler han erfaringane sine frå dette arbeidet.
- Bjørn Skogstad Aamo var statssekretær og stabssjef på Statsministerens kontor under bankkrisa. I 1993 blei han direktør for det dåverande Kredittilsynet, som han var direktør for i 18 år.
- Svein Gjedrem var ekspedisjonssjef i Økonomiavdelinga i Finansdepartementet og var ein sentral embetsmann i krisehandteringa. Han blei seinere finansråd fram til han tiltrådde som sentralbanksjef i 1999. I 2011 blei han på nytt finansråd fram til 2015.
- Morten Baltzersen har vore finanstilsynsdirektør sidan 2011. Under bankkrisa arbeidde han i Økonomiavdelinga i Finansdepartementet.
- Film: 30 år siden den norske bankkrisen – et tilbakeblikk