Personvern, cookies og tilgjengelighet
Publisert: 29. juni 2017
Sist endret: 3. september 2024
Finanstilsynet si personvernerklæring
Finanstilsynet behandlar personopplysningar etter lov om behandling av personopplysningar (personopplysningslova), som gjennomfører personvernforordninga (GDPR). Dette inneber at personvernet blir vareteke på best mogleg måte ved utføringa av oppgåvene til Finanstilsynet.
Denne erklæringa gjer greie for korleis Finanstilsynet varetek personvernet. Erklæringa gir generell informasjon om korleis Finanstilsynet behandlar personopplysningar (jf. personvernforordninga (GDPR) artikkel 13 og 14).
1. Kven er ansvarleg for behandlinga av personopplysningar?
Finanstilsynsdirektøren har etter personopplysningslova det overordna ansvaret for behandlinga av personopplysningar. Avdelingsdirektørane har ansvar for behandlinga i avdelingane dei leiar. Seksjonssjefane i Finanstilsynet har det daglege ansvaret på seksjonsnivå.
2. Kva er formålet med behandlinga av personopplysningar?
Finanstilsynet behandlar personopplysningar for å utføre lovpålagde tilsynsoppgåver.
Relevant lovgiving:
Finanstilsynslova er det lovmessige grunnlaget for verksemda til Finanstilsynet. Hovudoppgåvene til Finanstilsynet går fram av finanstilsynslova § 3. Vidare forvaltar Finanstilsynet ei rekke spesiallover som gir grunnlag for behandling av personopplysningar etter personopplysningslova.
Personopplysningslova skal beskytte den enkelte mot at personvernet blir krenka gjennom behandling av personopplysningar og bidra til at personopplysningane blir behandla etter grunnleggande personvernomsyn.
Forvaltingslova inneheld saksbehandlingsreglar for korleis saka di vil bli behandla i Finanstilsynet. Som part i saka har du særskilde rettar, mellom anna rett til innsyn i dokumenta i saka.
Offentleglova inneheld reglar for når eit dokument er offentleg tilgjengeleg for allmenta og når eit dokument kan unntakast frå offentlegheita. Finanstilsynet praktiserer meiroffentlegheit. Det vil seie at tilsynet så langt det er mogleg, etterstreber at dokument skal vere offentlege.
Arkivlova gir reglar om korleis saksdokumenta skal behandlast og oppbevarast, og korleis avlevering til ein arkivinstitusjon skal foregå.
3. Kva for personopplysningar blir behandla?
Personopplysningar er kvar opplysning om ein identifisert eller identifiserbar fysisk person, jf. personvernforordninga artikkel 4. Finanstilsynet behandlar personopplysningar som ledd i tilsynsverksemda (jf. personvernforordninga artikkel 6 punkt c*), til dømes i samband med konsesjonssøknader, vurderingar av om vedkomanda er eigna, meldingar om eigenhandel, kundeklager m.m.
*«Behandlingen er nødvendig for å oppfylle en rettslig forpliktelse som påhviler den behandlingsansvarlige.»
4. Kor blir opplysningane henta frå?
Finanstilsynet innhentar personopplysningar frå private og offentlege verksemder i inn- og utland, privatpersonar, internasjonale organisasjonar og ulike register (Folkeregisteret, Brønnøysundregistera (Einingsregisteret), Arbeidsgivar- og arbeidstakarregisteret (Aa-registeret), Matrikkelen – Noregs eigedomsregister, Valutaregisteret m.fl.) på eige initiativ som ein del av den lovpålagde saksbehandlinga til Finanstilsynet.
Finanstilsynet mottek førespurnader frå norske og utanlandske privatpersonar og verksemder som kan innehalde personopplysningar.
5. Blir opplysningane utleverte til tredjepartar?
Finanstilsynet utleverer personopplysningar til politiet og andre offentlege myndigheiter, og til utanlandske tilsynsmyndigheiter og internasjonale organisasjonar når dette er nødvendig for å oppfylle Finanstilsynet sine lovpålagde tilsynsoppgåver og internasjonale avtaler. Når det gjeld kva for type personopplysningar som kan utleverast, sjå punkt 3 ovanfor. Utlevering av personopplysningar skjer etter gjeldande personvernlovgiving (jf. personvernforordninga kapittel V).
6. Korleis blir opplysningane behandla (sletting og arkivering)?
Finanstilsynet sine saksdokument blir journalførte og arkiverte i WebSak Fokus, som er eit arkiv- og saksbehandlingssystem frå leverandøren ACOS. Systemet følger offentlege standardar. Seksjonssjefen for dokumentasjon og informasjonsforvalting har det daglege ansvaret for arkivdanninga i Finanstilsynet og for rutinane som følger dette arbeidet. Seksjonssjefane i dei ulike avdelingane i Finanstilsynet følger opp at den faktiske saksbehandlinga følger rutinane. Registrering, lagring og oppbevaring av saksdokument i WebSak Fokus skjer etter arkivlova.
Personopplysningar blir òg lagra i fagsystema til Finanstilsynet (Sentralfag og Datavarehuset). Personopplysningar blir ikkje lagra lenger enn nødvendig. Dersom personopplysningar ikkje skal bli varetekne med heimel i arkivlova eller anna lovgiving, blir dei sletta.
7. Kva for rettar har den registrerte?
Alle har rett til å få stadfesting på om personopplysningar om ein sjølv blir behandla i Finanstilsynet, jf. personvernforordninga artikkel 15. Dei som er registrerte i systema til Finanstilsynet, har som hovudregel rett til innsyn i eigne opplysningar. Det finst enkelte unntak frå retten til innsyn, jf. personopplysningslova §§ 16 og 17.
Dei registrerte har òg rett til å be om at personopplysningar som er uriktige, ufullstendige eller som Finanstilsynet ikkje har adgang til å behandle, blir retta, supplerte eller sletta, jf. personvernforordninga artikkel 16, 17 og 18.
Dersom du meiner at Finanstilsynet si behandling av personopplysningar ikkje stemmer med det som står her, eller på andre måtar bryt personvernlovgivinga, kan du klage til Datatilsynet. Du finn informasjon om rettane dine på nettstaden til Datatilsynet.
8. Korleis blir opplysningane sikra?
Finanstilsynet har etablert rutinar og retningslinjer for å sikre personvernet og etterlevinga av personopplysningslova/personvernforordninga, og for å sikre at uvedkomande ikkje får tilgang til registrerte personopplysningar. Informasjonssikkerheitspolicyen til Finanstilsynet ligg til grunn ved behandling av personopplysningar. Tilsynet gjer risikovurderingar jamnlig og ved behov.
9. Personvernombod
Finanstilsynet har oppnemnd eit personvernombod, som er godkjend av Datatilsynet.
Personvernombodet er:
Tilsynsrådgivar/kontrollar Rune Grundekjøn
Telefon: 22 93 98 98
E-post: rune.grundekjon@finanstilsynet.no
Krav om innsyn kan sendast til: innsyn@finanstilsynet.no
Personvern på finanstilsynet.no
Behandlingsansvarleg
Finanstilsynet er behandlingsansvarleg for behandlinga av personopplysningar som blir samla inn gjennom bruk av nettstaden til Finanstilsynet. Det er frivillig å oppgi personopplysningar ved bruk av nettstaden. Grunnlaget for behandlinga er samtykke frå brukaren.
Bruk av informasjonskapslar/cookies
Finanstilsynet.no nyttar informasjonskapslar (cookies). Informasjonskapslar er små informasjonsfiler som ligg att på datamaskina di for at tenesta vår skal verke best mogleg for deg som brukar. Du kan når som helst avvise at informasjonskapslana blir lagra, men dette kan påverke funksjonaliteten.
Informasjonskapslar nytta av løysninga for nyheitsvarsel:
- AspNetCore.Antiforgery: Denne kapselen blir nytta for å verifisere at skjemaet for registering ikkje er modifisert av andre, eller på annan måte enn tilsikta.
For innloggede brukere (redaktører og brukere med spesiell tilgang) fins 8 nødvendige cookies.
Nyheitsvarsel – lagring av data
Ved å melde deg på nyhetsvarselet godtek du at Finanstilsynet lagrar e-postadressa di og preferansane din hos leverandøren av nyheitsvarselet, Make, som Finanstilsynet nyttar. Desse opplysningane blir nytta til å sende deg varsel om relevante nyheiter på bakgrunn av preferansane dine. Du kan når som helst endre preferansane dine eller melde deg av nyheitsvarselet.
Deling av innhald
Delingstenesta på finanstilsynet.no kan nyttast til å dele artiklar frå nettstaden på utvalde sosiale medium. Opplysningar om deling blir ikkje logga hos oss, men dei blir ofte nytta der og da til å legge inn tipset i det aktuelle sosiale mediet. Finanstilsynet kan ikkje garantere at dette mediet ikkje loggar desse opplysningane. Bruk av slike tenester skjer på eige ansvar.
Korleis avvise informasjonskapslar
På nettstaden nettvett.no kan du lese om korleis du kan stille inn nettlesaren din for å akseptere eller avvise informasjonskapslar.
Sjå informasjon om dette på nettvett.no:
Personvern i varslingsportalen til Finanstilsynet
Leverandøren av varslingsportalen til Finanstilsynet nyttar informasjonskapslen ApplicationGatewayAffinity for lastbalansering av servarar.
Tilgjengelighet
Finanstilsynet er underlagt retningslinjer for universell utforming. Nettsidene skal blant annet ved hjelp av tilstrekkelig kontrast, typografisk system, endring av tekststørrelse og mulighet for navigasjon med tastatur møte kravene. Dette arbeidet pågår kontinuerlig, blant annet ved å teste og videreutvikle nettløsningen.
Tilgjengelighetserklæring
Alle offentlige virksomheter plikter å ha en tilgjengelighetserklæring på sitt nettsted. Digitaliseringsdirektoratet har utviklet en felles løsning for offentlig sektor. Den er obligatorisk å bruke.
Tilgjengelighetserklæringen er først og fremst til for brukeren. Den viser brukeren i hvilken grad et nettsted er universelt utformet. Brukeren får informasjon om eventuelle brudd på kravene, og hvilke utfordringer det fører til og forklaring på hvorfor virksomheten ikke følger regelverket. Brukeren kan melde fra om feil og mangler, og eventuelt sende klage til Diskrimineringsnemnda.
Her kan du lese tilgjengelighetserklæring (bokmål) eller tilgjengelegheitserklæring (nynorsk).