Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Presse >
Offentleg postjournal og innsyn

Offentleg postjournal og innsyn

Sist publisert: 7. mai 2025

Finanstilsynet publiserer postjournalane sine på eInnsyn, ei publiseringsteneste for statlege verksemder og Oslo kommune.

Finanstilsynet publiserer den offentlege journalen sin kvar onsdag for føregåande veke. Innsyn kan bestillast direkte frå eInnsyn.

  • eInnsyn  

Aktuelle lover

  • Lov om rett til innsyn i dokument i offentleg verksemd (offentleglova)
  • Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker (forvaltingslova)
  • Lov om tilsynet med finansforetak mv. (finanstilsynslova)

Unntak frå offentlegheit

Hovudregelen til offentleglova er at dokumenta til forvaltinga er offentlege så langt det ikkje er gjort unntak i lova eller i medhald av lova. Alle dokumenta som er unntekne frå offentlegheita, er påførte lovheimel for unntaket.

  • Offentleglova § 3 

Meiroffentlegheit

Alle forvaltingsorgan har plikt til å vurdere om eit dokument likevel bør kunne gjerast kjend heilt eller delvis, sjølv om det etter føresegner i lova kan unntakast frå offentlegheita. Alle kan derfor søke om innsyn i eit dokument sjølv om det er unnteke frå offentlegheita.

  • Offentleglova § 11

Klage på avslag

Klage på avslag på krav om innsyn skal først sendast til det forvaltingsorganet som har treft vedtaket. Vedkommande som har fått avslaget, kan så klage på avslaget til det forvaltingsorganet som er det nærmaste overordna til forvaltingsorganet som har treft vedtaket. Fristen for å klage er tre veker frå det tidspunktet som meldinga om vedtaket er motteke.

  • Offentleglova § 32
  • Forvaltingslova § 29

 

Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less