Kartlegging av vurderinga av klimarisiko i forsikringsføretaka si eigenvurdering av risiko og solvens (ORSA)
Publisert: 16. oktober 2024
Finanstilsynet har kartlagt vurderinga av klimarisiko i forsikringsføretaka si eigenvurdering av risiko og solvens (ORSA). I alt var 31 forsikringsføretak, 22 skadeforsikringsføretak og ni livsforsikringsføretak, med i kartlegginga.
1. Innleiing og samandrag
Klimaendringar representerer betydelege utfordringar for forsikringsbransjen. Hyppigare og meir intense vêrfenomen som flaum, tørke, stormar og skogbrannar fører til auka utbetalingar og kan påverke den finansielle robustheita til føretaka.
Det er avgjerande at føretaka vurderer eksponeringa si mot klimarisiko og integrerer klimarisiko i det samla systemet til føretaket for risikostyring. Dette inneber ikkje berre å analysere direkte effektar av ekstremvêr på forsikra eigedelar, men òg å vurdere dei langsiktige konsekvensane av klimaendringar på marknader, infrastruktur og samfunn. Ei god forståing av klimarisiko kan hjelpe forsikringsføretak til å tilpasse strategiar, utvikle nye produkt og tenester, og dessutan betre motstandskrafta mot framtidige klimarelaterte hendingar.
Gjennom ei endring i Solvens II-forskrifta blei forordninga om integrering av berekraftsrisiko i styringa av forsikringsføretak gjord gjeldande for norske føretak frå 3. februar 2023. Den europeiske tilsynsmyndigheita for forsikring og tenestepensjon (EIOPA) publiserte “Application guidance on how to reflect climate change in ORSA” 2. august 2022. Denne rettleiinga viser korleis føretaka kan vurdere klimarisiko og klimascenarioanalysar i ORSA-rapporten. Rettleiinga bygger på EIOPA sitt dokument "Opinion on climate change risk scenarios in ORSA", publisert 19. april 2021. I desse retningslinjene blir det stilt krav til gradvis meir omfattande og kvantitative klimarisikovurderingar i føretaka.
Finanstilsynet har kartlagt vurderinga av klimarisiko i eigenvurderinga av risiko og solvens (ORSA) i 31 forsikringsføretak (22 skadeforsikringsføretak og ni livsforsikringsføretak). Basert på den sist innsende ORSA-rapporten frå føretaka gir denne rapporten ei oversikt over vurderingane av klimarisiko i føretaka, i kva grad klima er teken inn i scenarioanalysar og kva for tiltak som blir vurderte som formålstenlege i slike scenario. I tillegg oppsummerer rapporten føretaka si vurdering av reassuranseprogrammet opp mot eksponering mot klimarisiko. Resultata er sett opp mot gjeldande regelverk og tilråingar.
Kartlegginga viser at risikovurdering av klima har blitt ein viktigare del av ORSA-rapportane. Føretaka vurderer klimarisikoen til å vere låg til moderat. Nesten alle føretak har utført ei kvalitativ risikovurdering, men omfanget varierer. Vurderingane har gjennomgåande eit kortsiktig perspektiv. Fleire føretak nemner at kvantifisering av risikovurderingar og klimascenario vil bli prioritert ved utarbeidinga av den neste ORSA-rapporten.
Dei fleste føretaka nemner risikoen for auka reassuransekostnader som ein direkte effekt av auka klimarisiko, men dette er i liten grad teke omsyn til i kvantifiseringa av klimascenarioa. Dei fleste føretaka har kvantifisert utvikling i solvenskapitaldekninga. Ingen har foreløpig kvantifisert forventa utvikling av balansen. Svært få ser det som nødvendig å utarbeide klimaspesifikke tiltak no, sidan risikoen på kort sikt er vurdert som låg/moderat. Dei fleste føretaka baserer seg på tiltaka i beredskapsplanen.
Finanstilsynet vurderer at dei fleste føretaka må vidareutvikle analysane sine av klimarisiko for å vere i tråd med tilråingar og forventingar om kvantifisering og utarbeiding av langsiktige risikovurderingar. Ettersom fleire føretak forventar auka klimarisiko i framtida, bør føretaka prioritere slike analysar. Finanstilsynet følger utviklinga på området, og vil òg ta opp vurderingane av klimarisiko i ORSA med enkeltføretak som eit ledd i den løpande tilsynsverksemda.
Ei meir utfyllande oppsummering av kartlegginga følger i punkt 2 Klimarisikoar, 3 Reassuranse, 4 Analysar av klimascenario og 5 Tiltak. I innleiinga til kvart tema blir forventingane til forsikringsføretaka refererte. Dei er baserte på retningslinjene til EIOPA.
2. Klimarisikoar
Dette punktet oppsummerer korleis fysisk risiko og overgangsrisiko er vurdert i ORSA-rapportane til føretaka.
Tilsynsmyndigheitene skal sjå til at forsikringsføretaka innlemmar klimarisiko i systemet for styring og kontroll, og i ORSA, på linje med andre risikoar føretaka er eksponerte for. Finanstilsynet forventar at forsikringsføretaka identifiserer og vurderer klimarisiko på kort sikt (3–5 år), mellomlang sikt (30 år) og lang sikt (80 år). Klimaendringane kan gi nye forretningsmoglegheiter, men vil òg kunne utfordre forretningsmodellane til føretaka. Framover er det forventa kvantitative analysar og scenario i ORSA.
Fysisk klimarisiko er korleis endringar i vind, nedbør, temperatur, havstiging eller andre klimafaktorar kan treffe føretaket i form av endra skademønster hos kundane. Overgangsrisikoen er risikoen for at endringar i regulering, energibruk og teknologi for å redusere klimagassutsleppa påverkar risikoen og åtferda til føretaket, kundane og andre interessentar.
Totalt 29 av føretaka i kartlegginga har nemnt fysisk risiko og overgangsrisiko, og gjennomført ei risikovurdering av minst éin av dei to risikoane. Risikovurderingane er kvalitative, og detaljgrada varierer frå føretak til føretak. Vurderinga av både fysisk risiko og overgangsrisiko er svært kort i ORSA-en til 14 av føretaka i undersøkinga. Dette er primært mindre skadeforsikringsføretak. Risikoane blir hos dei fleste føretaka framleis vurderte som nokså låg, men fleire føretak reknar med at risikoaene vil auke frå låg til middels på lengre sikt.
2.1 Fysisk risiko
Det er betydelege variasjonar i omtalen til føretaka av fysisk risiko, og i kor stor grad dei reknar risikoen for å vere. Fleire føretak oppfattar risikoen som uføreseieleg, og derfor vanskeleg å kvantifisere og vurdere. Eit fåtal føretak har kvantifiserte klimascenario, sjå punkt 4. Fleire skadeforsikringsføretak beskriv fysisk risiko som meir vesentleg enn overgangsrisiko, men har ikkje kvantifisert risikoen.
Dei fleste føretaka vurderer den fysiske risikoen som høgare på lengre sikt. På kort sikt er risikoen stort sett vurdert som låg. Fem føretak vurderer risikoen til å vere moderat. Ingen vurderer at risikoen er høg i dag. Seks føretak, fire skadeforsikringsføretak og to livsforsikringsføretak, har inga vurdering av fysisk risiko i ORSA.
I vurderinga av investeringane til føretaket blir både investering i eigedom og aksjar trekte fram som utsette for fysisk risiko. Enkelte føretak svarer at dei vil søke å avgrense fysisk risiko i eigne finansplasseringar, men at dei har lita moglegheit til å påverke fond dei har eigardelar i for å redusere denne risikoen.
Skadeforsikringsføretak med høg eksponering innan forsikring av eigedom oppgir at dei har høgare fysisk risiko enn andre føretak. Det er òg forventa aukande skadefrekvens for produktgruppene bustad/bygg, avbrotsforsikring og jordbruk allereie frå neste år. Føretak med høgare eksponering i desse gruppene vil truleg ha ein høgare fysisk risiko. Det blir vurdert at risikoen vil auke framover, men at han i dag er mindre sidan Norsk Naturskadepool vil dekke det meste av ei akutt hending. Fysisk klimarisiko er forventa å påverke livsforsikringsprodukt med høgare dødelegheit, for eksempel som følge av ekstremt varmt eller kaldt vêr.
Ingen føretak har vurdert at det er behov for å sette av ekstra kapital for fysisk klimarisiko i vurderinga av eige kapitalbehov. Fleire føretak meiner at delar av den fysiske risikoen blir fanga opp i kapitalkravet, eksempelvis
- forsikringsrisiko ved endring i frekvens forårsaka av for eksempel auka nedbør
- motpartsrisiko ved endringar i kredittvurderinga til motpartane
- marknadsrisiko med verdinedgang
- operasjonell risiko der skadar på eigedom, infrastruktur, innsatsfaktorar og menneske kan gi auka tap
- strategisk risiko
- etterlevingsrisiko
Fleire skadeforsikringsføretak nemner at fysisk klimarisiko kan auke premierisikoen framover. Det blir likevel påpeikt at eittårige forsikringskontraktar gir godt høve til å justere premiane for å reflektere den auka risikoen.
2.2 Overgangsrisiko
Overgangsrisiko blir vurdert av føretaka som utfordrande å kartlegge. Det er usikkerheit om kva for endringar som vil inntreffe, og kor omfattande tilpassingar føretaka må gjere. Denne uvissa gjer at fleirtalet av føretaka vurderer risikoen som middels framfor låg. Nokre føretak nemner at overgangsrisikoen òg heng saman med korleis samfunnet elles klarer overgangen til eit lågutsleppssamfunn, og kva for endringar det vil medføre. Overgangsrisikoen er størst på lang sikt, men blir vurdert av føretaka å vere under kontroll. Enkelte føretak grunngir den låge kortsiktige risikoen med at risikoen allereie kan vere prisa inn av marknaden.
Eitt føretak meiner overgangsrisikoen først og fremst materialiserer seg i finansiell risiko, men at han òg kan vere stor i forsikringsrisiko, og erkjenner at omstilling vil krevje betydelege ressursar og ny kompetanse hos dei tilsette. Eit anna føretak peiker på at det i investeringsporteføljen har overgangsrisiko som potensielt kan vere høg, dersom det kjem plutselege og kraftige innstrammingar i klimapolitikken. Det blir òg nemnt svakheiter med modellar som bereknar klimarisiko, under dette at dei ikkje tek for seg forpliktingssida i balansen, eller dekker overgangsrisikoar i samband med omdømme og søksmål.
Føretaka erkjenner gjennomgåande at det er overgangsrisiko i investeringsporteføljen. Det blir påpeikt at risikoen skal bli gitt meir merksemd i åra som kjem, og at føretaka skal sikre at dei har kompetente tilsette på området, slik at dei raskt kan tilpasse seg endringar.
Dei fleste livsforsikringsføretaka vurderer overgangsrisikoen til å vere større enn den fysiske risikoen sidan dei opererer med investeringar som strekker seg over fleire tiår. For å kunne oppfylle dei framtidige forpliktingane sine opplyser føretaka at dei må vurdere korleis denne risikoen kan påverke evna til å oppfylle desse forpliktingane over tid.
Enkelte føretak argumenterer for at fysiske risikoar, som ekstremvêr og havnivåstiging, er risikoar som gjerne utviklar seg over lengre tidshorisontar, medan overgangsrisikoar kan føre til brå økonomiske sjokk som krev rask respons. Enkelte beskriv overgangsrisikoen sin til å vere størst på aktivasida, men fleirtalet har ikkje spesifisert dette. Det blir påpeikt at aksjekursen og tilgangen til kapital kan bli negativt påverka om ikkje føretaka har ein berekraftig modell: omdømme kan svekkast, og produkt og pensjonsprofilar som ikkje er klimavennlege, kan miste kundeinteresse og verdi.
Føretaka med større investeringar i fossil sektor, skriv at dei vil vere utsette. Overgangsrisiko kan i tillegg gi seg utslag i svakare økonomisk utvikling med tilhøyrande auka arbeidsløyse og fleire uføre. Risikoen blir vurdert å kunne motverkast noko ved at fleire føretak har investeringar i "løysingsselskap", som vil tene på ein rask overgang til lågutslepp. Tre skadeforsikringsføretak og eitt livsforsikringsføretak har ikkje vurdert overgangsrisikoen sin.
2.3 Andre risikoar
Klimarisiko påverkar alle aspekt ved drifta. I dette kapittelet blir det kort oppsummert føretaka si vurdering av omdømmerisiko og ansvarsrisiko, som kan bli påverka av for eksempel fleire fysiske vêrhendingar og regulatoriske endringar knytte til berekraftig finans.
2.3.1 Omdømmerisiko
Måten føretaka har handtert klimarisiko på, kan påverke omdømmet. Konsekvensar kan vere kritikk og tap av tillit frå både kundar og investorar.
Omdømmerisikoen blir vurdert som låg hos alle føretaka. Fleire føretak vurderer at omdømmerisiko inngår i overgangsrisiko. Eitt føretak har i si vurdering av kapitalbehov for omdømmerisiko avsett kapital for å ta høgd for klimarisiko.
2.3.2 Ansvarsrisiko
Ansvarsrisiko omhandlar tap eller erstatningskrav knytt til avgjerder, eller mangel på avgjerder, som kan knyttast til klimaendringar.
Litt under halvparten av føretaka nemner ansvarsrisiko som ein av tre hovudrisikoar innanfor klima saman med fysisk risiko og overgangsrisiko. Alle desse føretaka vurderer risikoen som svært avgrensa. Dei resterande føretaka nemner ikkje ansvarsrisikoen. Risikovurderingane er korte og kvalitative.
3. Reassuranse
Klimaendringar kan medføre auka reassuransekostnader for norske forsikringsføretak. Reassurandørar kan i mindre grad enn tidlegare vere villige til å dele forsikringsrisikoen knytt til klimarelaterte skadar i Noreg. Store klimarelaterte hendingar kan føre til at reassurandørar ikkje klarer å oppfylle forpliktingane sine. Finanstilsynet vurderer at det er viktig at føretaka tek omsyn til dette i risikovurderingane sine.
Mange føretak skriv at dei har gode reassuranseprogram som reduserer risikoen for auka utbetalingar som ei følge av naturskadar. Fleire føretak stiller mellom anna krav om at reassurandørane skal ha minimum kredittverdigheit A/A–. Fleire av føretaka nemner risikoen for dyrare reassuranse i framtida.
Fleire føretak framhevar eit auka behov for reassuranse framover som eit tiltak for å redusere klimarisikoen. Nokon nemner at diversifisering knytt til reassurandørar er viktig for å redusere risikoen for avhengigheit av éin enkelt reassurandør. Føretaka meiner at det gjennom ulike klimaanalysar vil forstå kor stor klimarisikoen er, og vurdere behovet for reassuranse meir presist framover.
Skadeforsikringsføretaka med ein stor del reassuranse er meir sårbare for prissjokk. Nokon har modellert bortfall av reassuranse i vurdering av kapitalbehovet. Fleire andre føretak har auka det vurderte kapitalbehovet sitt for katastroferisiko, under dette risiko for naturkatastrofe på grunn av dyrare reassuranse. Fleire føretak viser til at trass i eit godt reassuranseprogram, blir den fysiske risikoen vurdert høgare no enn tidlegare – han er auka frå låg til moderat – og føretaka reknar med at reassuranse vil bli dyrare framover. Det blir likevel påpeikt at naturskadepremien kan aukast for å dekke delar av denne kostnaden.
Enkelte skadeforsikringsføretak verkar å ta utgangspunkt i eit uendra reassuranseprogram i framskrivingane sine. Andre føretak har scenario med ekstreme vêrhendingar der ein krevjande reassuransemarknad gjer at eigenrekningsnivået til naturskadepoolen aukar. I scenarioa blir ikkje soliditeten til føretaka trua.
To skadeforsikringsføretak nyttar ikkje gjenforsikring og nemner dermed ikkje denne potensielle risikoen. Fire livsforsikringsføretak seier svært lite om temaet i ORSA.
4. Analysar av klimascenario
Forsikringsføretaka bør utføre omfattande analysar som tek omsyn til ulike klimascenario, inkludert scenario med høg global oppvarming (over 2°C) og scenario med avgrensa oppvarming (under 2°C). Dei bør integrere klimarisikoar i risikostyringssystema og prosessane sine, kvantifisere dei potensielle økonomiske verknadene av klimarisiko på balanseførte eigedelar og forpliktingar, og sikre transparens ved å rapportere om klimarisikoane sine, metodar og resultat av scenarioanalysane. I takt med klimaendringane vil det framover stillast stadig høgare krav til at forsikringsføretaka inkluderer klimascenario i risikostyringa og rapporteringa si.
Fleire føretak har klimascenario i ORSA. I tillegg skriv fleire av føretaka som tidlegare ikkje har utført slike analysar, at dette vil vere prioritert i den neste ORSA-prosessen. I klimascenarioa har nokre føretak teke utgangspunkt i togradersmålet eller NGFS-scenario (Network for Greening the Financial System), men fleirtalet har utarbeidd eigne scenario som dei vurderer som meir relevante for verksemda si. Dei fleste scenarioa er kortsiktige (3–5 år) og viser utvikling i solvenskapitaldekninga og andre nøkkeltal. Enkelte føretak har òg gjennomført scenarioanalysar på lengre sikt (>10 år). Fleire føretak nemner at det kan bli dyrare og vanskelegare med reassuranse framover, men det ser ikkje ut til at føretaka har inkludert denne risikoen i klimascenarioa sine. Det kan stillast spørsmål om relevansen av den faktiske effekten av scenarioa på soliditeten dersom ein heilt utelèt denne risikoen.
Av dei 22 skadeforsikringsføretaka i kartlegginga manglar ni føretak klimarelaterte scenario i ORSA-en sin. Dei resterande føretaka har stort sett alle kvantifiserte scenario på kort sikt, men berre to føretak har kvantifiserte scenario på både kort og lang sikt. Dei fleste av klimascenarioa viser utviklinga i solvenskapitaldekninga på kort sikt, enten under eitt år eller 3–5 år.
Eitt føretak har vurdert fleire klimascenario der dei forventar å bli trefte hardare enn majoriteten av føretaka. Effekten på solvenskapitaldekninga i dei ulike scenarioa er derimot forventa å vere låg. Eit anna føretak har analysert eit storflaum-scenario der auka eigenrekning på reassuranse fekk ein vesentleg effekt. Enkelte andre føretak har òg gjennomført omfattande klimascenario-analysar, men risikoen blir konkludert med å vere låg med ein høg solvensmargin i femårsperioden, utan at det er behov for å innføre tiltak.
Tre av livsforsikringsføretaka manglar vurdering av klimascenario i ORSA. Av dei resterande føretaka tek tre føretak utgangspunkt i NGFS sitt klimascenario, både over og under togradersmålet. To føretak har kvantifisert scenarioa. Berre eitt livsforsikringsføretak vurderer klimascenario på lengre sikt (>10 år). Eitt føretak har i tillegg til separate scenario for overgangsrisiko og fysisk risiko utført ein reversert stresstest med desse risikoane. Analysane viser at det er svært usannsynleg at dei kjem ned til ei solvenskapitaldekning på 100 prosent. Ingen av føretaka skriv i klimascenarioa sine at dei tek utgangspunkt i endring i reassuransemarknaden i åra som kjem.
Det er ingen føretak som viser forventa utvikling i balansen knytt til kortsiktige eller langsiktige klimascenario.
5. Tiltak
Forsikringsføretak bør identifisere relevante tiltak for å redusere eksponeringa mot klimarisikoar. Dette kan inkludere endringar i investeringsstrategiar, justering av forsikringsprodukt og prisar, og dessutan forbetra risikostyring og overvaking.
Mange av føretaka i kartlegginga meiner at klimarisikoen vil auke i framtida og framhevar at det vil bli viktigare framover at dei har ein klar plan i tilfelle med store fysiske klimaendringar eller regulatoriske endringar knytte til klimaendringar.
Nesten alle føretaka viser til ein generell beredskapsplan, der mellom anna reduksjon av utbytte blir framheva som eit effektivt verkemiddel. Fleire føretak vurderer at tiltak ikkje vil vere nødvendige i klimascenarioa deira på grunn av god soliditet og låg risiko. Nokre føretak nemner at dei har gjennomført klimarisikoanalysar som skal følgast opp med konkrete tiltak, utan å spesifisere kva for tiltak som blir planlagde.
Førebyggande arbeid for å forhindre at ein skade oppstår, er beskrive som eit viktig tiltak. Dette blir mellom anna gjort gjennom synfaringar og informasjon til kundar om effektive tiltak. Dei fleste føretaka verkar å ha utarbeidd styrande dokument for å redusere klimaavtrykket.
Berre tre føretak har beskrive konkrete tiltak dersom ei klimarelatert hending inntreffer. Eitt føretak har i klimascenarioa sine med ekstreme vêrhendingar og generelle klimaendringar lista opp kva for tiltak som kan settast i verk for å avgrense konsekvensane av klimaendringar, under dette både overgangsrisiko og fysisk risiko.