Rapportar frå tilsynsområda for 2023
Publisert: 20. februar 2024
Sist endret: 17. april 2024
Publisert: 20. februar 2024
Sist endret: 17. april 2024
Regulering og tilsyn skal bidra til velfungerande marknader, finansiell stabilitet og tillit til det finansielle systemet. Tilsynet med bankar og anna finansieringsverksemd var i 2023 retta mot styring og kontroll, kapitalkrav, kredittrisiko med vekt på tapsavsettingsregelverket, antikvitvasking, IKT-risiko og kriseberedskap.
Regulering og tilsyn skal bidra til at føretaka er solide, at dei har god styring og kontroll, og at dei tar vare på interessene og rettane til kundane. Viktige tema i tilsynsarbeidet i 2023 var marknadsrisiko, forsikringsrisiko, forbrukarvern og føretaka sin bruk av kunstig intelligens.
Finanstilsynet gjennomførte i 2023 tilsyn med korleis Oslo Børs følger opp likebehandling av aksjeeigarar ved utferdarar sin bruk av retta emisjonar. Finanstilsynet meiner Verdipapirsentralen braut reglane om kontroll med kontoførar og brot på informasjonsplikta til Finanstilsynet, og dei fekk straffegebyr på éin million kroner. Utkontraktering av datalagring til eksterne skytenester var tema for eit felleseuropeisk tematilsyn i Euronext-gruppa i 2023.
Finanstilsynet brukte for første gong myndigheita til å gi straffegebyr for marknadsmanipulasjon og udekt shortsal. I 2023 vart det avsagt tre dommar og gitt eitt førelegg av Økokrim med bakgrunn i Finanstilsynets meldingar om mistanke om innsidehandel.
Finanstilsynet gjennomførte i 2023 fire tematilsyn som omfatta til saman 34 verdipapirføretak. Tema har vore rådgiving og opplysning overfor utferdarar knytt til likebehandling av aksjonærar og handtering av innsideinformasjon, plassering av unoterte verdipapir, marknadsovervaking og kapitaldekning. Finanstilsynet registrerte også sju brot på kapitalkrava i løpet av året, og i eitt tilfelle kalla Finanstilsynet tilbake løyvet.
Tema som blei prioriterte i tilsynet med fondsforvaltarar i 2023 var god informasjon og openheit, forvaltning i samsvar med mandat, handtering av kostnader, god selskapsstyring, risiko- og likviditetsstyring i fonda og verdsetting. Antikvitvaskingsarbeid og arbeid med berekraft var andre viktige tema.
Finanstilsynet kontrollerer at prospekt inneheld opplysningane som krevst. I 2023 godkjende Finanstilsynet totalt 91 prospekt, som var noko lågare enn i 2022. To selskap fekk gebyr for brot på plikta til å utarbeide EØS-prospekt. Eitt selskap fekk kritikk for brot på prospektreglane.
I 2023 prioriterte Finanstilsynet å følge opp korleis føretaka rapporterer om konsekvensar av klimarelaterte forhold, Russlands invasjon av Ukraina og makroøkonomiske utfordringar. Finanstilsynets kontroll av finansiell rapportering avdekte fleire vesentlege svakheiter i den finansielle rapporteringa i føretaka.
I 2023 gjennomførte Finanstilsynet 51 tilsyn med rekneskapsføretak. Tilsynsarbeidet resulterte i 12 vedtak om tilbakekalling av løyve som rekneskapsføretak og seks vedtak om tilbakekalling av godkjenning som statsautorisert rekneskapsførar. Finanstilsynet gav også ni straffegebyr som følge av brot på kvitvaskingslova.
Ein velfungerande marknad krev at aktørane har tillit til den finansielle rapporteringa frå næringslivet. God kvalitet på revisjonen bidrar til å styrke denne tilliten. Finanstilsynet gjennomførte i 2023 tilsyn hos tre revisjonsføretak som reviderer føretak av allmenn interesse og 21 andre revisjonsføretak. Brot på reglar har resultert i vedtak om straffegebyr eller, i enkelte tilfelle, tilbakekalling av godkjenning.
Forbrukarane i bustadmarknaden skal ha tillit til eigedomsmeklaren som formidlar bustaden og gjennomfører oppgjeret. Finanstilsynet gjennomførte 16 tilsyn i 2023. Forvaltning og kontroll med klientmidlar, etterleving av kvitvaskingsregelverket og dessutan risikostyring og internkontroll var sentrale kontrollområde.
Sentrale delar av tilsynet på inkassoområdet i 2023 var kontroll av klientmiddelbehandlinga og gjennomgang av risikostyringa og internkontrollen i føretaka. Andre viktige kontrollområde var at føretaka følgde regelverket for korleis krav skal setjast fram, og at salær som vart kravd skyldnar, var korrekte. I 2023 fekk Finanstilsynet fleire meldingar om at skyldnarar var kravde feil beløp i inkassosaker. Finanstilsynets oppfølging og vurderingar er referert i ein samla rapport.