Finansiell rapportering
Publisert: 20. februar 2024
I 2023 prioriterte Finanstilsynet å følge opp korleis føretaka rapporterer om konsekvensar av klimarelaterte forhold, Russlands invasjon av Ukraina og makroøkonomiske utfordringar. Finanstilsynets kontroll av finansiell rapportering avdekte fleire vesentlege svakheiter i den finansielle rapporteringa i føretaka.
Fakta om finansiell rapportering
Finanstilsynet fører kontroll med utferdarar av omsettelege verdipapir som er eller blir søkt tatt opp til handel på ein regulert marknad i EØS, og som har Noreg som heimstat. Kontrollen omfattar rekneskapsrapportering og berekraftsrapportering.
Ved utgangen av 2023 var 290 føretak omfatta av kontrollen med finansiell rapportering. Av desse var 39 utanlandske. 213 føretak var utferdarar av aksjar eller eigenkapitalbevis. 59 utferdarar av aksjar eller eigenkapitalbevis utferda også obligasjonar som var noterte på Oslo Børs. Ved utgangen av 2023 var det 77 utferdarar med berre obligasjonar noterte på Oslo Børs. I løpet av året vart det notert seks aksjeutferdarar på Oslo Børs, medan fem aksjeutferdarar vart strokne.
Kontroll med finansiell rapportering i 2023
I 2023 prioriterte Finanstilsynet å følge opp korleis føretaka rapporterer om konsekvensar av klimarelaterte forhold, Russlands invasjon av Ukraina og makroøkonomiske utfordringar. I tillegg kontrollerte Finanstilsynet, som tidlegare år, den finansielle rapporteringa frå utvalde finansinstitusjonar noterte på ein regulert marknad. Marknadsforholda medførte at verdsetjingar av og opplysningar knytt til næringseigedom var eit aktuelt område for kontroll.
Grunnlaget for å velje ut kva føretak som skal kontrollerast, kan vere signal eller risikovurderingar. Den risikobaserte analysen bygger mellom anna på innrapportering av opplysningar frå føretaka via Altinn. Om det er lenge sidan sist eit føretak er kontrollert, er det også med i vurderinga av kva føretak som blir kontrollerte.
Kontrollaktivitetar
I 2023 gjekk Finanstilsynet gjennom heile eller delar av den finansielle rapporteringa til 26 føretak. Kontrollen retta seg særleg mot utferdarar av aksjar og eigenkapitalbevis, men også mot enkelte utferdarar av obligasjonar. Det var tettare oppfølging av 13 føretak. Fem av desse sakene er framleis under arbeid. I tillegg vart ti saker frå tidlegare år avslutta.
Alle tilsynsrapportar og vedtak er publiserte på Finanstilsynets nettstad.
Oppfølging av opplysningar om forventa kredittap
Rekneskapsføring av forventa kredittap i finansinstitusjonar og tilhøyrande noteopplysningar (IFRS 9 og IFRS 7) var eit prioritert område ved kontroll av årsrapportar for 2021 og 2022. Finanstilsynet avslutta i 2023 fleire kontrollsaker på dette området, mellom anna for sparebankar og bustadkredittføretak.
Andre forvaltningssaker
Finanstilsynet gav straffegebyr til to føretak i 2023 for forseinka publisering av årsrapportar.
Finanstilsynet publiserte i august 2023 ei oversikt over manglar i årsrapportane frå noterte føretak for 2022 og i oktober 2023 ei oversikt over manglar i halvårsrapportane frå noterte føretak. Det låg føre manglar hos fleire føretak, mellom anna knytt til ansvarserklæring og forklaring for samfunnsansvar. I tillegg vart det i årsrapportane for 2022 avdekt fleire feil i samsvar med krava til elektronisk rapporteringsformat (ESEF).
Finanstilsynet observerer at det ikkje var noka stor endring i talet på føretak med manglar i års- og halvårsrapportar for 2022 og første halvår 2023 samanlikna med den førre perioden.