Forsikring og pensjon
Publisert: 20. februar 2024
Regulering og tilsyn skal bidra til at føretaka er solide, at dei har god styring og kontroll, og at dei tar vare på interessene og rettane til kundane. Viktige tema i tilsynsarbeidet i 2023 var marknadsrisiko, forsikringsrisiko, forbrukarvern og føretaka sin bruk av kunstig intelligens.
Fakta om forsikring og pensjon i Noreg
I Noreg er det 48 skadeforsikringsføretak, ti livstrygdingsføretak og eitt innskotspensjonsføretak som har løyve frå norske myndigheiter til å yte forsikringstenester. Totalt er det 75 pensjonskassar som har løyve til å drive verksemd i Noreg, fordelte på 43 private pensjonskassar og 32 kommunale pensjonskassar.
2455 forsikringsformidlingsføretak var registrerte i Finanstilsynets verksemdsregister ved utgangen av 2023. Av desse var det 65 forsikringsmeklarføretak, og av dei 13 som også hadde løyve til å drive gjenforsikringsmeklingsverksemd, eitt reint gjenforsikringsmeklarføretak, 378 forsikringsagentføretak og 2012 aksessoriske forsikringsagentføretak.
Det er også ei rekke utanlandske forsikringsselskap og forsikringsformidlarar som har filial i Noreg, eller som har meldt at dei vil tilby tenester i Noreg. Desse har løyve frå og er under tilsyn i andre land i EØS.
Finanstilsynets verksemdsregister gir ei oversikt over kva forsikringsføretak, pensjonskassar og forsikringsformidlarar som har løyve til å yte ulike tenester i Noreg.
Tilsyn
Finanstilsynets tilsyn på forsikrings- og pensjonsområdet er risikobasert. Grunnlaget for prioriteringane i tilsynsverksemda i 2023 var rapportering frå føretaka, analysar av risikoar og sårbarheiter og signal Finanstilsynet fekk om føretak og marknader. I eit tilsyn går Finanstilsynet gjennom systemet for styring og kontroll i føretaket, inkludert strategiar og retningslinjer, organisering, overvaking og rapportering. I tillegg går tilsynet gjennom risikonivået og kapitaliseringa i føretaket. Enkelte tilsyn er også konsentrert om spesifikke tema eller risikoområde. Relevante tema på tilsyn i 2023 var marknadsrisiko, forsikringsrisiko, tekniske avsetningar, IKT-risiko, antikvitvasking og bruk av kunstig intelligens.
Finanstilsynet gjennomførte fire tilsyn i livsforsikringsføretak i 2023. Eitt av desse tilsyna hadde kundevern som tema, eitt var eit IKT-tilsyn, og to tilsyn var generelle verksemdstilsyn. Det vart gjennomført tilsyn i to pensjonskassar og sju skadeforsikringsføretak.
Finanstilsynet gjennomførte tilsyn hos to forsikringsformidlarar, eitt forsikringsmeklarføretak og eitt forsikringsagentføretak. Tema for tilsyna var forbrukarvern.
To skadeforsikringsføretak har fått godkjent partielle interne modellar for å berekne solvenskapitalkravet. Modellane blir følgde opp gjennom rapportering, møte og tilsyn. Også i 2023 blei det behandla søknader om modellendringar.
Finanstilsynet samarbeider med andre nasjonale finanstilsyn om tilsyn med internasjonale forsikringskonsern. Finanstilsynet leier slike tilsynskollegium for Storebrand og Gjensidige og deltar i tillegg i fire andre tilsynskollegium. Det er også løpande samarbeid med andre landstilsynsmakter knytt til utanlandske filialar og verksemd utanfor EØS-området. Finanstilsynet inngjekk i 2023 ei avtale om tilsynssamarbeid med tilsynsmyndigheita på Bermuda.
Analyse og overvaking
Finanstilsynet får omfattande rapportering frå forsikringsføretak, pensjonskassar og forsikringsformidlarar. Utsette føretak blir i tillegg pålagde ekstraordinær rapportering etter ei konkret vurdering. Rapporteringa dannar eit viktig grunnlag for oppfølging av føretaka.
Vi publiserte i 2023 ei rekke rapportar som er tilgjengelege på Finanstilsynets nettstad:
- kvartalsvise rapportar som viser lønnsemd og balansesamansetning i livsforsikringsføretak og skadeforsikringsføretak
- kvartalsvise overordna rapportar om soliditeten i finansføretak osv. der både forsikringsføretak og pensjonskassar er omtalte (pensjonskassar inngår kvart halvår)
- halvårlege rapportar som viser lønnsemd og balansesamansetning i pensjonskassar
- halvårlege utfyllande rapportar om soliditeten i pensjonskasser
- årlege utfyllande rapportar om soliditeten i forsikringsføretak
Finanstilsynet gjennomfører ad hoc-analysar av risikoar i føretak og marknader når vi vurderer det som relevant. I 2023 kartla vi effektar av ulike ekstreme vêrhendingar og korleis dei påverka solvensen i føretaka, og vi kartla reassuransemarknaden for forsikringsføretaka etter signal om at det hadde blitt meir utfordrande å inngå reassuranseavtalar.
Finanstilsynet gjennomførte også analysar av eksponeringane i føretaka mot amerikanske og sveitsiske bankar og dessutan andre typar risikoeksponeringar. Analysane var mellom anna baserte på eigenvurderingane i føretaka av risiko og solvens (ORSA).
Løyve og andre forvaltningssaker
I 2023 fekk to pensjonskasser løyve til å avvikle verksemda, og to pensjonskasser fekk løyve til å fusjonere.
I 2023 gav Finanstilsynet 180 føretak løyve til å drive forsikringsformidlingsverksemd.
Finanstilsynet vurderte, også i 2023, kvalifikasjonane til forsikringsføretak sine styremedlemmer og leiarar ved nyetableringar og ved endringar i styre og leiing i etablerte føretak.
Finanstilsynet behandla i 2023 101 meldingar om utkontraktering av IKT-leveransar.
Kriseberedskap og -handtering
Finanstilsynet har beredskap for å handtere kriser i både enkeltføretak og marknader. Tilsynsverksemda har som formål å førebygge slike kriser.
Finanstilsynet hadde i 2023 tett oppfølging og skjerpa beredskap knytt til enkelte forsikringsføretak som har hatt svak solvens og mangelfullstyring og kontroll med verksemda.
Finanstilsynet er sekretariat for Garantiordningen for skadeforsikring. Stortinget vedtok i 2023 å forskotere krav frå skadelidde dekte av forsikringsavtalar inngått på grensekryssande basis i det danske forsikringsselskapet Alpha Forsikring A/S. Garantiordningen er gitt i oppgåve å administrere desse utbetalingane, som venteleg vil bli gjennomført i 2024.
Regelverksarbeid
Pensjonsinnretningars behandling av forvaltningsvederlag ved plassering av kundemidlar i fond
I livsforsikringsføretak og pensjonskassar (frå no av omtalt som pensjonsinnretningar) skal pristariffane og premiane inkludere det samla vederlaget som kunden skal betale i samband med forsikringsavtalen, under dette pris for forvaltning av kundemidlane. Finansdepartementet har meint at det er behov for ei klargjering av korleis godtgjersle for forvaltning i verdipapirfond og alternative investeringsfond skal behandlast etter reglane i forsikringsverksemdslova om pristariffar og overskot. Departementet bad derfor Finanstilsynet om å foreslå regelendringar. I desember 2023 sende Finanstilsynet eit forslag til Finansdepartementet om å klargjere i forskrift at prisen for pensjonsinnretningane for forvaltning av forsikringskapital i kollektivporteføljen omfattar godtgjersle til fondsforvaltarar. Forslaget gjeld garanterte produkt og svarer til reglane som gjeld for innskotspensjonsordningar.
Bufferfond for private garanterte pensjonsprodukt
Nye reglar om bufferfond for private garanterte pensjonsprodukt tredde i kraft 1. januar 2024. Bufferfondet vil erstatte dagens tilleggsavsetningar og kursreguleringsfond, vere kundefordelte og kunne dekke negativ avkastning. Tilsvarande endringar blei gjorde for kommunale pensjonsordningar med verknad frå 2022. Endringa skal legge til rette for betre konkurranse i marknaden for slike pensjonsprodukt og bidra til høgare forventa avkastning. Leverandørane får større rom for risikotaking i forvaltninga samtidig som kundane beheld tryggleiken for si garanterte avkastning. Finanstilsynet sende i desember 2023 eit likelydande brev til alle livsforsikringsføretaka der vi understreka at endringar i forvaltninga av kollektivporteføljane slik at forventa avkastning aukar, er ein nødvendig føresetnad for at regelverksendringa skal kunne vere ein fordel for kundane.
PEPP (Pan-European Pension Product)
I november 2023 sende Finansdepartementet eit forslag frå Finanstilsynet om korleis EUs reglar om eit paneuropeisk pensjonsprodukt (PEPP) kan gjennomførast i norsk rett på høyring. PEPP er eit individuelt, ikkje arbeidsmarknadsrelatert pensjonsprodukt. Ingen føretak er pålagde å tilby produktet, men berre produkt som er registrerte etter desse reglane, kan marknadsførast og distribuerast i EØS-området under nemninga "PEPP".