Infrastruktur på verdipapirområdet
Publisert: 20. februar 2024
Finanstilsynet gjennomførte i 2023 tilsyn med korleis Oslo Børs følger opp likebehandling av aksjeeigarar ved utferdarar sin bruk av retta emisjonar. Finanstilsynet meiner Verdipapirsentralen braut reglane om kontroll med kontoførar og brot på informasjonsplikta til Finanstilsynet, og dei fekk straffegebyr på éin million kroner. Utkontraktering av datalagring til eksterne skytenester var tema for eit felleseuropeisk tematilsyn i Euronext-gruppa i 2023.
Fakta om infrastrukturen i verdipapirmarknaden
Infrastrukturen på verdipapirområdet omfattar handelsplassar, sentrale motpartar, verdipapirsentralar og administratorar av finansielle referanseverdiar. Dette er fellesfunksjonar som er viktige for at verdipapirmarknaden skal fungere som kapitalkjelde for næringslivet og som grunnlag for investeringsverksemd og sparing.
I Noreg er det fem regulerte marknader og éin multilateral handelsfasilitet. Oslo Børs ASA, som er eigd av Euronext N.V., driftar dei to regulerte marknadene Oslo Børs og Euronext Expand og den multilaterale handelsfasiliteten Euronext Growth Oslo og eig 97 prosent av aksjane i den regulerte marknaden Fish Pool. I tillegg kjem dei to regulerte marknadene Nasdaq Oslo ASA og Norexeco ASA.
Verdipapirsentralen ASA driv eit verdipapirregister og er operatør av det sentrale verdipapiroppgjerssystemet (VPO NOK). Verdipapirsentralen ASA er også eigd av Euronext N.V. og nyttar merkevarenamnet Euronext Securities Oslo.
Sentrale motpartar tilbyr clearing av ulike finansielle instrument. I den norske marknaden er følgande sentrale motpartar relevante: SIX x-clear AG, LCH Ltd, Cboe Clear Europe N.V, LCH S.A, Nasdaq Clearing AB og European Commodity Clearing AG.
Administratorar av finansielle referanseverdiar som er under tilsyn, er Norske Finansielle Referanser AS, Oslo Børs ASA, Fish Pool ASA, Norexeco ASA, Nord Pool European Market Coupling AS og Nordic Bond Pricing AS. Referanseverdiar er indeksar som blir brukte som referanse i finansielle instrument og kontraktar, eller for å måle resultata til investeringsfond.
Tilsyn
Oslo Børs
Finanstilsynet gjennomførte i 2023 tilsyn med Oslo Børs si oppfølging av likebehandling av aksjeeigarar ved utferdarar sin bruk av retta emisjonar. Tilsynsrapporten vil ligge føre tidleg i 2024. Tilsynet var ein del av eit større tematilsyn som også omfatta fleire verdipapirføretak og korleis dei etterlever kravet i verdipapirhandellova ved rådgiving, tilrettelegging og plassering av emisjonar.
Finanstilsynet deltek i eit tilsynskollegium saman med dei nasjonale tilsynsmyndigheitene til dei andre børsane i Euronext-gruppa. I 2023 gjennomførte tilsynskollegiet for første gong eit felles tematilsyn i Euronext-gruppa. Temaet for tilsynet var Euronexts utkontraktering av datalagring til eksterne skytenester.
Nasdaq Oslo
Nasdaq Oslo er ein regulert marknad som tilbyr handel i europeiske kraftderivat. Nordiske kraftderivat utgjer majoriteten av omsetninga. Energiprisane og volatiliteten i marknaden heldt seg på eit lågare nivå i 2023 enn i 2022.
Nasdaq Oslo annonserte i juni at dei hadde inngått avtale med European Energy Exchange om overføring av alle opne posisjonar i nordiske kraftderivat frå Nasdaq Clearing til European Commodity Clearing. Som ein del av avtalen skal Nasdaq Oslo avvikle verksemda si. Etter innspel frå konkurransestyresmaktene i Norden bestemde EU-kommisjonen å undersøke om avtalen vil føre til lågare konkurranse i energimarknaden i Nord-Europa. Avtalen er sett på vent i påvente av EU-kommisjonen si avgjerd.
Fish Pool
Fish Pool er ein regulert marknad for laksederivat der aktørar kan sikre delar av produksjonen sin. Finanstilsynet fastsette nye posisjonsgrenser for laksederivat på Fish Pool i mai og august 2023.
Verdipapirsentralen (Euronext Securities Oslo)
Finanstilsynet gjennomførte i 2023 det første tilsynet med Verdipapirsentralen etter at dei fekk løyve som verdipapirsentral etter CSDR (Central Securities Depository Regulation). Tilsynsrapporten er forventa ferdigstilt i første kvartal 2024.
Ein feil ved innføring av to utanlandske aksjar i VPS-registeret innebar brot på reglane om kontroll med kontoførar og dessutan brot på informasjonsplikta til Finanstilsynet. Finanstilsynet vedtok pålegg om retting og dessutan eit straffegebyr på éin million kroner til Verdipapirsentralen. Finanstilsynet konkluderte samtidig med at det låg føre brot på reglane om god forretningsskikk i verdipapirhandellova og gav også kontoføraren eit pålegg om retting. Verdipapirsentralen har klaga på vedtaket, og klagen er til behandling i Finansdepartementet.
Finanstilsynet gav i 2023 Verdipapirsentralen på nærmare vilkår løyve til å utkontraktere enkelte kjernetenester i samband med etableringa av ei felles avdeling med det danske søsterselskapet Euronext Securities Copenhagen.
Forvaltarregistrering i norske eigarregister
Finanstilsynet skal godkjenne forvaltarregistrering av norske aksjar, teikningsrettar og eigenkapitalbevis registrert i ein verdipapirsentral og forvaltarregistrering i andelseigarregisteret til norske verdipapirfond.
Finanstilsynet gav i 2023 godkjenning til seks nye forvaltarar, av dei tre norske. Vidare blei det registrert opphøyr av godkjenning for 27 forvaltarar, av dei fire norske. Ved utgangen av året var det 227 godkjende forvaltarar, av dei 54 norske.
Referanseverdiar
Hausten 2022 gjennomførte Finanstilsynet eit stadleg tilsyn hos Norske Finansielle Referanser AS, som er administrator for rentereferanseverdien Nibor. Tilsynet blei sluttført i mars 2023. Formålet med tilsynet var å undersøke etterlevinga i føretaket av krava i referanseverdiforordninga og utfyllande kommisjonsforordningar.
Clearing
Finanstilsynet behandla i 2023 éin søknad om unntak frå kravet om utveksling av sikkerheit for derivattransaksjonar i konsern og tre meldingar om unntak frå kravet om å rapportere konserninterne derivattransaksjonar til eit transaksjonsregister.
Som ein del av tilsynet med sentrale motpartar som clearar handelen på norske marknadsplassar, deltok Finanstilsynet også i 2023 i tilsynssamarbeid med andre nasjonale tilsynsmakter i tilsynskollegium og krisehandteringskollegium.