Inkassoverksemd
Publisert: 20. februar 2024
Sentrale delar av tilsynet på inkassoområdet i 2023 var kontroll av klientmiddelbehandlinga og gjennomgang av risikostyringa og internkontrollen i føretaka. Andre viktige kontrollområde var at føretaka følgde regelverket for korleis krav skal setjast fram, og at salær som vart kravd skyldnar, var korrekte. I 2023 fekk Finanstilsynet fleire meldingar om at skyldnarar var kravde feil beløp i inkassosaker. Finanstilsynets oppfølging og vurderingar er referert i ein samla rapport.
Fakta om inkassobransjen
Tilsynet med inkassoverksemd omfattar føretak med løyve til å inndrive forfalne pengekrav for andre (framandinkasso) og føretak som kjøper opp forfalne pengekrav og sjølv driv inn desse (oppkjøps- og eigeninkasso)
Det skjer store omstruktureringar i bransjen, og det har blitt stadig færre inkassoføretak i Noreg i dei seinaste åra. Talet på årsverk går også ned. Ved utgangen av 2023 var det 76 føretak med inkassoløyve. Fem av føretaka er oppkjøpsføretak.
Inkassoføretaka har dei siste åra mottatt stadig fleire saker til inndriving. I 2022 innkasserte bransjen totalt 46,4 milliardar kroner. Finanstilsynet publiserer halvårleg inkassostatistikk, som har meir informasjon om bransjen og utviklinga i inkassosaker.
Tilsyn
Viktige kontrollområde i tilsynsarbeidet er at føretaka følger reglane i lov og forskrift for korleis krav skal setjast fram, og at salær som blir kravd skyldnar, er korrekte. Kontroll av klientmiddelbehandlinga er sentralt i tilsynet, i tillegg til ein gjennomgang av risikostyringa og internkontrollen i føretaket forutan etterleving av IKT-forskrifta.
Finanstilsynet byrja med tilsyn i sju føretak i 2023, og fire av desse vart avslutta i løpet av året. Dette var avgrensa dokumentbaserte tilsyn som omhandla høvesvis saksbehandlingsfeil knytt til oversending av inkassosaker til rettsleg inndriving, éi IT-hending som medførte for høg renteberekning, innvendingshandtering og plikta til å undersøkje rettmessigheita til krava og regelbrot knytt til klientmiddelbehandlinga.
Eit stadleg tilsyn i 2022 resulterte i at Finanstilsynet i 2023 fatta vedtak om tilbakekalling av inkassoløyvet til det aktuelle føretaket. Grunnlaget var manglar ved risikostyringa og internkontrollen i føretaket, som hadde medført regelbrot i saksbehandlinga av inkassosaker. Vedtaket vart klaga på, og klagenemnda for revisor-, rekneskapsførar- og inkassosaker – som viste til omfattande endringstiltak i føretaket etter Finanstilsynets tilbakekalling – gjorde om vedtaket.
Finanstilsynet fekk i 2023 hendingsrapportar frå fleire finans- og inkassoføretak om at krav som ikkje var betalte innan forfall, hadde blitt behandla feil i inndrivingsprosessen ved at skyldnarar var påførte for høge kostnader og renter. Feilen knytte seg mellom anna til produkta kredittkort, forbrukslån og bilfinansiering. Finanstilsynets oppfølging og vurderingar av dette er referert i ein samla rapport som er send til dei involverte føretaka og publiserte på Finanstilsynets nettstad.
Løyve
I 2023 vart det gitt 48 inkassoløyve til enkeltpersonar og føretak. I desse sakene, og ved endringar i leiinga for føretak og styrer, gjennomførte Finanstilsynet i tillegg ei rekkje vurderingar av om styremedlemmer og leiarar var eigna til rolla.