Prospektkontroll – omsettelege verdipapir
Publisert: 20. februar 2024
Finanstilsynet kontrollerer at prospekt inneheld opplysningane som krevst. I 2023 godkjende Finanstilsynet totalt 91 prospekt, som var noko lågare enn i 2022. To selskap fekk gebyr for brot på plikta til å utarbeide EØS-prospekt. Eitt selskap fekk kritikk for brot på prospektreglane.
Fakta om prospekt kontrollerte av Finanstilsynet
Eit prospekt skal gi relevant informasjon om det aktuelle føretaket i samband med eit offentleg tilbod eller opptak til notering på ein regulert marknad.
|
2019 |
2020 |
2021 |
2022 |
2023 |
---|---|---|---|---|---|
Aksjar |
54 |
50 |
55 |
58 |
40 |
Obligasjonar |
68 |
71 |
52 |
47 |
51 |
Sum |
122 |
121 |
107 |
105 |
91 |
Kjelde: Finanstilsynet
Gjennomføring av prospektkontroll i 2023
Kapitalmarknaden i 2023 var prega av den makroøkonomiske situasjonen, med høge rentenivå og stor uvisse, og det var ein nedgang i talet på prospekt knytt til nye aksjenoteringar. Talet på aksjeprospekt for allereie noterte selskap var også noko lågare enn i dei seinare åra, medan talet på prospekt for obligasjonsutferdingar synest mindre påverka av marknadsforholda.
I 2023 godkjende Finanstilsynet totalt 91 prospekt, som var noko lågare enn i 2022.
Finanstilsynet avbraut 18 kontrollprosessar i 2023 (mot 17 i 2022) etter at kapitalinnhentingar og/eller noteringar blei avlyste.
Finanstilsynet starta i 2023 kontroll av 13 prospekt for nye aksjenoteringar (mot 29 i 2022). Av desse vart seks prospekt (mot 19 i 2022) nytta i samband med førstegongsnotering av aksjar på Oslo Børs eller Euronext Expand, medan resten av prosessane blei avbrotne. Finanstilsynet godkjende 29 prospekt for allereie noterte selskap og førstegongsnoteringar. I tillegg kontrollerte tilsynet fem prospekt for aksjeemisjonar i unoterte selskap. Talet på obligasjonsprospekt i 2023 var omtrent på same nivå som i 2022, med høvesvis 51 mot 47.
Forvaltningssaker
I 2023 gav Finanstilsynet to selskap gebyr for brot på plikta til å utarbeide EØS-prospekt. Eitt selskap fekk kritikk for brot på prospektreglane.
Regelverksarbeid
Finansdepartementet sende i oktober eit forslag frå Finanstilsynet om gjennomføring av forventa EØS-reglar om grøne obligasjonar på høyring. Reglane etablerer ein felleseuropeisk standard for obligasjonar som blir utferda som European Green Bonds, stiller mellom anna krav til korleis provenyet blir nytta og pålegg utferdarar opplysningskrav.