Revisjon
Publisert: 20. februar 2024
Ein velfungerande marknad krev at aktørane har tillit til den finansielle rapporteringa frå næringslivet. God kvalitet på revisjonen bidrar til å styrke denne tilliten. Finanstilsynet gjennomførte i 2023 tilsyn hos tre revisjonsføretak som reviderer føretak av allmenn interesse og 21 andre revisjonsføretak. Brot på reglar har resultert i vedtak om straffegebyr eller, i enkelte tilfelle, tilbakekalling av godkjenning.
Fakta om revisjon i Noreg
I Noreg er det 506 revisjonsføretak. Ti av desse føretaka reviderer føretak av allmenn interesse.
Per desember 2023 hadde 3353 personar godkjenning som statsautorisert revisor. Desse personane har fått tildelt revisorregisternummer og kan vere oppdragsansvarlege revisorar i revisjonsføretak og signere revisjonsrapportar og andre revisorerklæringar.
Revisorregisteret gir ei oversikt over kva revisjonsføretak og personar som har godkjenning frå Finanstilsynet.
Tilsyn
Revisorar som reviderer føretak av allmenn interesse, det vil seie føretak som har utferda verdipapir på Oslo Børs (noterte føretak), bankar, forsikringsføretak og kredittføretak, skal etter revisorlova omfattast av periodisk tilsyn minst kvart tredje år. Desse tilsyna blir gjennomførte av Finanstilsynet. Andre revisorar skal ha periodisk tilsyn minst kvart sjette år. Revisorforeininga utfører desse kontrollane av medlemmene sine på vegner av Finanstilsynet. I tillegg gjennomfører Finanstilsynet risikobasert tilsyn basert på signal og innrapporteringar for å sjå til at revisjonsføretak og revisjonsutføring er i samsvar med revisorlova, under dette god revisjonsskikk.
Oppsummering av tilsynsaktiviteten i 2023:
- gjennomførte tilsyn med tre revisjonsføretak som reviderer føretak av allmenn interesse, av desse eitt som vart gjennomført saman med amerikanske tilsynsmyndigheiter (PCAOB)
- gjennomførte tilsyn med 21 revisjonsføretak basert på risikobasert utveljing
- starta tematilsyn hos seks revisjonsføretak om korleis dei etterlever kravet revisorforordninga har til tilleggsrapport til revisjonsutval, revisjonsrapport og ESEF-rapportering (felleseuropeisk elektronisk rapporteringsformat)
- fatta eitt vedtak om tilbakekalling av godkjenning som revisjonsføretak, seks vedtak om tilbakekalling av godkjenning som statsautorisert revisor, eitt vedtak om straffegebyr og eitt vedtak om forbod mot å ha leiingsfunksjon, jf. revisorlova
- mottok rapportering frå alle revisjonsføretak som reviderer føretak av allmenn interesse, om revisjonsutføringa for kvart enkelt oppdrag. Opplysningane blir brukte i Finanstilsynets oppfølging av revisjonsføretaka og dessutan i statistikk og informasjon om revisjonsmarknaden.
- utvikla nytt Altinn-skjema for rapportering av etterlevinga av lovkrav og kvalitetsstyring i revisjonsføretaka. Rapporteringa vil skje tidleg i 2024.
Finanstilsynet utarbeider årlig ein rapport om den norske revisjonsmarknaden fortan ein "Market Monitoring"-rapport som inngår i vurderingar på europeisk nivå i regi av det europeiske samarbeidet om revisortilsyn (CEAOB).
Løyve
I 2023 fekk 27 føretak godkjenning som revisjonsføretak og 1 049 personar godkjenning som statsautorisert revisor.
Det har vore ein stor auke i talet på personar som har søkt om godkjenning som statsautorisert revisor. Dette kjem av at overgangsordninga i revisorlova gjekk ut 31. desember 2023. Etter tidlegare lov var alle statsautoriserte revisorar oppførte i Revisorregisteret. Etter gjeldande lov må dei som ikkje hadde tilgang til å ta på seg revisjonsoppdrag før 31. desember 2023, søke om revisorregisternummer for framleis å stå i registeret. Dei andre vil få godkjenninga si deponert og kan ikkje nytte tittelen statsautorisert revisor. Ved utgangen av 2023 var det nesten 50 prosent fleire godkjende revisorar med revisorregisternummer enn ved inngangen til året.
Regelverksarbeid
Finanstilsynet deltek i det europeiske og globale tilsynssamarbeidet gjennom CEAOB (Committee of European Auditing Oversight Bodies) og IFIAR (International Forum of Independent Audit Regulators). Gjennom deltaking i desse organisasjonane bidrog Finanstilsynet til høyringssvar til utviklinga av den internasjonale standardsettinga innanfor revisjonsområdet.
Rapporter fra andre tilsynsområder:
-
Bankar og anna finansieringsverksemd
-
Forsikring og pensjon
-
Infrastruktur på verdipapirområdet
-
Marknadsåtferd i verdipapirmarknaden
-
Verdipapirføretak
-
Fond og kollektive investeringar
-
Prospektkontroll – omsettelege verdipapir
-
Finansiell rapportering
-
Rekneskapsførarverksemd
-
Eigedomsmekling
-
Inkassoverksemd