Annex IV-rapportering for forvaltarar av alternative investeringsfond (KRT-1160 og KRT-1161)
Publisert: 1. september 2016
Sist endret: 28. november 2024
Forvaltarar av alternative investeringsfond (AIF-forvaltarar) skal regelmessig rapportere opplysningar om forvaltaren og dei alternative investeringsfonda (AIF) dei forvaltar. Rapporteringsplikta gjeld for forvaltarar med konsesjon og forvaltarar som er registrerte hos Finanstilsynet. Forvaltarar som er etablerte utanfor EØS og som marknadsfører alternative investeringsfond i Noreg, skal òg rapportere til Finanstilsynet.
Rapportering
Rapportering for norske AIF-forvaltarar (Annex IV-rapportering) (KRT-1160 og KRT-1161)
Rapportering
Rapportering for utanlandske AIF-forvaltarar (NPPRs)
Foreign AIFMs (Non-EU AIFMs under Private Placement Regime (NPPR)) are requested to follow the technical guidance published on our English web site:
Rapporteringsplikt
AIF-forvaltarar skal regelmessig rapportere til Finanstilsynet om dei viktigaste marknadene og instrumenta forvaltaren handlar i på vegner av dei alternative investeringsfonda. Dei skal òg rapportere informasjon om dei forvaltede fonda sine investeringsstrategiar, hovudkategoriane av instrument som dei handlar, og dei største engasjementa og konsentrasjonane til fonda.
Rapporteringsplikta for AIF-forvaltarar med konsesjon følger av AIF-lova § 4-6. Føresegna gjennomfører Europaparlaments- og rådsdirektiv 2011/61/EU (AIFMD) artikkel 24(1), (2) og (4). Rapporteringsplikta for registrerte forvaltarar, som er forvaltarar utan konsesjon, følger av AIF-lova § 1-4, som gjennomfører AIFMD artikkel 3(3)(d).
Utfyllande føresegner om kva som skal rapporterast og ved ulike tidspunkt, følger av Forordning (EU) nr. 231/2013. Forordninga gjeld som norsk forskrift, sjå AIF-forskrifta § 8-1.
Rapporteringshyppigheit for AIF-forvaltarar med konsesjon
Alle AIF-forvaltarar med konsesjon skal kvartalsvis levere minimum forenkla rapportering. Rapporteringshyppigheita for utvida rapportering avhenger i hovudsak av storleiken på samla kapital under forvalting (AUM).
Rapporteringshyppigheita er i hovudsak
- halvårleg for AIF-forvaltarar som forvaltar fond med ein samlet forvaltingskapital som overstig terskelbeløpa i AIF-lova § 1-4 (100 mill. /500 mill. euro), men som ikkje overstig 1 milliard euro
- kvartalsvis for AIF-forvaltarar som forvaltar fond med ein samla forvaltingskapital som overstig 1 milliard euro
- AIF-forvaltarar som forvaltar ikkje-gira AIF-ar som har som investeringsmål å oppnå kontroll i unoterte selskap og utskrivarar (f.eks. private equity fond), skal rapportere årleg for AIF-ane.
Ver merksam på at det i visse tilfelle skal rapporterast med ulik hyppigheit for AIF-forvaltar og AIF-ar. Ein AIF-forvaltar som har halvårleg rapporteringsplikt skal for eksempel rapportere hyppigare for eit AIF som har ein forvaltingskapital (inkludert aktiva erverva gjennom giring) som overstig 500 millionar euro. For eit slikt AIF skal det rapporterast kvartalsvis. AIF-forvaltarane er ansvarlege for at det rapporterast med riktig rapporteringshyppigheit.
Ein meir detaljert oversikt over rapporteringshyppigheita står i Annex 1 til ESMAs «Guidelines on reporting obligations under Articles 3(3)(d) and 24(1), (2) and (4) of the AIFMD (2014/869)»
Rapporteringshyppigheit for registrerte AIF-forvaltarar
Registrerte AIF-forvaltarar, eller forvaltarar utan konsesjon, skal rapportere årleg for forvaltar og fond.
Rapportering
Altinn som rapporteringsportal
Alle norske AIF-forvaltarar må rapportere via Altinn. Rapporteringsskjemaa blir sende direkte til innboksen til AIF-forvaltaren i Altinn. Dei må levere eitt KRT-1161 på forvaltarnivå og eitt KRT-1160 for kvart enkelt fond. Det er rapportøren sitt ansvar å rapportere til rett tid. Dersom det manglar skjema for AIF-forvaltaren og/eller eit eller fleire fond i Altinn-innboksen til AIF-forvaltaren, må ein kontakte Finanstilsynet. Skjemaa skal vere tilgjengelege seinast to veker før rapporteringsfristen.
Etter innlogging i Altinn kjem det fram ei nedtrekksliste der rapportøren kan velje kven som skal vere representerte. Rapportøren skal representere forvaltaren uavhengig av om det blir rapportert for forvaltaren eller fond.
Forenkla kvartalsvis rapportering
Alle norske AIF-forvaltarar med konsesjon må levere forenkla rapportering kvart kvartal. Rapporteringa vil bestå av ei førsteside i AIFMD-rapporteringa (KRT-1160 og KRT-1161), og eit spørsmål om forvaltingskapital (AuM) og giring/gjeld.
Forenkla kvartalsvis rapportering vil ikkje gjelde for norske registrerte AIF-forvaltarar.
Ein del av den forenkla rapporteringa går ut på om forvaltaren eller fond har utvida rapporteringsplikt etter forordning (EU) nr. 231/2013. Rapporteringshyppigheita og -plikta i etter forordning (EU) nr. 231/2013 blir gått nærare gjennom i ESMA sine «Guidelines on reporting obligations under Articles 3(3)(d) and 24(1), (2) and (4) of the AIFMD (2014/869)». Se òg den vedlagde oversikta i rettleiinga til rapporteringa.
For periodane der rapportøren har utvida rapporteringsplikt, kan resten av rapporteringa anten skje ved å fylle ut Altinn-skjemaet eller legge ved ei XML-fil.
Rapportering via XML
Rapportøren kan velje å levere utvida rapportering anten ved å fylle ut skjema i Altinn eller ved å legge ved ei XML-fil. XML-fila må han då legge til som eit vedlegg i Altinn-skjemaet. Sjå teknisk rettleiing for korleis ein skal gjere dette.
XML-fila må tilfredsstille ESMA sine krav som definerte i følgande XSD-ar:
- AIFMD_DATMAN_V1.2.xsd (KRT-1161, AIFM-rapportering) (xsd)
- AIFMD_DATAIF_V1.2.xsd (KRT-1160, AIF-rapportering) (xsd)
- AIFMD_REPORTING_DataTypes_V1.2.xsd (Begge rapporteringer) (xsd)
Desse XSD-ane er blitt tilpassa av Finanstilsynet slik at dei berre støttar eitt fond eller éin forvaltar per XML-fil, i tillegg for tilpassing for bruk i Altinn. Når eit XML-vedlegg blir lasta opp, vil XML-fila bli validert mot desse XSD-ane. Dersom valideringa feiler, vil det ikkje vere mogleg å legge ved XML-fila. Dersom det er eitt fond eller éin forvaltar i XML-fila, vil XSD-ane nemnd over kunne nyttast til å validere XML-fila. (Merk at ESMA sine XSD-ar støttar fleie fond og forvaltarar i kvar XML-fil. Det er ikkje støtte i XSD-en som ligg til grunn for validering hos Altinn.)
Finanstilsynet vil kontrollere at den oppgitte forvaltaren i skjemaet KRT-1160, pkt. 16 AIFM National Code er lik <AIFMNationalCode> i XML-vedlegget, og pkt 17. AIF National Code er lik <AIFNationalCode> i XML-vedlegget.
I skjemaet KRT-1161 vil Finanstilsynet kontrollere at oppgitt informasjon i pkt 18. AIFM National Code er lik <AIFMNationalCode> i XML-vedlegget.
Det er ikkje krav til filnavn, anna enn at filendinga må vere «.xml».
- Eksempel på en XML-fil for AIF-rapportering (xml)
- Eksempel på en XML-fil for AIFM-rapportering (xml)
Førstegangsrapportering
AIF-forvaltarane skal rapportere opplysningar til Finanstilsynet for perioden frå det førstkommande kvartalet etter at AIF-forvaltaren fekk konsesjon eller blei registrert som AIF-forvaltar og ut den aktuelle rapporteringsperioden. Rapporteringsperiodane følger kalenderåret og endar den siste verkedagen i mars, juni, september og desember. Rapporteringa skal skje seinest éin månad etter utgangen av rapporteringsperioden, det vil seie innan utgangen av april, juli, oktober og januar. Dersom forvaltaren forvaltar fond-i-fond, blir forlenga fristen med ytterlegare 15 dagar for forvaltaren og dei aktuelle fonda.
Ein AIF-forvaltar som rapporterer halvårleg, og som til dømes fekk løyve til å forvalte AIF-ar i august 2023, skal rapportere første gang seinast 31. januar 2024 for perioden 1. oktober til 31. desember 2023.
Registrerte AIF-forvaltarar, det vil seie forvaltarar utan konsesjon, skal rapportere årleg for perioden 1. januar til 31. desember med innsendingsfrist for rapportar seinast 31. januar kvart år. Reglane for førstegongsrapportering gjeld tilsvarande for dei registrerte forvaltarane, det vil seie dersom ein forvaltar blir registrert hos Finanstilsynet i mars 2023, skal forvaltaren rapportere første gong seinast 31. januar 2024 for perioden 1. april til 31. desember 2023.
Dersom forvaltaren ikkje har opplysningar å innrapportere om eit AIF, til dømes om forvaltaren enno ikkje har starta opp aktivitet eller fondet ikke har gjort dei første investeringane sine, skal forvaltaren likevel rapportere til Finanstilsynet. I rapporteringa skal det stå at forvaltaren ikkje har opplysningar å innrapportere enno. (Det er eit eige felt for dette i skjemaa).
Ytterlegare informasjon
Dokumenta blir oppdaterte jamleg, så det kan vere nyare versjonar:
- ESMAs Questions and Answers (Q&A) on the Application of the AIFMD
- AIFMD Reporting IT Technical Guidance (rev 6) [updated] (ESMA/2013/1358)
- Guidelines on reporting obligations under Articles 3(3)(d) and 24(1), (2) and (4) of the AIFMD
- Commission Delegated Regulation (EU) No 231/2013 of 19 December 2012
Rapporteringsfristar
Kvartalsvis rapportering:
31. januar
30. april
31. juli
31. oktober
Fristane blir forlenga med 15 dagar for fond-i-fond.
Altinn brukerservice
Har du tekniske spørsmål om bruk av Altinn, ta kontakt med
Kontakt
Har du spørsmål, kan du sende ein e-post til AIFMD-rapportering@finanstilsynet.no