CRR Benchmarking portfolios (SBPCR) og Benchmark IFRS (SBPIFRS9)
Eit utval bankar skal etter nærare gitte kriterium rapportere «benchmarking exercise» til myndigheitene.
Rapportering
CRR Benchmarking portfolios (SBPCR) og Benchmark IFRS (SBPIFRS9)
Rapporteringa av Benchmarking portfolios (SBPCR) og Benchmark IFRS (SBPIFRS9) skal frå og med referansedato 31. desember 2026 rapporterast gjennom e‑Reg. Føretaka skal levere data som ei zip‑fil i XBRL.CSV‑format. Tidlegare vart desse rapporterte gjennom KRT‑1088‑ og KRT‑1089‑skjemaa i Altinn.
Filnamnet for zip‑fila må følgje ein fastsett struktur. Ei nærare forklaring på korleis zip‑fila skal namngivast, finst på sida Krav til filnamn i e‑Reg.
Sjå sida CRD Teknisk løysing for informasjon om det tekniske rapporteringsmateriellet som bankane skal bruke i rapporteringa.
Kven skal rapportere?
Føretak som bruker godkjende interne modellar til å berekne det risikovekta berekningsgrunnlaget for anna enn operasjonell risiko (første ledd av artikkel 78 i CRD IV-direktivet).
Kva skal føretaket rapportere?
Føretaket skal berre rapportere data for porteføljar der det har brukt godkjend IRB-modell. For norske rapportørar er derfor delen om marknadsrisiko ikkje relevant.
Korleis skal føretaket rapportere?
Føretaket skal rapporteres på XBRL-format, og det skal bruke taksonomiversjonen som EBA har fastsett.
Rapporteringsfrist
KRT-1088 CRR Benchmark IFRS: Årleg rapportering
KRT-1089 CRD IV - Benchmark - konsolidert: Årleg rapportering
Kontakt
Rapporteringsansvarlege for kapital:
E-post