CRD FINREP (KRT-1081)
Publisert: 7. september 2016
Sist endret: 27. november 2024
Eit utval bankar skal rapportere finansiell informasjon (FINREP) til myndigheitene.
Rapportering
CRD FINREP (KRT-1081)
Føretaka skal levere data i XBRL-format som vedlegg til eit skjema i Altinn. Skjermaet ligg i innboksen til føretaket i Altinn.
Kven skal rapportere?
Av CRR artikkel 99 (2) går det fram at institusjonar skal rapportere finansiell informasjon til myndigheitene. Dette gjeld institusjonar som er omfatta av Artikkel 4 og andre kredittinstitusjonar som utarbeider konsoliderte rekneskapar i følge internasjonale rekneskapsstandardar etter artikkel 6 (2) i Regulation (EC) No 1606/2002. Bankar som tilfredsstiller eitt av dei to følgande kriteria, er dermed pålagde rapportering av FINREP, på konsolidert (bankkonsern-) nivå:
- institusjonar som har verdipapir noterte på regulert marknad og utarbeider konsernrekneskap
- kredittinstitusjonar som ikkje har verdipapir noterte på regulert marknad, men som utarbeider konsernrekneskap etter IFRS
Bankar som ikkje rapporterer konsolidert kapitaldekning, skal ikkje rapportere FINREP.
Kva skal føretaka rapportere?
Den siste versjonen av FINREP finst på nettstaden til EU-kommisjonen og på nettstaden til den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA). Skjemaa og rettleiingane er vedlegg til ITS (Implementing Technical Standard) on Supervisory Reporting (Annex III og Annex V for skjema og rettleiing) for gjeldande «reporting framework»:
Rapporteringsfrister
FINREP skal rapporteres kvartalsvis, der noen tabeller kun rapporteres halvårlig eller årlig. Rapporteringsfristen er rundt den 11. i andre måned etter kvartalets slutt.
1. kvartal: 11. mai
2. kvartal: 11. august
3. kvartal: 11. november
4. kvartal: 11. februar
EBA spørsmål og svar
For å betre samanlikninga mellom land gjer EBA viktige avklaringar/tolkingar for CRD IV-rapporteringa. Føretaka blir derfor oppmoda om å nytte EBA si eiga Q&A-teneste. Her ligg svar på allereie stilte spørsmål, og føretaka kan sende inn eigne spørsmål.
CRD/CRR-rapporteringa
Finanstilsynet følger den gjeldande taksonomiversjonen frå EBA.
Altinn brukerservice
Har du tekniske spørsmål om bruk av Altinn, ta kontakt med
Kontakt
Rapporteringsansvarlege for bankar: