CRR Referansegruppe og informasjonsmøter
Publisert: 13. mars 2017
Sist endret: 14. juni 2024
Finanstilsynet har ei referansegruppe med representantar for bransjeorganisasjonane og Noregs Bank for å ha dialog, hente inn synspunkt og informere om praktiske problemstillingar i samband med rapportering etter CRR/CRD m.m. Finanstilsynet har tidlegare hatt informasjonsmøte for heile bransjen om CRR/CRD-rapporteringa.
Nytt frå referansegruppa
Møtet 12. juni 2024
Hovudtemaa for møtet 12. juni var
- kort om rapporteringsendringar i rapporteringsrammeverk v.3.4 og 3.5. om IRRBB, MREL/TLAC, DORA, FICOD, FRTB og Diversity Benchmarking
- dei viktigaste endringane i CRR3 og kva for konsekvensar dei har for rapporteringa (rapporteringsrammeverk v.4.0)
- framtidige tekniske endringar i rapporteringsmateriellet (inklusive informasjon om nytt system for Pillar 3 og oppfølging av prosjektet for «Integrated reporting»)
Presentasjonen (PDF) og opptaket frå møtet ligg i lista under.
Møtet 25. februar 2021
Hovudvekta av dagsordenen for møtet i referansegruppa 25. februar:
Informasjon om innføring av EUCLID (European Centralised Infrastructure of Data) og fagleg og teknisk del av rapporteringspakke v.3.0. Denne følger av endringar i EU sitt kapitalkravsregelverk (CRR2/CRD5) og endringar i krisehandteringsregelverket (BRRD2), samla omtalte som «bankpakken». Bankpakken og nytt rapporteringsrammeverk vil bli innførte frå den same datoen. I EU er referansedatoen for dette 30.06.2021, medan tidspunktet for gjennomføring i Noreg ikkje er endeleg avgjort. (April 2021: Finansdepartementet har informert om at bankpakken ikkje vil tre i kraft i Noreg i juni. Dette betyr i praksis at rapporteringane til Finanstilsynet vil fortsette å bygge på CRD IV / CRR (v. 2.10), og at den nye rapporteringspakken vil bli utsett inntil vidare).
Presentasjonar frå møte i referansegruppa
- Presentasjon møte 12. juni 2024 (pdf) og opptak frå møtet
- Presentasjon møte 5 - 25. februar 2021 (pdf)
- Presentasjon møte 4 - 3. september 2015 (pdf)
- Presentasjon møte 3 - 27. september 2013 (pdf)
- Presentasjon møte 2 - 18. juni 2013 (pdf)
- Presentasjon møte 1 - 30. november 2012 (pdf)