CRD Sikkerheitsstilte eigedelar (KRT-1084 og KRT-1085)
Publisert: 7. september 2016
Sist endret: 5. desember 2024
Denne sida beskriv rapporteringskrava for sikkerheitsstilte eigedelar («asset encumberance»). Ein eigedel er stilt som sikkerheit dersom han har blitt pantsett, eller dersom han på ein annan måte blir nytta som sikkerheit for ein transaksjon, som fører til at eigedelen ikkje fritt kan bli omdisponert.
Rapportering
CRD Sikkerheitsstilte eigedelar (KRT-1084 og KRT-1085)
Føretaka skal levere data som vedlegg til eit skjema i Altinn. Skjemaet ligg i innboksen til føretaket i Altinn.
Kven skal rapportere?
Alle bankar og kredittføretak skal rapportere skjemaet om sikkerheitsstilte eigedelar (skjema A), både på konsolidert og ikkje-konsolidert nivå.
Rapportering av dei øvrige skjemaa er bestemt av (EU) 2021/451 art. 19 (3) og avheng av klassifiseringa til føretaket etter kapitalkravsforordninga.
Kva skal føretaka rapportere?
Føretaka skal rapportere desse skjemaa:
- A: Oversikt over sikkerhetsstillelser (F 32.01 - F 32.04)
- B: Løpetidsinndeling (F 33.00)
- C: Betingede sikkerhetsstillelser (F 34.00)
- D: OMF (F 35.00)
- E: Detaljerte data (F 36.01 - F 36.02)
Rapporteringsfristar
Føretaka skal rapportere skjema A, B og D kvartalsvis, skjema E halvårleg og skjema C årleg. Det er dei same fristane som for øvrig CRR / CRD IV-rapportering.
CRD/CRR-rapporteringa
Finanstilsynet følger den gjeldande taksonomiversjonen frå EBA.
Altinn brukerservice
Har du tekniske spørsmål om bruk av Altinn, ta kontakt med