CRD Store eksponeringar (KRT-1076, KRT-1077, KRT-1476 og KRT-1477)
Publisert: 1. september 2016
Sist endret: 19. desember 2024
Rapporteringskrava for store eksponeringar er omtalte i kapitalkravsforordninga (CRR) del 4. Alle føretak som er omfatta, har plikt til å rapportere store eksponeringar, både på solo- og konsolidert nivå. Ei stor eksponering er definert som ei eksponering som før unnatak og sikkerheitsstilling utgjer 10 prosent eller meir av netto kjernekapital.
Rapportering
CRD Store eksponaringer ikkje-konsolidert (KRT-1076, KRT-1476) og konsolidert (KRT-1077, KRT-1477)
Føretaka skal følge rapporteringsmateriellet som følger av det gjeldande rammeverket som EBA har publisert på nettstaden sin. Det gjeldande rammeverket inneheld ITS, valideringsreglar, DPM og taksonomipakke med mellom anna eksempelfiler. Sjå Finanstilsynet si nettside «CRD Teknisk løysing» for meir informasjon om det tekniske rapporteringsmateriellet.
Føretaka skal levere data som vedlegg til eit skjema i Altinn. Skjemaet ligg i innboksen til føretaket i Altinn.
Kven skal rapportere?
Rapporteringskravet gjeld alle bankar, kredittføretak, finansieringsføretak, holdingselskap i finanskonsern som ikkje er forsikringskonsern og verdipapirføretak med løyve til å yte investeringsteneste 2, 3, 6 og 8, jf. vphl. § 2-1 (1). Slike verdipapirføretak og morselskap til slike verdipapirføretak skal rapportere konsolidert oppgåve for store eksponeringar (KRT-1477) dersom føretaket er omfatta av vphl. § 9-46.
Kva skal føretaka rapporteres?
Rapporteringa av store eksponeringar er delt i fire skjema:
- Høgaste grense for samla engasjement
- Identifikasjon av motpart
- Eksponeringar i og utanfor handelsporteføljen
- Informasjon om dei enkelte motpartane i ei gruppe av tilknytta motpartar
Rapporteringsfrister
Kvartalsvis rapportering både på solo- og konsolidert nivå:
Første kvartal: 12. mai
Andre kvartal: 11. august
Tredje kvartal: 11. november
Fjerde kvartal: 11. februar
Dersom rapporteringsdagen er på ein helligdag, laurdag eller søndag skal føretaket levere rapporten den neste arbeidsdagen.
CRD/CRR-rapporteringa
Finanstilsynet følger den gjeldande taksonomiversjonen frå EBA.
Altinn brukerservice
Har du tekniske spørsmål om bruk av Altinn, ta kontakt med
Kontakt banker og finansieringsforetak
Rapporteringsansvarlege for kapital:
E-post
Kontakt verdipapirområdet
Verdipapir- og marknadsteamet innan analyse og rapportering:
E-post