CRD Teknisk løysing
Publisert: 24. oktober 2016
Sist endret: 28. november 2022
Teknisk informasjon om innrapportering av CRD/CRR-data.
Tekniske endringar frå og med CRR v. 3.2
Rapporteringspakke v. 3.2 blei innført delvis per 31.12.2022 og fullt ut per 30.06 2023. Den viktigaste endringa var at for å skilje mellom ikkje-konsolidert rapport og konsolidert rapport, skal identifikatoren i XBRL-fila for ikkje-konsolidert rapportering bli kalla «organisasjonsnummer + ".IND" (123456789.IND)», og for konsolidert rapportering «organisasjonsnummer + ".CON" (123456789.CON)».
Dersom det er nødvendig å rapportere på nytt for periodar tilhøyrande tidlegare versjonar enn v3.2, skal ein framleis nytte modulane for ikkje-konsolidert (.IND) og konsolidert (.CON), og ikkje endre identifikator.
Rapportering under EUCLID
Noreg innførte CRR2/CRD5 (bankpakken til EU) frå og med rapporteringa per 30.06.2022. Det inneber at rapportering til Finanstilsynet for periodar frå og med 30.06.2022 følger den same taksonomiversjonen som EBA, og at all CRD/CRR-rapportering frå banker og kredittføretak til Finanstilsynet, skal Finanstilsynet rapportere vidare til EBA. Dette blir kalla EUCLID-rapporteringa.
Føretaka må deklarere alle tabellar som teoretisk sett kan rapporterast i ei innsending. Dette kan ein gjere ved å nytte «Filing Indicators». «Ein Filing Indicator» i ein innrapportert XBRL-fil deklarerer tabellar, og gjennom attributtet True/False seier den om tabellen/templaten er med i innsendinga eller ikkje. Bruken av «Filing Indicators» er nærare beskrive i kapittel 3 her:
For kvar taksonomiversjon utarbeidar EBA ei oversikt over kva for tabellar som inngår i dei ulike rapporteringane, og kva for tabellar som er obligatoriske. Sjå «Templates categorisation» her:
Finanstilsynet si tekniske løysing for CRD/CRR-rapporteringa
Frå første kvartal 2018 er XBRL obligatorisk som rapporteringsformat. Føretaka si innrapportering til Finanstilsynet skjer via Altinn. Sjå dei enkelte rapporteringane for detaljar. For informasjon om XBRL, sjå presentasjonane frå informasjonsmøta.
Finanstilsynet følger normalt den til kvar tid gjeldande taksonomiversjonen frå EBA – med unnatak for den perioden då bankpakken ikkje er gjennomført i norsk lovverk. EBA har utarbeidd ein «Filing Manual». Finanstilsynet har utarbeidd ein norsk «Filing Manual» som presiserer nokre norske val, der EBA har opna for ulike tilnærmingar. Norske føretak må forhalde seg til «Filing manual», både Filing Manual frå Finanstilsynet og Filing Manual frå EBA ved oppsett og når dei utarbeider XBRL-filer.
Ved rapportering av XBRL-filer blir XBRL-fila automatisk kontrollert gjennom dataflyten i Finanstilsynet.
- Dataflyt og tilbakemeldingar frå Finanstilsynet når ein rapporterer på XBRL-formatet
- Tips til rapportørane i XRBL-format
- Presentasjon frå informasjonsmøte om obligatorisk XBRL 20.-22. juni 2017 (pptx)
- Likelydande brev til føretak som rapporterer CRD IV-data til Finanstilsynet - varsel om XBRL som obligatorisk rapporteringsstandard
Oversikt over teknisk materiell og anna materiell frå EBA
På nettstaden til EBA finn du all nødvendig informasjon for dei ulike taksonomiversjonane. Her er det viktig å følge med, ettersom nyttig informasjon om dei ulike rapporteringane blir samla her.
Andre nyttige lenker med informasjon om XBRL:
- Eurofiling (mellom anna informasjon om leverandørmarknaden i Europa).
- XBRL Europe
- XBRL International
Omtale av teknisk rapporteringsmateriell frå EBA som inngår i «Implementing Technical standard on reporting (ITS)», med vedlegg
- ITS-en inneheld rapporteringskrav, rapporteringsfristar og -frekvens og eventuelle unnatak.
- Rapporteringskrava er beskrivne detaljert gjennom dei vedlagde skjemaa og rettleiingane, vedlegg I til vedlegg XIII.
- Vedlegg XIV til ITS-en er Data Point Model (DPM)
- Vedlegg XV til ITS-en er valideringsreglar
Data Point Model, inkludert annotated templates
- «Data Point Model» er ei systematisering av alle metadataa som inngår i CRD IV-rapporteringa.
- «Annotated templates» er rapporteringsskjemaa på normalisert form, som er baserte på DPM.
- DPM blir nytta som utgangspunkt/kjelde når CRD IV XBRL-taksonomiane skal genererast.
XBRL-taksonomiar
- XBRL er vald som rapporteringsstandard.
- Ved å nytte XBRL oppnår ein at datadefinisjonar og valideringsreglar blir harmoniserte.
- XBRL er obligatorisk som rapporteringsstandard mellom Finanstilsynet og EBA.
- Det er opp til nasjonale myndigheiter å bestemme kva for rapporteringsstandard ein skal nytte i nasjonale rapporteringsløysingar
- Finanstilsynet har som mål at både CRD IV- og Solvens II-rapporteringa skal baserast på XBRL-standarden, ettersom det er meir effektivt.
Informasjon om rapportering fra EBA
CRD/CRR Referansegruppe
Referansegruppe med representantar for bransjeorganisasjonane