CRD Likviditet (LCR/NSFR/ALMM)
Publisert: 31. august 2016
Sist endret: 27. november 2024
Rapporteringskrava knytte til likviditet inkluderer rapportering av likviditetsreserven (LCR), stabil finansiering (NSFR) og ytterlegare likviditetstilsynsverktøy (ALMM).
Rapportering
CRD Likviditetsreserven (LCR) (KRT-1070 og KRT-1071)
Føretaka skal levere data som vedlegg til eit skjema i Altinn. Skjemaet ligg i innboksen til føretaket i Altinn.
Rapportering
CRD Langsiktig stabil finansiering (NSFR) (KRT-1074 og KRT-1075)
Føretaka skal levere data som vedlegg til eit skjema i Altinn. Skjemaet ligg i innboksen til føretaket i Altinn.
Rapportering
CRD Ytterlegare likviditetstilsynsverktøy (ALMM) (KRT-1086 og KRT-1087)
Føretaka skal levere data som vedlegg til eit skjema i Altinn. Skjemaet ligg i innboksen til føretaket i Altinn.
Kven skal rapportere?
Rapporteringskrava gjeld for alle kredittinstitusjonar, både på føretaksnivå, delkonsolidert og konsolidert nivå. For holdingselskap gjeld rapporteringskrava berre på konsolidert nivå.
Rapporteringsfrekvens
Dersom rapporteringsdagen fell på ein helligdag, laurdag eller søndag, skal føretaka levere rapporten den neste arbeidsdagen. Dette gjeld for alle dei tre rapporteringane under.
LCR
Føretaka skal rapportere LCR månadleg. Fristen er 15 kalenderdagar etter referanseperioden.
Finanstilsynet vil kunne be føretaka om å rapportere dagstal for likviditetsreserven på totalnivå og per signifikante valuta for den førre månaden på nærare gitte format.
NSFR
Føretaka skal rapportere NSFR kvartalsvis. Fristane er 12. mai, 11. august, 11. november og 11. februar.
ALMM
Rapporteringsfrekvensen for ALMM er anten kvartalsvis eller månadleg, og er bestemt av (EU) 2021/451 art. 18 og føretaket si klassifisering etter kapitalkravsforordninga (store føretak, små og ikkje-komplekse, øvrige føretak og institusjonar). Den månadlege rapporteringa har dei same fristane som LCR, medan den kvartalsvise rapporteringa har dei same fristane som NSFR.
Altinn brukerservice
Har du tekniske spørsmål om bruk av Altinn, ta kontakt med
CRD/CRR-rapporteringen
Finanstilsynet følger gjeldende taksonomiversjon fra EBA.
Tema
Kontakt
Rapporteringsansvarlege for likviditet:
E-post