Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Rapportere >
Finans- og sparebankstiftingar

Finans- og sparebankstiftingar

Rapportere

Sist publisert: 26. mars 2025

Finans- og sparebankstiftingar skal rapportere til Finanstilsynet. Her er oversikt over rapporteringskrava til finans- og sparebankstiftingar og informasjon om korleis dei skal rapportere.

Kven skal rapportere?

Finans- og sparebankstiftingar skal årleg rapportere rapporteringsskjema, årsrekneskap, årsrapport og revisjonsrapport til Finanstilsynet. Meir informasjon er gitt i brev om oppstart av rapportering:

  • Tilsyn med finans- og sparebankstiftelser – rapportering (pdf)

Stiftingar er rekneskapspliktige, jf. rekneskapslova § 1-2, og dei skal etter rekneskapslova § 3-1 fastsette årsrekneskap og årsrapport innan 30. juni kvart år.

Finansstiftingar med bestemmande innverknad i ein finansinstitusjon er underlagde årsrekneskapsforskrifta, og dei skal etter forskrifta § 2-1 vedta årsrekneskapen og årsrapporten seinest tre månader etter slutten av rekneskapsåret.

  • Rekneskapslova
  • Årsrekneskapsforskrifta

Rapportering via Altinn og rapporteringsskjema

Rapporteringsskjemaet, årsrekneskap og årsrapport med revisjonsrapport skal sendast inn som vedlegg til Altinn-skjemaet KRT-1025. Ein kan berre sende inn rapporteringsskjemaet ved å nytte Excel-malen som er utarbeidd av Finanstilsynet.

Stiftinga skal i rapporteringsskjemaet rapportere enkelte tal henta frå årsrekneskapen til stiftinga. Dette gjeld mellom anna samla inntekter, med spesifikasjon av tildelt utbyte frå institusjonen som er opphavet til stiftinga, og andre inntekter og kostnader med spesifikasjon av lønnskostnader, styregodtgjering og andre kostnader. Andre postar er årets resultat, inngåande og utgåande balanse for gåvefond, årets utbetaling av gåver og årets gitte gåver. Stiftinga skal òg rapportere storleiken på eigarandelen i institusjonen som er opphavet til stiftinga, og antal årsverk. I tillegg skal stiftinga rapportere i den nye bolken «Kategorisering av årets bevilgede gaveutdelinger».

For meir informasjon om kva for tal stiftingane skal rapportere, sjå rettleiingane i rapporteringsskjemaet:

  • Rapporteringsskjema med veiledning (xlsx)
  • Rapportering i Altinn (KRT-1025)

Rapporteringsfristar

Årleg rapportering:

Rapporteringa er basert på rekneskapslovgivinga som gjeld for å fastsette årsrekneskapen. Det vil seie 30. juni, eller 31. mars for finansstiftingar som avlegg konsernrekneskapar.

Andre rapporteringar

  • Melding om utkontraktering til Finanstilsynet (KRT-1121)

Kontakt

Gunnar Almklov

Tlf: 22 93 97 30

E-post

Meir informasjon om finans- og sparebankstiftingar

  • Konsesjon
  • Tilsyn
  • Regelverk
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less