Forsikringsformidlingsføretak
Rapportere
Publisert: 30. august 2016
Sist endret: 21. desember 2022
Informasjon om forsikringsformidlingsføretaka si rapportering til Finanstilsynet.
Om rapporteringa
Forskrift om rapportering gir ei oversikt over dei faste rapporteringane:
Forsikringsagentføretak skal sende inn årleg rapportering i Altinn-skjemaet KRT-1230.
Aksessoriske forsikringsagentføretak er ikkje omfatta av rapporteringspliktene.
Forsikringsmeklingsføretak og gjenforsikringsmeklingsføretak skal sende inn årleg rapportering i Altinn-skjemaet KRT-1007, halvårleg rapportering om klientmiddel i skjema KRT-1185 og årleg rapportering av forsikringsbevis i skjema KRT-1027.
Faste årlege rapporteringar for forsikringsagentføretak
Årleg rapportering av premievolum og inntekter m.m. (KRT-1230)
- Årleg rapportering per 31.12., med rapporteringsfrist 15. mars.
- Utfylling må skje i Altinn-skjema KRT-1230.
- Skjemaet vil bli send til rapportøren sin innboks i Altinn i god tid før rapporteringsfristen.
Faste årlege rapporteringar for forsikringsmeklingsføretak og gjenforsikringsmeklingsføretak
Årleg rapportering av rekneskapstal, premietal m.m. (KRT-1007)
- Årleg rapportering per 31.12., med rapporteringsfrist 15. mars.
- Utfylling må skje i Altinn-skjema KRT-1007.
- Skjemaet vil bli send til rapportøren sin innboks i Altinn i god tid før rapporteringsfristen.
- Forsikringspremie skal rapporterast eksklusiv trafikkforsikringsavgifta.
- Dersom endeleg rekneskap er vesentleg forskjellig frå dei rapporterte rekneskapstala må Finanstilsynet bli varsla og rapporten sendast på nytt med korrigerte rekneskapstal.
Årleg rapportering av forsikringsbevis eller stadfestingar av erstatningsansvar (KRT-1027)
Forsikringsmeklarar skal sende gyldig forsikringsbevis til Finanstilsynet kvart år. Finanstilsynet stiller nærare krav til innhaldet i beviset og stadfestinga for å sikre at dekninga er i samsvar med lova. I skjemaet må føretaket sjølv stadfeste at bevis eller stadfesting innfrir krava til innhaldet. Det vil ikkje vere moglig å sende inn skjemaet før føretaket har gått gjennom alle kontrollpunkta og stadfesta at dei er i orden.
- Årleg rapportering. Fristen er éin månad etter fornyinga av forsikringa.
- Krav til forsikring
- Utfylling må skje i det opne Altinn-skjemaet KRT-1027.
- Forsikringsbevis må leggast ved.
Halvårleg rapportering om føretaket si behandling av klientmiddel med revisormelding (KRT-1185)
- Halvårleg rapportering med følgande frister: 1. halvår: 1. september. 2. halvår: 15. mars.
- Utfylling må skje i Altinn-skjemaet KRT-1185.
- Skjemaet vil bli send til rapportøren sin innboks i Altinn i god tid før rapporteringsfristen.
- Skjemaet skal signerast først av dagleg leiar og deretter av revisor, som signerer og sender inn skjemaet.
For føretak utan klientmiddel skal første side og punkt 6. «Revisors uttalelse for foretak uten klientmidler» fyllast ut.
Altinn brukerservice
Har du tekniske spørsmål om bruk av Altinn, ta kontakt med