Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Rapportere >
Rekneskapsføretak

Rekneskapsføretak

Rapportere

Sist publisert: 1. april 2025

Rekneskapsføretak skal rapportere med eigenmelding i Altinn (KRT-1004).

Eigenmelding frå reknekapsføretak (KRT-1004)

Som eit ledd i det løpande tilsynsarbeidet, gjennomfører Finanstilsynet dokumentbasert tilsyn retta mot rekneskapsføretak. Rekneskapsføretak har rapporteringsplikt. Skjema for utfylling ligg i innboksen til føretaket som skal rapportere.

Kven skal rapportere hausten 2024?   

Rekneskapsselskap som fekk godkjenninga si før 1. januar 2024 og enkeltpersonføretak som blei registrerte i Rekneskapsførarregisteret før 1. januar 2024, skal rapportere. Rapporteringsplikta gjeld berre dersom føretaket er registrert i Rekneskapsførarregisteret på rapporteringstidspunktet.

Nyhet: Egenmelding fra regnskapsforetak (KRT-1004) – rapportering

Rekneskapsførarregisteret inngår i verksemdsregisteret til Finanstilsynet.

Verksemdsregisteret til Finanstilsynet

Lovheimel og formål

Alle verksemder som er under tilsyn av Finanstilsynet, er pliktig til, på alle tidspunkt, å gi alle opplysningane Finanstilsynet måtte krevje (finanstilsynslova § 3-1). Å svare på KRT-1004 er ei slik plikt.

Manglande svar innan fristen er eit brot på pliktene til rekneskapsførarane og rekneskapsselskapa, som kan føre til tilsynsmessige reaksjonar, inkludert tilbakekalling av godkjenninga.

Eigenmeldingane gir grunnlag for hensiktsmessig og risikobasert tilsyn.

Innlevering via Altinn

Svar og innlevering skal skje via Altinn (www.altinn.no). Skjemaet finst både på bokmål og nynorsk.

  • Informasjonsside i Altinn om KRT-1004

Skjemaet for utfylling ligg i innboksen til føretaket som skal rapportere.

Merk at Finanstilsynet ikkje sender ut purringar før innsendingsfristen.

Om å svare på eigenmeldinga

Denne informasjonen må vere tilgjengeleg for å kunne svare på eigenmeldinga:

For rekneskapsføretak (selskap og enkeltpersonføretak)

  • Den siste årsrekneskapen føretaket la fram
  • Føretaket sine skriftlege rutinar for risikostyring og internkontroll
  • Føretaket sine skriftlege rutinar for kvalitetsstyring
  • Føretaket sine skriftlege rutinar for antikvitvasking
  • Føretaket sin verksemdsinnretta risikovurdering og risikoklassifisering etter kvitvaskingslova
  • Oversikt over eventuelle avtalar om utkontraktering
  • Opplysningar om oppdragsansvarlege rekneskapsførarar i føretaket er medlem i Regnskap Norge og/eller Revisorforeningen

For rekneskapsselskap

  • Eigarane til selskapet
  • Styremøtereferat

Sletting av godkjenning som rekneskapsselskap eller opphøyr av rekneskapsføringsverksemd i enkeltpersonføretak

Dersom føretaket har avslutta rekneskapsføringsverksemda, kan det la vere å sende inn eigenmeldinga, men berre dersom det samtidig melder frå om opphøyret til Finanstilsynet innan rapporteringsfristen.

Enkeltpersonføretak som ikkje lenger har rekneskapsoppdrag kan sende skriftleg melding om opphøyr av rekneskapsføringsverksemda. Føretaka skal sende skriftleg melding på e-post til: post@finanstilsynet.no, eller bruke Altinn-skjema KRT-1060 (Generelt vedleggsskjema til Finanstilsynet).    

Rekneskapselskap som ikkje lenger har rekneskapsoppdrag, kan slette godkjenninga si ved å bruke Altinn-skjema KRT-1032.

  • Sletting av godkjenning som rekneskapsselskap
  • KRT-1060 Generelt vedleggsskjema til Finanstilsynet

Rapporteringsfrist

Fristen for å rapportere er 16. desember 2024.

Kontakt

Har du spørsmål til eigenmeldinga, ta kontakt på post@finanstilsynet.no

Du kan òg kontakte: 

Unn Hedvig Årskaug, tlf. 22 93 97 34

Wenche Falch-Hennum, tlf. 22 93 97 12

Elise Grønseth, tlf. 22 93 98 83

Altinn brukerservice

Har du tekniske spørsmål om bruk av Altinn, ta kontakt med 

  • Altinn brukerservice

Dokumentbasert tilsyn

  • Rapporter fra dokumentbasert tilsyn regnskapsførere og regnskapsførerselskaper

Meir informasjon om rekneskapsføretak

  • Konsesjon
  • Tilsyn
  • Regelverk
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less