Finanstilsyn og regelverk i EØS
Publisert: 25. april 2017
Sist endret: 11. november 2022
Informasjon om tilsynssamarbeidet i EØS.
Om finanstilsyn og regelverk i EØS
Dei 31 EØS-landa har eit samordna system for finanstilsyn som består av dei nasjonalstatlege finanstilsyna og desse fire overnasjonale finanstilsynsmyndigheitene i EU:
- EBA – den europeiske banktilsynsmyndigheita (European Banking Authority)
- ESMA – den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (European Securities and Markets Authority)
- EIOPA – den europeiske tilsynsmyndigheita for forsikring og tenestepensjon (European Insurance and Occupational Pensions Authority)
- ESRB – det europeiske rådet for systemrisiko (European Systemic Risk Board)
I Noreg, som i mange andre land i EØS-området, har det nasjonale finanstilsynet hovudansvaret for tilsynet med finansføretaka og finansmarknadene. EBA, ESMA, EIOPA og ESRB blei oppretta etter finanskrisa i 2008–2009 for mellom anna å bidra til betre tilsynssamarbeid på tvers av landegrensene.
Tilsynsstyra til EBA, ESMA og EIOPA består av tilsynssjefane frå alle EØS-landa. I tillegg har kvart av desse tilsyna underkomitear og prosjektgrupper. Finanstilsynet er medlem i tilsynsstyra, underkomiteane og i fleire prosjektgrupper i kvart av dei tre EU-tilsyna. Sjølv om Noreg ikkje er medlem i EU, har Finanstilsynet gjennom EØS-avtalen dei same rettane og pliktene som dei nasjonalstatlege finanstilsyna i EU, bortsett frå at vi ikkje har stemmerett. Dei fire overnasjonale finanstilsyna i EU kan heller ikkje fatte bindande vedtak retta mot Finanstilsynet eller norske føretak fordi det følger av to-pillarstrukturen i EØS-avtalen at EU-organ ikkje kan utøve myndigheit direkte overfor EØS/EFTA- aktørar.
Dei europeiske finanstilsyna har tilsynsoppgåver og regelverksoppgåver som supplerer dei nasjonale finanstilsynsmyndigheitene i Europa.
Tilsynssamarbeid i EØS
Ei viktig oppgåve for EU-tilsyna er å overvake og handtere risikoar som kan true den finansielle stabiliteten i EØS-området. Dette gjer dei i samarbeid med dei nasjonale finanstilsyna. Dei bidreg òg til å utvikle god tilsynspraksis hos dei nasjonale tilsyna og legg til rette for arbeidet i tilsynskollegia som fører tilsyn med større grensekryssande finanskonsern.
EU-tilsyna fastset tilrådingar og retningslinjer som gjeld for dei nasjonale finanstilsyna eller for finansnæringa for å bidra til god og lik tilsynspraksis i EØS-området. Dei administrerer òg fagfellevurderingar («peer reviews») mellom dei nasjonale finanstilsyna.
Regelverksarbeid i EØS
Gjennom EØS-avtalen har norsk finansnæring og norske forbrukarar tilgang til fellesmarknaden for finansielle tenester i Europa. For at ein slik felles marknad skal fungere godt, arbeider medlemslanda for like konkurransevilkår og likt forbrukarvern i heile EØS-området. Dette gjeld mellom anna for føresegner om solide finansføretak, god marknadsåtferd og godt forbrukarvern.
EØS-avtalen regulerer korleis EU-regelverket blir forpliktande i Noreg òg. Noreg er ikkje med i vedtaksprosessen til EU når medlemslanda fastset eit nytt regelverk, men norske myndigheiter har rett til å delta i den førebuande fasen. Når EU har vedteke eit regelverk, vurderer EØS-statane om EØS-avtalen omfattar dette regelverket. Dersom han gjer det, blir regelverket teke inn i EØS-avtalen og gjennomførd i norsk rett. Dersom landa må gjere større tilpassingar i EU-regelverket før det kan inngå i EØS-avtalen, er det først forhandlingar om innhaldet mellom landa i EU og EFTA, som er det europeiske frihandelsforbundet og som består av Island, Liechtenstein, Sveits og Noreg.
EU-tilsyna EBA, ESMA og EIOPA hjelper EU-kommisjonen med å utvikle forslag til regelverk på finansområdet. Dei kan gi råd til Kommisjonen, eller dei kan utarbeide fullstendige utkast til tekniske standardar som Kommisjonen seinare kan vedta som bindande regelverk. Finanstilsyna i EU kan òg formidle tilrådingar og retningslinjer om korleis ein skal tolke regelverket eller korleis dei nasjonale finanstilsyna skal utøve tilsyn i tråd med regelverket. Finanstilsynet deltek i regelverksarbeidet til finanstilsyna i EU, og vi kan dermed identifisere norske interesser tidleg i arbeidet, medverke i å utarbeide regelverket og bli kjend med innhaldet og formålet til eit regelverk som norske myndigheiter seinare skal gjennomføre og handheve i Noreg.
Relatert innhald
- European Banking Authority (EBA)
- European Insurance and Occupational Pensions Authority (EIOPA)
- European Securities and Markets Authority (ESMA)
- European System Risk Board (ESRB)
- Single Supervisory Mechanism (SSM) – den overordna banktilsynsmyndigheita for eurolanda
- Joint Committee European Supervisory Authorities
- EU-rådet
- Economic and Financial Affairs Council configuration (Ecofin)
- EU-kommisjonen
- Internasjonalt samarbeid