Tilsynssamarbeidet i EØS
Publisert: 25. april 2017
Sist endret: 12. januar 2022
Retningslinjer/rettleiingar frå dei europeiske finanstilsyna
Dei europeiske finanstilsyna kan fastsette retningslinjer retta mot nasjonale tilsynsmyndigheiter eller mot finansføretak for å bidra til at det er eit hensiktsmessig og effektivt tilsyn i heile EØS-området. Nasjonale tilsynsmyndigheiter er pålagde å rapportere til dei europeiske finanstilsyna i EU om dei vil følge retningslinjene eller ikkje.
Dersom Finanstilsynet stadfestar å etterleve ei retningslinje, publiserer vi informasjon om dette på nettstaden. Finanstilsynet forventar då at finansføretaka følger retningslinjene retta som er retta mot dei, på same vis som andre rettleiingar og rundskriv. Dei fastsette retningslinjene er òg tilgjengelege på nettstadene til dei europeiske finanstilsyna:
Q&As – Questions & Answers
Marknadsaktørar og andre aktørar kan sende inn spørsmål til dei europeiske finanstilsyna om korleis ein skal forstå eit regelverk. Spørsmåla og svara frå dei europeiske finanstilsyna er samla i såkalla Q&As (Questions and Answers), og dei blir løpande publiserte på nettstadene til dei respektive EU-tilsyna. Informasjon om korleis ein kan sende inn spørsmål til dei, finst på nettstadene deira.
Tilsynskollegium – Supervisory Colleges
Mange føretak i finanssektoren opererer i fleire enn eitt EØS-land. For å ha eit godt og samordna tilsyn med slike føretak, deltek dei nasjonale tilsynsmyndigheitene i såkalla tilsynskollegium. Eksempel på saker er vurdering av samla risikoar og kapitalkrav i føretaka. Det er etablert eitt tilsynskollegium per føretak/konsern over ein viss storleik og med ein viss grad av grensekryssande verksemd. Dei europeiske finanstilsyna deltek i tilsynskollegia og har ei koordinerende rolle.
Ramma for tilsynskollegia er beskrive i forordningane for EBA, ESMA og EIOPA. Meir konkrete føresegner om rolle og oppgåver er gitt i ulike sektorregelverk.
Finanstilsynet deltek i ei rekke tilsynskollegium, og tilsynet leiar tilsynskollegia for mellom anna DNB, Storebrand og Gjensidige.
Fagfellevurderinger – Peer Reviews
Fagfellevurderingar blir organiserte av dei europeiske finanstilsyna, og formålet med dei er å oppnå ein likare og betre tilsynspraksis i EØS-området. Grunngiving og framgangsmåte for å gjennomføre fagfellevurderingar er regulerte i forordningane for EBA, ESMA og EIOPA.
Kompetanse til å fatte bindande vedtak retta mot nasjonale tilsyn eller finansføretak
EBA, ESMA og EIOPA har, i heilt særskilde tilfelle, myndigheit til å fatte bindande vedtak retta mot nasjonale finanstilsyn. Denne moglegheita inntreff mellom anna dersom det nasjonale tilsynet har innretta seg slik at finansiell stabilitet blir truga eller bryt med EU-reglane. Dei europeiske finanstilsyna kan òg fatte vedtak for å løyse ein tvist mellom to eller fleire nasjonale tilsyn.
Dersom dei nasjonale finanstilsyna ikkje innrettar seg etter pålegg frå EBA, ESMA og EIOPA, kan europeiske finanstilsyna fatte vedtak som blir retta direkte mot finansføretak i EU.
Sjølv om Finanstilsynet er medlem av dei europeiske finanstilsyna, er Noreg som EØS/EFTA-land ikkje bunden av vedtak som er fatta av EBA, ESMA og EIOPA. EØS-avtalen fastset at det er ESA, overvakingsorganet til EFTA, som i slike tilfelle har myndigheit til å fatte vedtak retta mot Finanstilsynet, eller mot norske finansføretak.
Myndigheita for overvakingsorganet til EFTA til å fatte slike bindande vedtak er regulert i EØS-avtalen, og løysinga er beskrive i Proposisjon til Stortinget (Prop S 100) (2015–2016). Sjå meir om norsk tilknyting til systemet for europeisk finanstilsyn på nettstaden til Finansdepartementet:
ESMA sine direktetilsyn
ESMA har som det einaste av dei europeiske finanstilsyna eit direkte tilsynsansvar med føretaka i EØS, som er avgrensa til kredittvurderingsbyrå, transaksjonsregister, tredjeland sine sentrale motpartar, verdipapiriseringsregister, enkelte administratorar av referanseverdiar og leverandørar av tenester for datarapportering.
Det kan òg bli direktetilsyn med kvitvasking under eit eventuelt nytt EU-byrå, og det er foreslått at EBA skal ha direktetilsyn med utskrivarar av enkelte kryptoaktiva.