Forsikringsformidling: forsikringsmeklarar og forsikringsagentar
Publisert: 27. mars 2017
Sist endret: 11. november 2022
Forsikringsformidling
Føretak som driv forsikringsformidling sel ikkje eigne forsikringsprodukt, men dei er bindeledd mellom eit forsikringsføretak og ein forsikringstakar (kunde). Det er to hovudtypar forsikringsformidlingsføretak:
- Den eine typen er forsikringsmeklarar som representerer forsikringstakaren og som skal bistå med å finne den beste forsikringsløysinga for kunden.
- Den andre typen er forsikringsagentar som har avtale med eitt eller fleire forsikringsføretak og representerer føretaka dei har avtale med.
Regelverk for forsikringsformidling:
Før eit forsikringsformidlingsføretak kan begynne med å formidle forsikringar, må det vere oppførd i verksemdsregisteret til Finanstilsynet.
Utanlandske forsikringsformidlarar frå EØS-statar som driv verksemd i Noreg, skal være oppførd i eit register i heimstaten.
Der ein forsikringsformidlar er bindeleddet mellom eit forsikringsføretak og ein kunde, medfører ikkje det at du som forsikringskunde får dårlegare rettar etter forsikringsavtalen enn om du hadde inngått avtalen direkte med forsikringsføretaket. Det er dei same rettane du har etter forsikringsavtalelova. I tillegg er det ytterlegare føresegner som gjeld i forholdet mellom forsikringsformidlaren og kunden. I nokre punkt under står det om sentrale reglar som gjeld spesielt for forsikringsavtalar som er inngått via ein forsikringsformidlar. Dette er føresegner som er henta frå forsikringsformidlingslova og forsikringsformidlingsforskrifta.
Forsikringar
Forsikringsformidlingsføretak er pliktige til å ha ei ansvarsforsikring som skal dekke ansvaret for yrkesmessig aktløyse. Dersom forsikringsformidlaren behandlar klientmiddel, til dømes innkrevjing av forsikringspremie som skal vidaresendast til forsikringsføretaket, er det eit krav om at føretaket òg skal ha ei underslagsforsikring.
Provisjonsforbod for forsikringsmeklarar
Ein forsikringsmeklar har som ein hovudregel ikkje lov til å motta provisjon frå forsikringsføretaket som forsikringa er plassert i. Honoraret som meklarføretaket skal ha for utført arbeid, skal avtalast med og betalast av oppdragsgivaren (kunden).
Informasjonsplikta til forsikringsformidlarar
Før ein forsikringsavtale kan bli inngått og ved endringar og fornyingar av avtalen, skal føretaket mellom anna gi kunden opplysningar om:
- Registeret som forsikringsformidlingsføretaket er oppført i, og korleis ein kan kontrollere at føretaket er registrert.
- Betaling som forsikringsformidlingsføretaket mottek frå forsikringsføretaket, eller kva forsikringsformidlingsføretaket vil krevje fra kunden.
Meir informasjon
- Hvitvaskingsregelverket og forbrukernes rett til finansielle tjenester
- Spørsmål om lån, renter og andre kundeforhold i bankar og andre finansføretak
- Kva gjer Finanstilsynet for forbrukarane?
- Klagebehandling - oversikt over klagenemnder
- Sikringsordningar og garantiordningar
- Verksemdsregister
- Marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri
- Informasjon om Finanstilsynet
Finansportalen
Finansportalen er ei teneste frå Forbrukarrådet for kundar som vil samanlikne tilboda i marknaden for banktenester, forsikringsprodukt, investering og pengeoverføring til utlandet.