Kva gjer Finanstilsynet for forbrukarane?
Publisert: 23. juni 2016
Sist endret: 22. november 2022
Finanstilsynet er gjennom finanstilsynslova pålagd å sjå til at alle føretaka som er under tilsynet vårt, varetek interessene og rettane til forbrukarane i verksemdene sine.
Forbrukarvern
Mange av desse rettane er regulerte i eigne lover, som finansavtalelova, forsikringsavtalelova, verdipapirhandellova og eigedomsmeklingslova m.fl. Dette regelverket blir supplert av krav Finanstilsynet stiller til føretaka gjennom retningslinjer og rundskriv. Finanstilsynet undersøker om føretaka følger lovene og reglane som gjeld for føretaka, mellom anna krava som gjeld for godt forbrukarvern. Eit viktig element i dette er god informasjon og rådgiving.
Finanstilsynet sitt arbeid for å vareta forbrukarvern er likevel ikkje avgrensa til å følge opp krava om tilstrekkeleg og påliteleg informasjon og rådgiving om produkta som føretaka sel. Det viktigaste for kundane i bankar, forsikringsføretak og andre føretak er at føretaka er økonomisk solide. Når ein som kunde skal ha lån i ein bank, ta ut innskot eller få oppgjer etter ein forsikringsskade, vil det viktigaste vere at føretaket har pengar til å betale eigne forpliktingar. Finanstilsynet har òg andre oppgåver som er viktige for forbrukarane, som å følge opp at det er god marknadsåtferd og robust infrastruktur i finanssektoren.
Arbeidet med forbrukarvern inngår dermed i det totale arbeidet til Finanstilsynet. Tilsynet arbeider for at flest mogleg skal ha nødvendig grunnleggande kunnskap for å kunne velje riktig produkt og leverandør. Finanstilsynet skal òg sjå til at føretaka som sel finansielle produkt, har ein ansvarleg forretningsverksemd, det vil seie at dei har kundane sine interesser som førsteprioritet.
Finanstilsynet sitt arbeid med føretaka skjer gjennom regelmessig rapportering frå føretaka og ved at tilsynet gjennomfører stadlege tilsyn i føretaka. Finanstilsynet utarbeider tilsynsrapportar etter alle slike stadlege tilsyn. Tilsynsrapportane er offentlege, og dei blir publiserte på nettstaden til Finanstilsynet.
Kva kan Finanstilsynet ikkje gjere?
Finanstilsynet kan ikkje behandle klagar frå kundar i ulike føretak. Myndigheitene meiner at tilsyn med finansføretaka og klagebehandling ikkje bør handterast av den same etaten. For forbrukarane er det derfor oppretta eigne klagenemnder som skal sjå til at kundane sine interesser blir forsvarleg varetekne. Dette er utanomrettslege ordningar som skal gjere det enklare og billigare for kundane å få behandla klager. I tillegg kan alle ta saker inn for domstolane.
Finansportalen
Finansportalen er ei teneste frå Forbrukarrådet for kundar som vil samanlikne tilboda i marknaden for banktenester, forsikringsprodukt, investeringar og pengeoverføring til utlandet. Alle føretak som tilbyr finanstenester i Noreg, legg inn prisane sine i Finansportalen. Det er gratis å bruke Finansportalen, og alle kan søke opp informasjon der.
Verksemdsregisteret til Finanstilsynet
Finanstilsynet fører register over alle norske føretak som har løyve til å tilby finansielle tenester. Det er viktig for deg som forbrukar å sjekke dette registeret dersom du er i tvil om eit føretak du er i kontakt med, har løyve til å tilby tenestene. På nettstaden til Finanstilsynet vil du òg finne registera over føretak som kan tilby tenester direkte frå andre EØS-land, eller som har løyve til å opprette filialar i Noreg frå eit anna EØS-land.
Marknadsåtvaringar/investeringsbedrageri
Dersom Finanstilsynet blir kjend med eit selskap som tilbyr investeringstenester i Noreg utan nødvendig løyve, publiserer vi ei åtvaring mot å investere gjennom dette selskapet i eit register for marknadsåtvaringar/investeringsbedrageri. Finanstilsynet publiserer òg marknadsåtvaringar vi mottek frå myndigheiter i andre land.
Meir informasjon
- Hvitvaskingsregelverket og forbrukernes rett til finansielle tjenester
- Spørsmål om lån, renter og andre kundeforhold i bankar og andre finansføretak
- Kva gjer Finanstilsynet for forbrukarane?
- Klagebehandling - oversikt over klagenemnder
- Sikringsordningar og garantiordningar
- Verksemdsregister
- Marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri
- Informasjon om Finanstilsynet