Marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri
Publisert: 24. juni 2016
Sist endret: 11. november 2022
Finanstilsynet får ofte førespurnader frå enkeltpersonar som har blitt tilbode aksjar, fondsdelar, CFD-ar og andre investeringsmoglegheiter per telefon, e-post eller post. Tilboda kjem frå seljarar som dei ikkje kjenner frå før, som ofte kallar seg «rådgivarar» eller «meklarar». Dette er svært ofte reine svindelforsøk. Dersom noko høyrast for godt ut til å vere sant, så er det gjerne det.
Her finn du informasjon om korleis du kan redusere risikoen for å bli svindla, kva for teikn du skal vere merksam på når du blir kontakta med investeringstilbod og kva du kan gjere dersom du mistenker at du er utsett for svindel.
Unngå å bli svindla:
- Har selskapet som kontaktar deg nødvendig løyve til å drive verksemda si?
- Søk alltid opp selskapet som kontaktar deg i verksemdsregisteret til Finanstilsynet. Det er krav om å ha løyve frå Finanstilsynet for å tilby investeringstenester i Noreg. I verksemdsregisteret til Finanstilsynet finn du alle selskap i Noreg som har løyve. Søk på selskapsnamnet i søkefeltet øvst i verksemdsregisteret. Dersom selskapet ikkje står oppført der, tilrår vi deg å ikkje investere eller overføre pengar til selskapet.
- Har Finanstilsynet publisert ei marknadsåtvaring mot selskapet?
- Dersom Finanstilsynet blir kjent med selskap som tilbyr investeringstenester i Noreg og som ikkje har nødvendig løyve, publiserer vi ei åtvaring i registeret over marknadsåtvaringar mot å investere gjennom dette selskapet. Du bør alltid sjekke om Finanstilsynet har publisert ei marknadsåtvaring mot selskapet før du aksepterer eit tilbod. Lista vil aldri bli komplett, og svindlarar byttar ofte namn. Sjølv om Finanstilsynet ikkje har publisert ei marknadsåtvaring mot selskapet, tilrår vi deg å ikkje investere gjennom selskapet før du har sjekka verksemdsregisteret som er omtalt over.
- Be om nok skriftleg informasjon til at du forstår investeringstilbodet.
- Du kan aldri få for mykje informasjon eller stille for mange spørsmål om investeringa. Du må vere sikker på at du forstår produktet du får tilbod om å investere i, og du må sørge for at du får tilsendt skriftleg informasjon om investeringa. Både personen som kontaktar deg, og nettsida til føretaket kan verke profesjonell og tillitsvekkande. Men, du må alltid hugse at informasjon på nettsider kan vere falsk, og at løfter og garantiar om høg avkasting aldri kjem utan at det ligg føre ein tilsvarande høg risiko – både for tap på investeringa og for at førespurnaden er rein svindel. Er du usikker, søk råd frå ein tredjepart eller ta kontakt med banken din. Du må aldri oppgi bankkontonummeret eller gi tilgang til nettbanken din.
- Bruk tid, ikkje la deg forhaste.
Stopp opp, og tenk deg om før du godtek eit tilbod om å investere. Ikkje la deg forhaste til å bestemme deg for ei investering. Svindlarar gir ofte inntrykk av at det er viktig å bestemme seg raskt for ikkje å gå glipp av moglegheita. Er investeringstilbodet reelt, har du tid til å tenke deg om. Ver kritisk. Dersom investeringa har låg eller inga risiko og høg avkasting, kvifor skulle dei ønske å dele investeringa med deg?
Kjenneteikn ved svindelforsøk:
- Tilbodet om å investere kjem uoppfordra.
- Seljaren er pågåande.
- Seljaren kan ofte vise til tilsynelatande profesjonelle nettsider og presentasjonar.
- Det er lite eller ingen informasjon om risikoen i investeringa.
- Svindlarar framstiller ofte investeringa som svært lønsam utan nemneverdig risiko. Jo høgare forteneste dei lover, jo meir sannsynleg er det at det dreier seg om svindel.
- Seljaren eller nettsida til selskapet gir ofte informasjon om oppnådd avkasting for andre kundar. Slik informasjon er ofte falsk.
- Svindlarar framhevar ofte kor viktig det er at kunden bestemmer seg raskt, anten for å oppnå ein rabatt eller for ikkje å gå glipp av moglegheita.
- Svindlarar framhevar gjerne at ein kan komme seg kostnadsfritt ut av investeringa i løpet av nokre dagar dersom ein skulle ønske det og uttrykker usikkerheit rundt investeringa. Det viser seg ofte å vere umogleg.
Dersom noko høyrast for godt ut til å vere sant, så er det gjerne det. Hald deg informert, og ver kritisk.
Mistenker du at du har blitt utsett for svindel?
Ta kontakt med banken din dersom du mistenker at du er utsett for svindel. Banken kan gi deg nyttig informasjon og kan hindre at andre blir svindla av den same aktøren.
- Dersom du er utsett for svindel, bør du vurdere å melde forholdet til det lokale politidistriktet ditt.
Tips Finanstilsynet:
Finanstilsynet behandlar ikkje klager frå kundar og kan ikkje bistå nokon som er svindla med å få pengane tilbake. Tips om ulovleg verksemd kan likevel vere verdifullt i Finanstilsynet sitt arbeid med å hindre slik verksemd.
Dersom du har motteke eit tvilsamt investeringstilbod eller mistenker at du har blitt svindla, send eit tips om dette til Finanstilsynet via e-post eller varslingsportalen vår:
Tipset bør innehalde:
- Detaljert informasjon om kva du har blitt tilbode og namnet på føretaket eller personen som har kontakta deg.
- Legg gjerne ved informasjonen du har motteke skriftleg.
Finanstilsynet vurderer fortløpande, ut frå tilgjengelege ressurser, kva som skal følgast opp. Det er ikkje sikkert at tilsynet følger opp alle varsel. Dei som varslar, kan heller ikkje rekne med å bli orientert om statusen i saka. Finanstilsynet kan pålegge selskap å stanse ulovleg verksemd, og tilsynet vil publisere marknadsåtvaringar for å redusere faren for at fleire personar blir lurt.
Forbrukarrådet:
Forbrukarrådet har utarbeidd ein klageguide for forbrukarar. Ein advokat kan òg bistå deg i å sikre eit eventuelt økonomisk krav du kan ha mot selskapet eller personen som har kontakta deg.
Har du fått investeringstilbod? Sjekk registera våre før du investerer:
Meir informasjon
- Hvitvaskingsregelverket og forbrukernes rett til finansielle tjenester
- Spørsmål om lån, renter og andre kundeforhold i bankar og andre finansføretak
- Kva gjer Finanstilsynet for forbrukarane?
- Klagebehandling - oversikt over klagenemnder
- Sikringsordningar og garantiordningar
- Verksemdsregister
- Marknadsåtvaringar / investeringsbedrageri
- Informasjon om Finanstilsynet
Finansportalen
Finansportalen er ei teneste frå Forbrukarrådet for kundar som vil samanlikne tilboda i marknaden for banktenester, forsikringsprodukt, investering og pengeoverføring til utlandet.