Høyring frå EBA: Retningslinjer til ny pengeoverføringsforordning
Høringer
Publisert: 30. november 2023
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) har sendt eit utkast til retningslinjer knytt til forordning om opplysningar som skal følgje pengeoverføringar og visse kryptoeigedelar (såkalla TFR II - EU 2023/1113) på høyring. Høyringsfristen er 26. februar 2024.
20. juli 2021 presenterte EU-kommisjonen ein pakke beståande av fire regelverksforslag med formål å styrke EUs innsats mot kvitvasking og terrorfinansiering. Blant desse var forslag til revidert forordning om opplysningar som skal følge pengeoverføringar. Ny forordning inkluderer mellom anna krav til at opplysningar følgjer transaksjonar i visse kryptoeigedelar.
Forordninga er vedteken i EU og tredde i kraft 29. juni 2023. Den skal gjelda i EU frå 30. desember 2024, som fell saman med forordninga om marknader for kryptoverdiar (Mica).
EBA har no sendt eit forslag til retningslinjer for å forhindre at transaksjonar blir misbrukte til kvitvasking og/eller terrorfinansiering, såkalla "travel rule guidelines", på høyring. Desse spesifiserer tiltak som betalingstenester (PSPs), mellomliggande betalingstenester (IPSPs), tilbydarar av kryptoeigedelstenester (CASPs), og dessutan mellomliggande tilbydarar av kryptoeigedelstenester (ICASPS) bør ta for å avdekke manglande eller ufullstendig informasjon som følgjer med transaksjonar. Retningslinjene spesifiserer også kva prosedyrar som bør etablerast for å handtere overføringar som manglar slik nødvendig informasjon.
For meir informasjon viser Finanstilsynet til EBAs høyringsnotat.
EBA arrangerer digitalt høyringsmøte om forslaget 17. januar 2024.
Høyringsfristen er 26. februar 2024.
Les meir på EBAs nettstad: