Auke i mottekne og avslutta inkassosaker i 2013 – ein av tre nye saker blir avslutta etter purring/inkassovarsel
Nyheter
Publisert: 31. mars 2014
Sist endret: 26. juli 2018
Vedlegg
Veksten som går fram av dei samla tala, innber ikkje ein auke i det reelle misleghaldet. Årsaka til veksten er at fleire inkassoføretak har utvida tenestene sine og at dei no òg sender purring/betalingspåminning på vegner av oppdragsgivarane. Dette var oppgåver som oppdragsgivarane tidlegare gjorde sjølve.
Hovudtrekk ved innrapporterte tal frå inkassoføretaka ved utgangen av 2013:
- Nye og avslutta inkassosaker viser ein vekst på 14,0 prosent samanlikna med utgangen av 2012.
- Avslutta inkassosaker viser ein vekst på 7,5 prosent samanlikna med utgangen av 2012.
- Talet på inkassosaker i arbeid viser ein vekst på 12,3 prosent samanlikna med utgangen av 2012.
- Misleghaldne forpliktingar til inndriving viser ein vekst på 5,9 prosent samanlikna med utgangen av 2012.
- Innkasserte beløp viser ein vekst på 7,8 prosent samanlikna med utgangen av 2012.
Inkassoinntektene til føretaka
I 2013 var inkassoinntektene til inkassoføretaka på 2 690 millionar kroner. Dette tilsvarer ein auke på 8,6 prosent samanlikna med 2012.
Merk: Finanstilsynet presiserer at dei presenterte tala for framandinkasso ikkje viser totale tal for kva som er til inndriving i Noreg. Inndriving av eigne krav (eigeninkasso), og krava som blir drivne inn av Statens innkrevingssentral og inkassoverksemda til advokatar inngår ikkje i talmaterialet.
Finanstilsynet gjer merksam på at innrapporterte tal ikkje kan bli oppgitt på fylkesnivå, ettersom tala ikkje er relaterte til geografiske område for skyldnar, men berre kor inkassoselskapet driv verksemda.
Abonner på nyheter
Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.