Inkassoverksemd
Publisert: 14. februar 2023
Tilsynet med inkassoverksemd omfattar føretak med løyve til å drive inn forfalne pengekrav for andre (framandinkasso) og føretak som kjøper opp forfalne pengekrav og sjølv driv inn desse (oppkjøps- og eigeninkasso). Tilsynet med inkassoføretak omfattar kontroll av at føretaka følgjer god inkassoskikk og ikkje nyttar inkassometodar som utset nokon for urimeleg press, skade eller ulempe.
Fakta om inkassobransjen
Talet på føretak med løyve til å drive inkassoverksemd blei vesentleg redusert i 2021. Det var likevel ikkje nokon tilsvarande nedgang i 2022. Ved utgangen av 2022 hadde 76 føretak framandinkassoløyve, mot 81 i 2021 og 90 i 2020. I tillegg har seks oppkjøpsføretak løyve til å drive inkassoverksemd.
Eit fåtal føretak dominerer inkassobransjen. Dei ti største inkassoføretaka har hatt ein stor samla del av inkassomarknaden i lengre tid. Basert på tal frå føretaka si rapportering per 30. juni 2022 hadde dei ti største føretaka 86 prosent av marknaden målt i fordringsmasse til inndriving. Dei same ti føretaka hadde i underkant av 65 prosent av dei totale årsverka.
Utviklinga i talet på framandinkassoføretak i perioden 1990–2022
Kjelde: Finanstilsynet
Utviklingstrekk
Mens innkasserte midlar i første halvår 2021 utgjorde 23,2 milliardar kroner, var det ein svak nedgang på 1,1 prosent til 22,9 milliardar kroner i første halvår 2022. Per 30. juni 2022 var det nærmare 6,1 millionar inkassosaker til behandling, noko som var ein nedgang på 3,0 prosent samanlikna med utgangen av første halvår 2021. Inkassosaker til behandling representerte misleghaldne forpliktingar på 115,2 milliardar kroner. Av dette utgjorde opphavleg gjeldsbeløp (hovudstolen) 69,5 milliardar kroner.
Samla gjeld til inndriving i milliardar kroner og talet på inkassosaker til behandling
Tal per 30. juni for det enkelte år
|
2017 |
2018 |
2019 |
2020 |
2021 |
2022 |
---|---|---|---|---|---|---|
Talet på inkassosaker til behandling |
4 948 000 |
5 352 000 |
5 782 000 |
6 101 000 |
6 281 000 |
6 093 372 |
Fordringsmasse til inndriving |
80,0 |
89,0 |
100,4 |
114,5 |
115,1 |
115,2 |
Opprinneleg gjeldsbeløp/ |
47,8 |
55,0 |
63,7 |
72,0 |
70,7 |
69,5 |
Sum innkasserte midlar |
16,0 |
17,8 |
19,6 |
21,5 |
23,2 |
22,9 |
Kjelde: Finanstilsynet
Krav overfor hushald utgjer hovudvekta av sakene som inkassoføretaka driv inn. Per 30. juni 2022 var 90,4 prosent av inkassosakene og 88,6 prosent av samla opphavleg krav (hovudstol) krav overfor hushalda.
Inkassosaker under utføring
|
30.06.2022 |
---|---|
Antall inkassosaker under utføring der skuldnar er eit hushald |
5 506 038 |
Antall inkassosaker under utføring der skuldnar er eit føretak |
587 334 |
Hovudstol knytt til inkassosaker under utføring der skuldnar er eit hushald |
61,6 milliarder kroner |
Hovudstol knytt til inkassosaker under utføring der skuldnar er eit føretak |
7,9 milliarder kroner |
Kjelde: Finanstilsynet
Utvikling i talet på inkassosaker under utføring 2008–2022
Kjelde: Finanstilsynet
Figuren viser at samtidig som talet på inkassosaker som har vore til inndriving i framandinkassoføretak, har dobla seg dei siste 14 åra, har talet på årsverk i bransjen gått ned. Talet på inkassosaker per årsverk viser dermed ein markert auke. Dette heng først og fremst saman med ei betydeleg digitalisering i bransjen i desse åra og aukande automatisering av inndrivingsprosessane.
Forbruksgjeld
Den halvårlege rapporteringa frå alle inkassoføretaka omfattar mellom anna opplysningar om forbruksgjeld til inndriving. Ved utgangen av første halvår 2022 var det 20 inkassoføretak som hadde forbruksgjeld til inndriving.
Det var 668 000 inkassosaker knytte til forbruksgjeld ved utgangen av første halvår 2022. Sakene utgjorde 11,0 prosent av det samla talet på saker til inndriving hos alle inkassoføretaka og 54,9 prosent av misleghalde opphavleg gjeldsbeløp (hovudstol) knytt til inkassosaker under utføring der skyldnar er eit hushald. Fordelinga av inkassosaker knytt til forbruksgjeld på aldersgrupper viste at det er skyldnarar i aldersgruppa 30–39 år som har høgast del saker, med 27,0 prosent.
Talet på inkassosaker knytt til forbruksgjeld (i prosent) fordelte på ulike aldersgrupper
Meir informasjon på finanstilsynet.no
Tilsyn, overvaking og kontroll
Finanstilsynet kontrollerer om føretaka følger reglane i lov og forskrift om korleis krav skal settast fram, og om salær som skyldnar blir kravd for, er korrekte. Kontroll av klientmiddelbehandlinga er sentralt i tilsynet, i tillegg til ein gjennomgang av risikostyringa og internkontrollen i føretaket og dessutan etterlevinga av risikostyringsforskrifta og IKT-forskrifta.
Finanstilsynet får regelmessig tips og førespurnader om moglege lovbrot i bransjen, i hovudsak frå skyldnarar, fordringshavarar og Finansklagenemnda. I tillegg får Finanstilsynet opplysningar gjennom rapporteringa frå verksemdene. Saman med erfaring frå tidlegare tilsyn dannar dette grunnlaget for ei risikobasert utveljing av kva verksemder som skal følgjast opp nærmare.
I 2022 blei det gjennomført stadlege tilsyn i dei tre inkassoføretaka Svea Finans AS, Fair Collection AS og Collectia AS, med gjennomgang av heile verksemda. To av desse er avslutta, og tilsynsrapportane er publiserte. I tillegg blei det gjennomført eit avgrensa dokumentbasert tilsyn med Convene Collection AS og Kravia AS. Sist nemnde knytte seg til innvendingshandteringa og er avslutta.
Som følge av tilsynet med Convene Collection AS vedtok Finanstilsynet mot slutten av året å pålegge føretaket å endre praksisen sin ved innkrevjing av forfalne krav på vegner av fastlegar og avtalespesialistar. Pålegget inneber at inkassoføretaket ikkje kan drive inn krav med fakturagebyr utan at det er gjort ei konkret og individuell vurdering av om vilkåra i stønadsforskrifta er oppfylt. Føretaket kan heller ikkje drive inn fakturakrav som berre er varsla elektronisk gjennom Pasientsky-plattforma, med mindre pasienten på førehand har gitt eit informert og eksplisitt samtykke til dette. Det er klaga på vedtaket.
Ingen konsesjonar blei tilbakekalt i 2022, verken føretaksløyve eller personlege løyve.
Telefonførespurnader til skyldnarar har vorte ein naturleg del av inndrivingsprosessen for mange inkassoføretak. Mange telefoniske førespurnader kan likevel vere belastande i seg sjølv, og når førespurnadene gjeld inkasso, vil belastninga kunne sjåast på som særleg tyngande. Førespurnader per telefon vil normalt også bli opplevd som meir inngripande enn skriftlege førespurnader frå inkassoføretaket. Telefonisk inkassoverksemd må derfor vurderast særskild og bli innretta slik at inkassoføretaket ikkje utset skyldnarar for urimeleg påtrykk i strid med god inkassoskikk. Kva som er urimeleg, avheng av ei avveging mellom omsynet til effektiv inndriving og til at fordringshavaren skal få dekning og skuldnaren nødvendig vern.
Finanstilsynet igangsette mot slutten av 2021 ei temabasert undersøking av korleis inkassoføretak nyttar telefonisk oppfølging av skyldnarar. Undersøkinga viste, i tillegg til at risikostyringa i føretaka og internkontrollen i tilknyting til den telefoniske verksemda varierte i kvalitet og omfang, at det òg var stor variasjon i korleis føretaka vurderte kor mange gonger dei kunne kontakta skyldnarar på telefon innanfor ein tidsperiode. Finanstilsynet fann det derfor formålstenleg å beskrive tilsynet sine vurderingar av god inkassoskikk for telefonisk inkassoverksemd i eit rundskriv (rundskriv 5/2022). Dette omfattar mellom anna grenser for talet på telefoniske samtaleforsøk.
Forvaltning
I 2022 blei det gitt 48 inkassobevillingar til enkeltpersonar og føretak. I desse sakene, og ved endringar i leiing og styrer i føretaka, gjennomførte Finanstilsynet i tillegg ei rekke vurderingar av om personar var eigna.
Regelverksutvikling
Ei arbeidsgruppe nedsett av Justis- og beredskapsdepartementet foreslo i rapporten «Gjennomgåelse av nærmere angitte problemstillinger om inkassoloven» ei ny inkassolov og ei ny inkassoforskrift. Samtidig foreslo ho eit nytt gebyrsystem for utanrettsleg inndriving. Forslaget blei mellom anna grunngitt i auka effektivisering og automatisering, noko som har medført lågare kostnader for inkassoføretaka ved inndriving av krava. Rapporten frå arbeidsgruppa blei send på høyring i mars 2020, og det blei gitt ei rekke høyringssvar. Forslaget er til behandling i Justis- og beredskapsdepartementet.
Rettleiing
I 2022 gav Finanstilsynet rettleiing gjennom informasjon på finanstilsynet.no. Der blei det mellom anna publisert tilsynsrapportar, vedtak, rundskriv og annan informasjon om Finanstilsynets tilsynspraksis. Finanstilsynet svara på ei rekkje førespurnader frå inkassoføretak og frå publikum, både skriftleg og over telefon. Førespurnadene frå publikum gjaldt i vesentleg grad påstandar om brot på god inkassoskikk og kor rettmessige krava var.
Meir informasjon på finanstilsynet.no
Annan relevant informasjon
Rapporter fra andre tilsynsområder:
-
Bank og annen finansieringsvirksomhet
-
Forsikring og pensjon
-
Infrastruktur på verdipapirområdet
-
Markedsatferd i verdipapirmarkedet
-
Verdipapirforetak
-
Fond og kollektive investeringer
-
Prospektkontroll – omsettelige verdipapirer
-
Finansiell rapportering – noterte foretak
-
Revisjon
-
Rekneskapsførarverksemd
-
Eigedomsmekling
-
Internasjonalt samarbeid
-
Hvitvasking og terrorfinansiering
-
Digital finans og IT-risiko