Rekneskapsførarverksemd
Publisert: 14. februar 2023
Finanstilsynets tilsyn med rekneskapsførarar omfattar godkjenning av enkeltpersonar og føretak og registerføring og tilsyn med verksemda. Tilsynet kontrollerer at rekneskapsførarar utfører arbeidet på ein tilfredsstillande måte, i samsvar med lovgivinga og etter god rekneskapsføringsskikk.
Utviklingstrekk
Regnskapsførarbransjen er sterkt prega av den teknologiske utviklinga og moglegheitene denne opnar både for oppdragsgivarane og for rekneskapsførarane. Bransjen er prega av ei todeling. Det er 10 til 20 større selskap og grupperingar, men også mange små verksemder, sjølv om det dei siste åra har vore ein reduksjon av verksemd som blir driven i enkeltpersonføretak. Rekneskapsførarselskap eigd av bankar er i vekst og er aktive i marknaden for rekneskapsføringstenester. Det er òg ein klar tendens til at rekneskapsførarføretaka bevegar seg frå ordinær rekneskapsføring med utarbeiding av årsrekneskap og skattemeldingar til økonomi- og rådgivingstenester.
Tilsyn, overvaking og kontroll
Finanstilsynet kontrollerer at rekneskapsførarselskap og enkeltpersonføretak oppfyller krava i rekneskapsførarlovgivinga og god rekneskapsføringsskikk. Tilsynet kontrollerer òg at rekneskapsføringa skjer etter krava i rekneskapslova, bokføringslova og skatte- og avgiftsregelverket.
Samarbeid med bransjeforeiningar
I Noreg er det om lag 15 000 autoriserte rekneskapsførarar og rekneskapsførarselskap. Finanstilsynets tilsynsarbeid er risikobasert og er i hovudsak retta mot rekneskapsførarføretak og rekneskapsførarar som er ansvarlege for rekneskapsføraroppdrag.
Regnskap Norge gjennomfører kvalitetskontroll av medlemmene sine minst kvart sjuande år. Revisorforeningen gjer det same for medlemmar som driv rekneskapsføringsverksemd.
Det er utarbeidd retningslinjer for kvalitetskontrollen med medlemmane i foreiningane og forholdet til Finanstilsynets tilsynsansvar. I samsvar med retningslinjene skal Regnskap Norge og Revisorforeningen sende saka til Finanstilsynet dersom dei finn forhold som kan gi grunnlag for vedtak om tilbakekall av autorisasjon som rekneskapsførar. Rapporten frå kvalitetskontrollane som blei gjennomførte av Regnskap Norge og Revisorforeningen i 2022, er attgitt nedanfor.
Signal og tilsyn
Finanstilsynet gjennomfører tilsyn basert på innrapporteringar frå bransjeforeiningane, politiet, Skatteetaten, bustyrarar og oppdragsgivarar, og dessutan medieomtale og andre kjelder som kan indikere mistanke om regelbrot. I vurderinga av kva for rekneskapsførarar som skal kontrollerast, legg Finanstilsynet vekt på om dei er underlagde kvalitetskontroll av ei bransjeforeining. Finanstilsynet registrerte i 2022 til saman 149 innrapporteringar og andre signal som kan indikere feil i oppdragsutføringa hos rekneskapsførarar. Dette er tilsvarande som for 2021.
I 2022 gjennomførte Finanstilsynet 44 tilsyn. Ikkje alle tilsynssakene frå 2022 er ferdigbehandla. Mange tilsyn blir avslutta med kritiske merknader eller vedtak om tilbakekall av autorisasjon som rekneskapsførar eller rekneskapsførarselskap. Nokre saker blir avslutta før vedtak blir fatta fordi rekneskapsføraren seier frå seg autorisasjonen. Fleire tilsyn lèt seg ikkje gjennomføre til fastsett tid på grunn av forhold hos rekneskapsføraren, til dømes sjukdom.
Finanstilsynet gjennomførte i 2022 eit tematilsyn om rekneskapsførar- og revisjonsselskap si stadfesting av kompensasjonsordninga for næringslivet frå staten som følgje av koronapandemien.
Tematilsynet omfatta 15 rekneskapsførarselskap. Finanstilsynets gjennomgang viser at både rekneskapsførarar og revisorar i stor grad hadde gjennomført kontrollhandlingane som var nødvendige for å kunne stadfeste søknadene om støtte, slik at støtta kunne utbetalast. Det er publisert ein rapport etter tematilsynet.
Tilsyn med rekneskapsførarselskap omfattar òg etterlevinga i føretaka av pliktene i kvitvaskingslova. Etter Finanstilsynets tematilsyn på kvitvaskingsområdet i 2020/21 er etterlevinga betra, men tilsynsverksemda avdekker framleis manglande etterleving i enkeltføretak. I 2022 vart det gitt fem gebyr til rekneskapsførarføretak for brot på kvitvaskingslovgivinga. Storleiken på gebyra har variert mellom 25 000 og 100 000 kroner.
Tilbakekall og suspensjon av autorisasjon som rekneskapsførar
|
2018 |
2019 |
2020 |
2021 |
2022 |
---|---|---|---|---|---|
Tilbakekall – rekneskapsførarar |
8 |
10 |
87 |
12 |
11 |
Tilbakekall – rekneskapsførarselskap |
12 |
17 |
20 |
3 |
23 |
Suspensjon |
0 |
0 |
1 |
2 |
0 |
Ulovleg rekneskapsførarverksemd
Når Finanstilsynet får signal om ulovleg rekneskapsførarverksemd, blir dei som tilbyr rekneskapsførartenester utan autorisasjon, gjort merksame på autorisasjonsplikta og på at verksemda må opphøyre. Vidare oppfølging blir vegen løpande mot behovet for ressursar til anna tilsynsarbeid. I enkelte alvorlege tilfelle blir forholdet meldt til politiet. Ingen tilfelle av ulovleg verksemd blei melde av Finanstilsynet i 2022. Av dei 28 sakene som blei behandla, blei det gitt to pålegg om stans av verksemd og sendt åtte brev der Finanstilsynet gjorde merksam på krava til autorisasjon og på at eventuell verksemd i strid med dette måtte opphøyre.
Forvaltning
Antall autoriserte rekneskapsførarar og rekneskapsførarselskap per 31.12.2022
|
2018 |
2019 |
2020 |
2021 |
2022 |
Godkjenningar i 2022 |
---|---|---|---|---|---|---|
Rekneskapsførarar |
11 606 |
11 626 |
11 854 |
12 093 |
12 320 |
534 |
Rekneskapsførar-selskap |
2 772 |
2 708 |
2 728 |
2 779 |
2 699 |
159 |
Særlege oppfølgingsområde
Kontroll med etterlevinga av ulike lovkrav skjer løpande. Dette gjeld særleg kravet om at den daglege leiaren i rekneskapsførarselskap skal vere autorisert rekneskapsførar. Finanstilsynet følgjer òg opp rekneskapsførarar som ikkje oppfyller lovbestemte minstekrav til etterutdanning.
Klagenemnd
I 2022 sende Finanstilsynet åtte klagesaker på rekneskapsførarområdet til Klagenemnda for revisor- og rekneskapsførarsaker. Klagenemnda avgjorde 21 klagesaker i 2022.
Regelverksutvikling
Ny rekneskapsførarlov vart vedteken av Stortinget 16. desember 2022. Lova tredde i kraft 1. januar 2023. Det er gitt forskrift med overgangsreglar. Det er behov for å utarbeide ytterlegare forskriftsreglar om enkelte tema som lova ikkje regulerer, men der det er gitt forskriftsheimlar.
Bransjestandardutvalet, som består av Regnskap Norge, Revisorforeningen og Økonomiforbundet, har vedtatt endringar i standarden «god rekneskapsføringsskikk» (GFRS) som følgje av lovendringane. Ny GFRS gjeld frå 1. januar 2023.
Rettleiing
I 2022 har Finanstilsynet rettleidd gjennom informasjon på finanstilsynet.no. Der er det mellom anna delt tilsynsrapportar, vedtak og informasjon om tilsynspraksisen til Finanstilsynet. Finanstilsynet har òg halde foredrag på fleire seminar, mellom anna i regi av Regnskap Norge og Norske Boligbyggelags Landsforbund.
Meir informasjon på finanstilsynet.no
Rapporter fra andre tilsynsområder:
-
Bank og annen finansieringsvirksomhet
-
Forsikring og pensjon
-
Infrastruktur på verdipapirområdet
-
Markedsatferd i verdipapirmarkedet
-
Verdipapirforetak
-
Fond og kollektive investeringer
-
Prospektkontroll – omsettelige verdipapirer
-
Finansiell rapportering – noterte foretak
-
Revisjon
-
Eigedomsmekling
-
Inkassoverksemd
-
Internasjonalt samarbeid
-
Hvitvasking og terrorfinansiering
-
Digital finans og IT-risiko