Revisjon
Publisert: 14. februar 2023
Det er nødvendig for ein velfungerande marknad at aktørane har tillit til den finansielle rapporteringa frå næringslivet. Det gjeld spesielt for føretak av allmenn interesse. God kvalitet på revisjonen bidreg til å styrke denne tilliten. For å ta vare på rolla som tillitspersonen til allmenta må revisor vere uavhengig og utføre revisjonen i samsvar med krava i revisorlova.
Utviklingstrekk
Dei særlege krava til revisorar som reviderer føretak av allmenn interesse, gjer at det blir eit meir markert skilje mellom revisjonsføretak som reviderer føretak av allmenn interesse, og andre revisjonsføretak. Ved utgangen av 2022 var det ti revisjonsselskap som var vald revisor for føretak av allmenn interesse.
Dei største revisjonsselskapa, som alle er del av store internasjonale nettverk, er vald revisor for dei fleste føretaka av allmenn interesse. Desse selskapa er òg klart dominerande i marknaden målt i honorar frå lovpliktig revisjon. Det er likevel mange små aktørar, men talet på revisjonsføretak der det berre er éin oppdragsansvarleg revisor, er redusert dei siste åra. Den teknologiske utviklinga og kva denne har å seie for revisjonsutøvinga, er eit sentralt tema, særleg i dei store internasjonale revisjonsnettverka.
To av dei fire største internasjonale revisjonsnettverka sette i 2022 i verk prosessar for å skilje ut rådgivingsverksemda frå revisjonsverksemda. Dette kan bidra til å sikre sjølvstende som revisor, som er eit grunnleggjande krav til revisorrolla. Dei to andre store nettverka har ikkje offentleggjort slike planar.
Tilsyn, overvaking og kontroll
Finanstilsynets tilsyn med revisorar omfattar godkjenning av enkeltpersonar og føretak, registerføring og tilsyn med verksemda. Tilsynet kontrollerer at revisor tar vare på sjølvstendet sitt og utfører arbeidet på ein tilfredsstillande måte og i samsvar med lovgivinga og god revisjonsskikk. Finanstilsynet kontrollerer òg etterlevinga i føretaka av kvitvaskingslovgivinga.
Periodisk kvalitetskontroll
Revisorar som reviderer føretak av allmenn interesse, skal etter revisorlova omfattast av periodisk tilsyn minst kvart tredje år. Desse tilsyna blir gjennomførte av Finanstilsynet. Andre revisorar skal kontrollerast minst kvart sjette år. Revisorforeningen utfører desse kontrollane for medlemmane sine, medan Finanstilsynet fører periodisk tilsyn med revisorar som ikkje er medlemmar av Revisorforeningen.
Det er utarbeidd retningslinjer for Revisorforeningens kvalitetskontroll av medlemmane og sambandet med Finanstilsynets tilsynsansvar. I samsvar med retningslinjene skal Revisorforeningen sende saka til Finanstilsynet dersom den finn forhold som kan gi grunnlag for vedtak om tilbakekall av godkjenning som revisor.
I 2022 gjennomførte Finanstilsynet tre periodiske tilsyn. Ikkje alle sakene er avslutta. Eitt av dei kontrollerte revisjonsselskapa har teke på seg revisjonsoppdrag for føretak som innebér at revisjonsselskapet òg blir underlagd periodisk kvalitetskontroll av revisortilsynsmyndigheita i USA, Public Company Accounting Oversight Board (PCAOB). Tilsynet blei gjennomført som fellestilsyn med PCAOB.
Tilsynssaker elles
Finanstilsynet gjennomførte i 2021 tematilsyn knytt til opptaksprosessar på Euronext Growth. Det blei gjennomført tilsyn hos Oslo Børs, åtte verdipapirføretak og fire revisjonsselskap. Den overordna tematilsynsrapporten blei publisert 24. januar 2022. Tilsynsrapportane etter tilsyn i dei enkelte revisjonsselskapa blei publiserte hausten 2021.
Finanstilsynet gjennomførte i 2022 eit tematilsyn om rekneskapsførarar og revisjonsselskap sine stadfestingar av kompensasjonsordninga frå staten for næringslivet som følgje av koronapandemien. Tematilsynet omfatta 15 revisjonsselskap. Finanstilsynets gjennomgang viste at både rekneskapsførarar og revisorar i stor grad hadde gjennomført kontrollhandlingane som var nødvendige for å kunne stadfeste søknadene til føretaka, slik at dei kunne få utbetalt støtte, og at dei hadde tatt vare på oppgåva på ein tilfredsstillande måte. Det er publisert ein rapport etter tematilsynet.
Som del av eit felles tematilsyn med utvalde noterte føretak si rapportering av klimarelaterte forhold i årsrapporten for 2021 blei revisor sitt arbeid knytt til dette gjennomgått. Sjølv om det er forskjellar mellom føretaka, var rapporteringa gjennomgåande mangelfull og ofte for generell i forhold til kva ein bør forvente. Det er òg behov for vesentlege forbetringar i revisor si vurdering og dokumentasjon av korleis klimarisiko påverkar den finansielle rapporteringa. Rapporten "Informasjon om klimarelaterte forhold i årsrapportane" vart publisert i desember 2022.
Tilsyn elles blir gjennomført på bakgrunn av Finanstilsynets risikovurderingar, der signal om moglege svakheiter i revisjonen inngår i valet av kva for tilsyn som skal gjennomførast.
I 2022 registrerte Finanstilsynet 96 signal om moglege svakheiter i revisjonen. Signala kjem frå Revisorforeningen, skattemyndigheitene, bustyrarar, politiet og andre. Det kan òg vere oppslag i media eller forhold som blir avdekte av Finanstilsynet på andre tilsynsområde. Alle signal blir vurderte for tilsynsmessig oppfølging. Saker som ikkje blir følgde opp med stadleg tilsyn eller annan nærmare kontroll, kan bli avslutta med at revisor blir beden om å gjennomgå revisjonen, identifisere eventuelle svakheiter og rette opp desse i framtidig revisjonsutøving. Finanstilsynet gjer revisor merksam på at vurderinga og eventuelle tiltak må dokumenterast, og at tilsynet vil gjennomgå sakene i eventuelle framtidige tilsyn.
Til saman vart 61 signal følgde opp i 2022. 22 av signala vart følgde opp ved tilsyn. Finanstilsynet sende òg 39 signal til revisjonsselskap der selskapa blei bedne om å gjennomføre ei dokumentert eigenevaluering av motteken innrapportering.
Ikkje alle tilsynssakene frå 2022 er ferdigbehandla. Dei alvorlegaste brota var at revisor tok på seg oppdrag som ikkje skulle vore aksepterte, at revisor heldt fram klientforhold der klienten skulle vore oppsagt, og at det ikkje var innhenta tilstrekkelege og formålstenlege revisjonsbevis som grunnlag for send revisjonsstadfesting. Revisjon av inntekter og verdsetting (estimat) er område med flest alvorlege funn. Alvorlege brot er òg knytt til revisor si mangelfulle forståing av verksemda, inkludert avtalar og regulatoriske forhold revisjonsklienten er underlagd. For at revisor skal ta vare på rolla som allmenta sin tillitsperson, er det viktig at revisor viser profesjonell skepsis til leiinga sine vurderingar i gjennomføringa av revisjonen og ved byte av revisor.
To revisjonsføretak blei i 2022 gitt gebyr på høvesvis 10 000 og 30 000 kroner for brot på revisorlova. Det eine brotet var knytt til manglande kontrollhandlingar ved stadfesting av søknad om kompensasjon, og det andre gjaldt mangelfulle akseptvurderingar forut for at revisor tok på seg nye revisjonsoppdrag.
Tilsyn med revisjonsselskap omfattar òg etterlevinga i føretaka av pliktene i kvitvaskingslova. Etter Finanstilsynets tematilsyn på kvitvaskingsområdet i 2020/21 er etterlevinga betra, men tilsynsverksemda avdekker framleis manglande etterleving i enkeltføretak. I 2022 vart det gitt to gebyr til revisjonsselskap for brot på kvitvaskingslovgivinga. Storleiken på gebyra var på høvesvis 50 000 og 60 000 kroner.
Tilbakekall av godkjenning som revisor
|
2018 |
2019 |
2020 |
2021 |
2022 |
---|---|---|---|---|---|
Tilbakekall –statsautoriserte revisorar |
0 |
3 |
0 |
3 |
3 |
Tilbakekall – registrerte revisorar |
2 |
2 |
0 |
0 |
– |
Tilbakekall –revisjonsselskap |
0 |
1 |
1
|
0
|
0 |
Saker send til Klagenemnda for revisor- og rekneskapsførarsaker
I 2022 sende Finanstilsynet tre klagesaker på revisjonsområdet til Klagenemda for revisor- og rekneskapsførarsaker. Klagenemnda avgjorde to klagesaker i 2022. I begge sakene blei Finanstilsynets vedtak stadfesta.
Forvaltning
Godkjende revisorar og revisjonsselskap per 31.12.2022
Den nye revisorloven frå 2021 innførte nye konsesjonstypar på revisjonsområdet. Dette inneber mellom anna at det berre blir gitt godkjenning som statsautorisert revisor, og registrerte revisorar etter tidlegare lov blei automatisk statsautoriserte revisorar frå 2021. Samla tal på statsautoriserte revisorar per 31. desember 2022 var 8710.
Etter den nye lova blir revisorregisternummer tildelt i samband med godkjenning som statsautorisert revisor. I ein overgangsperiode har ikkje alle statsautoriserte revisorar anledning til å drive lovfesta revisjon. Det gjaldt 6665 revisorer per 31.12.2021 og 6368 revisorer per 31.12.2022. Revisorar utan rett til å drive lovfesta revisjon er utelatne i tabellen nedanfor for 2021 og 2022. Godkjente revisorar som etter den tidlegare revisorlova var "ansvarlege revisorar", har same rettigheiter som statsautoriserte revisorar frå 2021 og seinare.
|
2018 |
2019 |
2020 |
2021 |
2022 |
Godkjenningar i 2022 |
---|---|---|---|---|---|---|
Statsautoriserte revisorar |
4 326 |
4 476 |
4 658 |
1 752 |
2 342 |
650 |
Registrerte revisorar |
3 607 |
3 652 |
3 707 |
– |
– |
|
Av desse ansvarlege revisorar |
1 519 |
1 541 |
1 508 |
– |
– |
|
Revisjonsselskap |
447 |
458 |
461 |
458 |
458 |
26 |
Finanstilsynet gir godkjenning som statsautorisert revisor. Som ledd i dette må revisor bestå ein praktisk eksamen. I 2022 bestod 335 kandidatar eksamen.
Regelverksutvikling
Finanstilsynet deltok i 2022 i arbeidet med høyringssvar som CEAOB (Committee of European Auditing Oversight Bodies) og IFIAR (International Forum of Independent Audit Regulators) sende til internasjonale standardsettarar innanfor revisjonsområdet.
Rettleiing
I 2022 har Finanstilsynet rettleia gjennom informasjon på finanstilsynet.no. Der er det mellom anna publisert tilsynsrapportar, vedtak og nytt regelverk og informasjon om Finanstilsynets tilsynspraksis. Finanstilsynet har også heldt foredrag på flere seminar, mellom anna i regi av Revisorforeningen.
Meir informasjon på finanstilsynet.no
- Tilsyn med revisjonsselskap
- Tilsyn med revisorar
- Tematilsyn om rekneskapsførarar og revisjonsselskap sine stadfestingar av kompensasjonsordninga frå staten for næringslivet som følgje av koronapandemien
- Tematilsyn – opptaksprosessar Euronext Growth
- Rapporten Informasjon om klimarelaterte forhold i årsrapportane
Les meir i 2022-rapporteringa
Rapporter fra andre tilsynsområder:
-
Bank og annen finansieringsvirksomhet
-
Forsikring og pensjon
-
Infrastruktur på verdipapirområdet
-
Markedsatferd i verdipapirmarkedet
-
Verdipapirforetak
-
Fond og kollektive investeringer
-
Prospektkontroll – omsettelige verdipapirer
-
Finansiell rapportering – noterte foretak
-
Rekneskapsførarverksemd
-
Eigedomsmekling
-
Inkassoverksemd
-
Internasjonalt samarbeid
-
Hvitvasking og terrorfinansiering
-
Digital finans og IT-risiko