CRD Kapital, leverage ratio, IP-losses og minstekrav til risikovekt for utlån med pant i eiendom
Publisert: 31. august 2016
Sist endret: 27. november 2024
Kapitalrapportering omfattar rapportering for kapitaldekning, leverage ratio, IP-losses og minstekrav til risikovekt for utlån med pant i eigedom (IRB).
Rapportering
CRD Kapital mv. (KRT-1072, KRT-1073, KRT-1078, KRT-1079, KRT-1082, KRT-1092 og KRT-1093)
Innhaldet i rapporteringa går fram av EBA sine tekniske standardar for rapportering og for endringsstandarden deira. Sjå sida CRD Teknisk løsning for informasjon om det tekniske rapporteringsmateriellet som føretaka skal bruke når dei rapporterer. Finanstilsynet utarbeidde tidlegare ein eigen, uoffisiell rettleiing (ikkje oppdatert etter 29.04.2020).
Rettleiinga frå EBA er oppdatert etter eksisterande rapporteringsskjema. Sjå lenka under.
Merk at det er halvårleg frekvens for rapportering av detaljert informasjon om konsoliderte selskap, verdipapirisering og operasjonell risiko (delar av skjema 6 og skjema 14 og 17 i ITS-en).
Føretaka skal rapportere «IP-losses» årleg på solo og konsolidert nivå. Berre norske filialar av utanlandske føretak (NUF) skal levere «IP-losses» i skjema KRT-1082. Andre føretak skal rapportere dette i skjema KRT-1078 og KRT-1079.
Føretak som nyttar IRB-modellen til å berekne kapitalkrav for kredittrisiko, skal rapportere minstekravet til risikovekt for utlån med pant i eigedom kvartalsvis på solo og konsolidert nivå. Dei skal nytte skjema KRT-1092 og KRT-1093.
Føretaka skal levere data som vedlegg til eit skjema i Altinn. Skjemaet ligg i innboksen til føretaket i Altinn.
Om kapitaldekning
Kapitaldekningsregelverket skal gi betre risikostyring i institusjonane og sørge for betre samsvar mellom risiko og kapital.
Om uvekta andel kjernekapital (leverage ratio)
Den uvekta andelen kjernekapital har til hensikt å fungere som sikkerheit mot for lågt berekningsgrunnlag i kapitaldekningsberekningane, og sørge for at bankane held eit minimum av kapital, sjølv ved vridning av porteføljen mot lågrisikosegment.
Om eksponeringar og tap på utlån sikra i fast eigedom (IP-losses)
Nasjonale myndigheiter skal minst årleg vurdere om risikovekter for eksponeringar som er sikra i fast eigedom, er tilstrekkelege. Risikovekter og kriterium skal gjelde alle lån som er sikra med pant i eigedom i det aktuelle landet, uavhengig av kva som er heimlandet til långivaren. Myndigheitene sine vurderingar skal vere baserte på tapserfaringar. Myndigheitene pålegg difor institusjonane å rapportere tapa innan aktuelle marknadssegment etter eit bestemt format, jf. artikkel 101 i EU-forordninga (CRR, EU No. 575/2013).
Kven skal rapportere?
Bankar, kredittføretak, finansieringsføretak, holdingselskap i finanskonsern som ikkje er forsikringskonsern. Filialar av utanlandske kredittinstitusjonar i Noreg (NUF) skal berre rapportere IP-Losses.
Kva skal føretaka rapportere?
Kapitaldekningsrapporteringa under CRD IV i Noreg vil vere i tråd med EU-standardane som følger av «Implementing Technical Standards (ITS) on Supervisory Reporting». Norske skjema for kapitaldekningsrapportering følger av Annex I og II til denne ITS-en.
Rapporteringsfrister
Kapital (kapitaldekning, leverage ratio og IP-losses) skal rapporteres på solo og konsolidert nivå kvartalsvis:
1. kvartal: 12. mai
2. kvartal: 11. august
3. kvartal: 11. november
4. kvartal: 11. februar
CRD/CRR-rapporteringen
Finanstilsynet følger gjeldende taksonomiversjon fra EBA.
Altinn brukerservice
Har du tekniske spørsmål om bruk av Altinn, ta kontakt med
Kontakt
Rapporteringsansvarlege for kapital:
E-post