Finansiell rapportering
Rapportere
Publisert: 17. august 2016
Sist endret: 21. desember 2022
Føretak som er noterte på regulert marknad med Noreg som heimstat har plikt til å offentleggjere og lagre finansiell rapportering. Finanstilsynet følger opp denne plikta. Finanstilsynet innhentar òg eigenrapportering frå føretaka.
Offentleggjering og lagring av periodisk finansiell rapportering
Oslo Børs er peika ut som offisiell lagringsmekanisme (OAM) etter EU sitt rapporteringsdirektiv. Etter verdipapirhandellova (vphl.) § 5-12 første ledd skal periodisk finansiell rapportering sendast til Oslo Børs som skal oppbevare informasjonen på ein trygg måte. Finanstilsynet gjer merksam på at den finansielle rapporten må lagrast direkte i OAM-en. Det er ikkje tilstrekkeleg å lagre ei lenke til ei anna nettside der den finansielle rapporteringa er tilgjengeleg.
Når det gjeld lovbestemt innsending av periodisk finansiell rapportering til Finanstilsynet, jf. vphl. § 5-12 andre ledd, blir lagring av opplysningane i OAM-en vurdert å oppfylle lovkrava til innsending til Finanstilsynet. Finanstilsynet vil ha tilgang til den lagra finansielle rapporteringa, og føretaka behøver dermed ikkje å sende rapporteringa separat til Finanstilsynet som nemnt, eller gi melding om dette.
Finanstilsynet gjer merksam på at dette berre gjeld innsending av årsrapport (vphl. § 5-5) og halvårsrapport (vphl. § 5-6). Anna lov- og forskriftsbestemt innsending til Finanstilsynet i samband med finansiell rapportering er ikkje omfatta, og dette må sendast til Finanstilsynet. Dette gjeld til dømes melding om at revisoren har gitt presiseringar eller teke atterhald i revisjonsrapporten (vphl. § 5-5 femte ledd).
Lovbrotsgebyr, suspensjon og stans av handel
Finanstilsynet har høve til å ilegge lovbrotsgebyr dersom føretaka ikke held fristane for å offentleggjere/lagre årsrapport, halvårsrapport og kvartalsrapportering.
Unntak frå visse rapporteringskrav for tredjelandsutskrivarar/ekvivalensvurdering
Finanstilsynet har konkludert med at visse rapporteringskrav i USA (relatert til Form 20-F) er ekvivalente til visse krav i norsk lovgiving som innlemmer rapporteringsdirektivet. Som ei følge av dette, har Finanstilsynet gitt tredjelandsutskrivarara noterte i USA og på Oslo Børs med Noreg som heimstat i EØS-området unntak frå nokre krav i årsrapporten.
Sjølv om Finanstilsynet har konkludert med ekvivalens, må utskrivarar som ønsker å nytte seg av rapporteringskrava i USA, søke om unntak til Finanstilsynet.
Rapportering
- Veiledning (01.07.2022): Periodisk finansiell rapportering – informasjon til tredjelandsutstedere (pdf)
- Krav om elektronisk rapporteringsformat for noterte foretak (ESEF)
- Revisjonsutvalgets vesentlighetsvurderinger
- Kartlegging av revisjonsutvalg
- ESMA – Informasjonsvideo om European Single Electronic Format
- ESMA – taksonomi og informasjonsvideo om European Single Electronic Format
- Egenrapportering for foretak underlagt regnskapskontroll (KRT-1003)