Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Rapportere >
Inkassoføretak

Inkassoføretak

Rapportere

Sist publisert: 20. desember 2022

Informasjon om rapportering for inkassoføretak

Om rapporteringa

Inkassoføretak rapporterer elektronisk via Altinn-portalen. Det er òg mogleg å sende inn papirbasert skjema.

Rapporteringsfristar

Tal for første halvår skal vere mottekne av Finanstilsynet innan 1. september (elektronisk rapportering) eller 15. august (papirbasert rapportering). For andre halvår er fristane 1. mars (elektronisk rapportering) og 15. februar (papirbasert rapportering).

Elektronisk rapporteringsskjema for inkassoføretak (KRT-1006)

Det elektroniske skjemaet er tilgjengeleg på føretaket si hovudside i Altinn for alle føretak som på rapporteringstidspunktet, 30. juni og/eller 31. desember, har løyve til å drive inkassoverksemd. Innlogging skjer med personnummer og PIN-kodar. PIN-kodane går fram av skattekortet og sjølvmeldinga. Det er òg mogleg å bestille eingongskodar. Etter innlogging må ein velje riktig føretak under «Rapportar for» øvst på sida.

Det elektroniske skjemaet er tilgjengeleg i Altinn éin månad før rapporteringsfristen. Skjemaet er tilgjengeleg frå 1. februar for rapportering for heile året (rapporteringsfrist 1. mars) og frå 1. august for rapportering for første halvår (rapporteringsfrist 1. september).

  • Rapporteringsskjema for selskaper som driver inkassovirksomhet (KRT-1006)

Det er innarbeidd hjelpetekstar i skjemaet som gir utfyllande informasjon om dei enkelte felta. Hjelpetekstane blir synlege ved å trykke på spørsmålsteiknet ved det aktuelle spørsmålet. 

Innlevering av rapporteringsskjema på papir

Finanstilsynet oppmodar føretak til å sende inn rapporteringsoppgåva i elektronisk form via Altinn. Dersom dette ikkje er mogleg, kan ein kontakte Finanstilsynet for å få tilsend rapporteringsskjemaet på papir.

For sikkerheitsstillarar – elektronisk innsending og opphøyr

  • Løysing for innsending/opphøyr av sikkerheitsstilling for inkassoføretak (gjeld for sikkerheitsstillarar)

Rapportering

  • Ekstraordinær rapportering av regnskapstall og utviklingen av inkassosaker (KRT-1200)

Altinn brukerservice

Har du tekniske spørsmål om bruk av Altinn, ta kontakt med 

  • Altinn brukerservice

Statistikk

  • Statistikk for inkasso

Kontakt

Har du faglege spørsmål om korleis du fyller ut skjemaet, ta kontakt med

Stein Tore Næprud

Tlf: 22 93 98 07

E-post

Meir informasjon om inkasso

  • Konsesjon
  • Tilsyn
  • Regelverk
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less